Metabolsk massemord: Den amerikanske diabetesforeininga tilrår no at diabetikarar et MEIR SUKKER!

Det har i over 100 år blitt utkjempa ein kamp mot skulemedisin og alternativ medisin, mellom ei allopatisk og ei naturpatisk tilnærming til behandling og førebygging av sjukdommar. «Allopatisk» viser til Big Pharma si haldning til sjukdommar, der medisin er sett på som ein mirakelkur mot alle sjukdommar, òg dei som sjølve medisinane har skapt. «Naturopatisk» viser til naturmidlar og alternative tiltak ein sjølv kan setje i verk for å behandle eller førebyggje sjukdommar. Ein fornuftig lege – som i dag diverre er eit sjeldan syn – vil forsøke ei holistisk tilnærming, der han ordinerer behandling som er skreddarsydd pasienten, ikkje ei medisinsk «behandling» som blir diktert av den grådige legemiddelnæringa.

Diabetes er det perfekte dømet på ein helsetilstand der skulemedisin gjer vondt verre. Ein har type 1-diabetes, som er ein autoimmun sjukdom der bukspyttkjertelen ikkje lenger greier å produsere insulin, som er hormonet kroppen bruker for å frakte sukker frå blodet (der det ikkje gjer nytte for seg) inn i cellene (der det blir brukt til energi). Utan insulin blir ikkje sukkeret frakta inn i cellene, men driv og flyt rundt i blodet, der det på lang sikt kan skade kapillær, nervar og til slutt vev. Type 1-diabetes er rekna som ein alvorleg sjukdom. Type 2-diabetes er ikkje fullt so alvorleg. Der greier bukspyttkjertelen å produsere insulin, men insulinet har ikkje lenger so god verknad på å få ned blodsukkeret. Dette blir kalla insulinresistens. Kroppen sin insulin-sensitivitet har blitt redusert som ei følgje av for mykje sukker over for lang tid, som regel kombinert med lite fysisk aktivitet. Ikkje alt sukkeret blir frakta inn i cellene, men noko blir i meir eller mindre grad liggjande igjen og flyte i blodet. Resultatet ved begge diabetes-typane er unormalt høgt blodsukker over lengre tid, som til slutt fører til skade på alle organa i kroppen.

Ei allopatisk tilnærming til diabetes blir å tilføre kroppen insulin utanfrå, medan pasienten held fram med å ete eit kosthald med mykje karbohydrat. Karbohydrat er det same som sukker, same om ein finn det i ein sjokolade eller i ei skive med grovbrød. Insulin er eit feittlagrande hormon, slik at eit karbohydratrikt kosthald uunngåeleg vil føre til overvekt. Dei som set insulin på same staden i magen, vil til slutt få ein feittklump på injeksjonsstaden på grunn av dei feittlagrande eigenskapane til insulin. Der finst to typar insulin: langtidsverkande (som regel selt under merkenamn som Insulatard) og rasktverkande (selt under merkenamn som Novorapid). Om insulin verkar langsamt eller raskt, vil ein i mange tilfelle kunne sjå i sjølve merkenamnet (-tard har med retarded, eigentleg «treg» å gjere, -rapidhar med rapid «rask» å gjere). Ein pasient med insulinkrevjande diabetes må stikke seg i fingrane fleire gonger for dag for å måle blodsukker, for deretter å stikke seg i magen med ei insulinsprøyte fleire gonger for dag dersom blodsukkeret er over eit visst nivå. Somme får installert insulinpumpe.

Ei naturopatisk tilnærming til diabetes blir å ete eit kosthald med lite eller ingen karbohydrat. Protein og feitt utløyser ikkje insulin i same grad som karbohydrat, og feitt tilfører kroppen langt meir næring per eining enn karbohydrat gjer. Eit lågkarbokosthald vil normalisere diabetisk blodsukkernivå, noko fleire fastlegar ein tanke forbløffa har konstatert hjå pasientar som har «kurert» sin tidlegare medisinkrevjande diabetes. Kosthald og livsstilsendringar er nok til å forbetre type 2-diabetes, men ei tilsvarande ikkje-medisinsk behandling bør berre gjerast i samråd med ein ekspert når det gjeld type 1, som ikkje er ein livsstilssjukdom, men ein autoimmun sjukdom. Her kjem den holistiske tilnærminga inn i biletet.

No når lesaren har fått denne lyninnføringa i diabetes, er det på tide å gå over til det eigentlege temaet i denne artikkelen. Ethan Huff skriv 16.januar 2024 på Natural News (mi omsetjing):

«Eit av dei nyaste stykka med bisarr ‘feittaksept’-propaganda som kjem frå etablissementet, er ei oppskrift på ‘sweet and sour’-argurkar frå Den amerikanske diabetesforeininga [American Diabetes Association] (ADA), som oppmodar diabetikarar til å leggje til heile 60 gram prosessert sukker til sine allereie fermenterte sylteagurkar.»

