Det som tidlegare vart rekna som ein konspirasjonsteori, ser ein no utfalde seg meir og meir for kvar veke som går. Vestlege land blir overfløymde av innvandrarar frå land som det militærindustrielle komplekset har øydelagt med vilje. Målet er å destabilisere Vesten og skifte ut vestlege med meir underdanige folkeslag, som ikkje vil protestere so altfor mykje når eliten innfører sin Nye verdsorden.
Nettstaden YourNews.com skriv 17.januar 2024 at EU-kommisjonæren Ylva Johansson tilrår at ein ønskjer velkommen ein million innvandrarar kvart år i EU for å kompensere for den stadig mindre arbeidsstyrken. Dei skriv (mi omsetjing):
«Europa-kommisjonær for heimlege affærar, Ylva Johansson, har bede Den europeiske union om å ønskje velkommen ein million ekstra innvandrarar i året for å motverke den minkande arbeidsstyrken i blokka. Johansson, som tidlegare tente som arbeidsminister i Sverige, sette under ein tale i Hellas søkjelys på kor stort behov det er for ein kontrollert auke i lovleg innvandring for å handtere denne pågåande tilstrøyminga.
Johansson erkjende suksessen til lovleg innvandring, men slo fast at det ikkje er tilstrekkjeleg for å takle dei demografiske endringane i EU. Eit dokument frå Europa-kommisjonen indikerer ein årleg nedgang på rundt ein million menneske i arbeidsstyrken. Utan migrasjon kan befolkninga i arbeidsfør alder i EU falle frå 334 millionar i 2014 til 238 millionar innan 2060.
Eurostat projiserer at befolkninga i EU skal nå ein topp på 453,3 millionar i 2026, for deretter å gå ned til 447,9 millionar innan 2050, og vidare ned til 419,5 millionar innan 2100. denne nedgangen er spesielt bekymringsverdig for arbeidsstyrken på grunn av ei aldrande befolkning.
I 2023 opplevde EU ei migrasjonstilstrøyming på 3,5 millionar, inkludert meir enn 300 000 irregulære innreiser, noko som markerer ein betydeleg auke frå tidlegare år. Johansson la vekt på det å kjempe mot ulovleg innvandring og dei farlege reiserutene som er brukt av mange frå Afrika og Midtausten. Irregulære ankomstar, som nådde ein topp på over ein million i 2015, har igjen auka sidan covid-19-pandemien, og overstige 260 000 det siste året.
For å adressere dette, oppmoda Johansson medlemsstatar om å motverke irregulære ankomstar, og sette søkjelys på behovet for ein ‘global allianse’ mot smuglarnettverk. EU har plikta seg til å samarbeide om å dekkje kostnadene tilknytt det å huse migrantar, og å avgrense ankomstar via smuglarruter.
I kontrast til dette står Ungarn som ein potensiell utfordrar til desse migrasjonsplanane, der dei er einaste opponent til EU sitt ‘Blå kort’-initiativ, som har som mål å tiltrekkje seg innvandrar-arbeidskraft. Blå kort-direktivet har som mål å trekkje til seg faglærde arbeidarar utanfrå EU, og gje dei opptil fire års opphaldsløyve og moglegheita til å hente inn familiemedlemmer. Tyskland har vore vellykka i å trekkje til seg Blå kort-haldarar, men Ungarn, leia av statsminister Viktor Orban, har berre utdelt 18 Blå kort i 2022, og i staden fokusert på interne løysingar på sin mangel på arbeidskraft. Orban legg vekt på å ikkje gje utlendingar ein fordel på kostnad av ungararar, trass at han har erkjent behovet for 500 000 nye arbeidarar. For meir innsyn diskuterer Alex Jones på InfoWars effekten av ulovleg innvandring i USA.
Vegringa til Ungarn, spesielt i konteksten rundt Blå kort-initiativet, utgjer ei betydeleg hindring for EU sin migrasjonsstrategi. Det reviderte Blå kort-direktivet, innført av Europaparlamentet og nasjonale regjeringar i 2021, er laga for å gjere tilstrøyminga av faglærde arbeidarar til EU enklare. Trass dette står Ungarn si minimale utstading av Blå kort, berre 18 i 2022, i skarp kontrast til Tyskland sin suksess i å trekkje til seg desse innvandrarane.
Motstanden frå Ungarn under statsminister Viktor Orban sin leiarskap, reflekterer ei ulik tilnærming til det å adressere arbeidskraftmangel. […] Ståstaden utfordrar den vidare EU-strategien, og legg vekt på dei varierande tilnærmingsmåtane i Unionen for å takle endringar i demografien og på arbeidsmarknaden.»
Som ein avsluttande kommentar vil eg stille spørsmålet kva som eigentleg er årsaka til at EU misser ein million arbeidsdyktige i året. Kan det vere ein viss «vaksine»?