At ei diabetesforeining oppmodar diabetespasientar til å ete rikeleg av det einaste makronæringsstoffet dei ikkje toler, er mildt sagt kritikkverdig. Ben Bartee i Armageddon Prose kallar oppskrifta for bortimot kriminell. Folk med diabetes burde halde seg langt unna sukker i kvar ei form. Bartee skriv:

«Diabetikarar burde alle, utan unntak, på ubestemt tid fram til deira metabolske dysfunksjon har løyst seg og fram til insulinsensitiviteten blir gjenoppretta, anten vere på ketogene [diettar utan karbohydrat, men med mykje feitt; oms.an.] eller ekstreme lågkarbo-diettar. For dei metabolsk kompromitterte er sukker gift, og desto meir når det blir prosessert og ikkje filtrert gjennom fiber.»

Her vil eg skyte inn at fiber seinkar opptaket av sukker i cellene, slik at det lågnar blodsukkeret ein tanke. Å ete reint sukker er difor det dummaste ein diabetikar kan gjere.

Huff skriv:

«Dersom ADA hadde som mål å faktisk kurere diabetes, kunne dei ha kome med nyttig informasjon om korleis ein reverserer den gjennom diett og sjølvdisiplin. I staden driv organisasjonen og pushar sukker på diabetikarar, noko som er ein dødsdom.

‘Men då, dersom diabetikarar plutseleg oppdaga si eiga makt til å kurere seg sjølve, ville leiarane i ADA […] kanskje bli tvinga til å utføre eit ærleg dagsverk,’ seier Bartee. ‘Og noko slikt ville dei aldri lyde etter.’»

Den galskapen det er å fortelje diabetikarar at det er greitt å ete sukker, meiner Huff kan kome av at det har blitt akseptert å vere feit i USA. Ikkje nokre kilo for mykje i overvekt, men dødeleg overvektig, slik vi såg i vekeblad som Se & Hør tilbake på 90-talet. Folk som hadde blitt so bælfeite at dei måtte få hjelp av gaffeltruckar og heisekranar når dei skulle ut av huset. Huff skriv:

«Å fråråde sukkerinntak på grunn av den metabolske skaden det forårsakar, so vel som vektauke, vil vere ‘feitt-fobisk’, som truleg er grunnen til at ADA driv og pushar mengder av sukker på diabetikarar.

Sjå berre på eit nyleg ‘FatCon’-arrangement der svære folk samla seg for å emosjonelt støtte kvarandre i eit eller anna opplegg for feitt-aksept. Dei mennesketypane som samla seg på FatCon ønskjer å bli fortalde at det å vere feit er vakkert og normalt, og at kroppane deira framleis er friske.

ADA ser ut til å ha omfamna den same kjensla, eller i det minste trur organisasjonen at diabetikarar treng å endre dietten sin på nokon måte for at sjukdommen deira skal bli betre.

Ein annan ting å tenkje på er det faktum at ADA-tilrådinga om at diabetikarar burde ete meir sukker, vart betalt for av eit selskap som profitterer på å behandle nyrepasientar i sitt digre nettverk av nyresenter. [Nyreproblem er òg ein komplikasjon av diabetes; oms.komm.]

‘Denne tvilsame tilrådinga at diabetikarar skal ete sukker, vart betalt for av DaVita Corp, som leiar nyresenter,’ skreiv legen dr. Robert Lufkin på Twitter. ‘Den leiande årsaka til nyresvikt er… diabetes.’»

Stadig fleire i Vesten får demensdiagnose, som til dømes Alzheimer. Sjukdommen, som skuldast opphoping av plakk i hjernen som drep nerveceller, blir av somme kalla «diabetes type 3». Avslutningsvis står det i artikkelen:

«Ein annan [lesar] skreiv [i kommentarfeltet] at ADA si oppskrift på agurkar ikkje er ei overrasking, fordi Alzheimer-foreininga i USA [Alzheimer’s Association] gjer nøyaktig den same tingen ved å tilrå at demenspasientar et frøolje, som er høgst betennelsesskapande og giftig av natur.»

Lågkarbokosthald (og det meir ekstreme ketogene kosthaldet) har blitt snakka ned av Big Pharma og spesielt sukkerindustrien i fleire tiår. Det er ikkje i deira interesse at folk greier å halde seg friske gjennom å ete sunt og vere fysisk og mentalt aktive. Dei vil ha folk sjuke og nesten døde, slik at dei håvar inn pengar i bøtter og spann ved hjelp av sine dyre, patentbeskytta legemiddel.

Som ein historisk kuriositet vart type 1-diabetespasientar behandla med ein diett av spekk og agurk før kunstig insulin vart oppfunne. Dei fleste overlevde ikkje barndommen. Type 2-diabetes var so godt som ukjent i gamle dagar. Ketogen diett vart opphavleg brukt for å behandle alvorleg epilepsi. Då legemiddel mot epilepsi vart utvikla, gjekk dei fleste vekk frå å kosthaldsbehandle epilepsi. Sjølv moderne epilepsi-medisinar fritek som regel ikkje pasienten frå anfall. Diabetes er del av det sokalla metabolske syndrom, ein risikotilstand for ei rekkje sjukdommar som ein berre finn i vestlege, industrialiserte samfunn. I lag med diabetes inkluderer dette hjarte- og karsjukdommar, dei fleste krefttypar og demens. Alle desse sjukdommane kjem av feil kosthald. Tygg litt på den, folkens.

Kommenter innlegget