«Mister Plogen» er i ekstase i snøkaoset: «Dette er slikt eg drøymer våte draumar om!»

Det er for tida snøkaos i mesteparten av Sør-Noreg, og ei viss gruppe menn er i sjuande himmel over dette – nemleg hageservice-mennene, som om vinteren utfører vintervedlikehald av private vegar. Som faste lesarar av Saksyndig veit, tek desse mennene ikkje alltid betalt berre i pengar, for å seie det slik. Målgruppa deira er åleinemødrer og enkjefruer, som ikkje alltid har so grøne fingrar eller tilgang på snøspadar eller strøsand. Hage- og plogmennene, som eg kollektivt kallar «Mister Hagen» eller «Mister Plogen», alt etter sesongen, ser ikkje sjølv det etisk tvilsame i det dei gjer – for dei utnyttar jo berre ein nisje i samfunnet til å tene gode pengar. Dette får tragiske konsekvensar for dei tafatte, hjelpelause offera.

Som sagt lavar snøen ned i episke mengder, og samfunnet ligg på sotteseng fordi det openbert er fyrste gong det snør i det tidlegare demokratiet Noreg. Plogmennene jobbar døgnet rundt, og det å pløye medan snøen fell tett vil nok dei aller fleste karakterisere som eit sisyfosarbeid. Desse perverse svina elskar det derimot, for då får dei langt meir «action» hjå kundane enn dei ville ha fått under normale vinteromstende. Medan byrjinga av desember såg heilsvart ut, er midten av januar som henta frå sjølvaste Paradis for denne gjengen (sjølv om eg tviler sterkt på at nokon av dei kjem dit!).

Ein plogmann, her kalla «Henrik» (28), sørvar ein «region» ute i Hordvik nord i Bergen i nærleiken av Nordhordlandsbrua. Saksyndig møter han på den lokale Kiwi-butikken ute på Hylkje nokre kilometer frå området. Terrenget i Hordvik er særs bratt og med mange bratte, private sidevegar. Sjølv den sokalla «hovudvegen» er smal, svingete og bratt. Han registrerer at lokalbussen har store problem med å kome seg fram i desse dagar, der det digre køyretøyet sklir, spinn og kjempar seg i veg bortetter det særs kuperte terrenget. Denne veka (veke 3) har han jobba so å seie døgnet rundt. Han er sambuar med ei 26 år gammal kvinne som jobbar som helsefagarbeidar i Steinestø bufellesskap, ein «landsby» med kommunale leilegheiter for psykisk utviklingshemma som ligg i området. På grunn av ekstrem personalmangel, jobbar ho kvar dag, ofte dobbeltvakter – no i det siste har ho måtte overnatte på grunn av elendig føre. Ei slik ordning passar Henrik perfekt, sidan han aldri har energi til overs for ho når han ein sjeldan gong er heime.

«Eg bur bokstavleg tala i firmabilen min no,» seier han til Saksyndig med eit glis som omtrent er breiare enn trynet hans. Han slurpar ivrig frå ein termos med kaffi og ein boks energidrikk. – «No har eg nettopp besøkt ei 23 år gammal tobarnsmor som bur i det som truleg er den brattaste bakken i området. Eg pulte ho bakfrå so det rista i veggane på det 100 år gamle, trekkfulle huset. Før det besøkte eg ei halvdement enkjefrue i nabohuset. Der måtte eg faktisk bruke spade og snøfresar for å bore meg gjennom den to meter høge snøskavlen. Dette synest eg er skandaløst. Eg meiner, folk tenkjer jo berre på seg sjølv! Kor er samfunnsånda? Tenk å late dei eldre bli innesnødde på denne måten, det er helt sløkket

På samtaletidspunktet har Henrik etter eiga utsegn vore heime hjå 14 innesnødde kundar i Hordvik-området, og fått seksuelle tenester frå dei alle. Som lesaren sikkert veit, slår Mister Hagen/mister Plogen av 50% på prisen dersom kunden gjev dei seksuelle tenester. Modus operandi er å ta åleinemødrer bakfrå hardt og nådelaust, og late enkjefruer suge dei. Samleie med gamle kjerringar er både utrygt og ubehageleg – og Saksyndig vel å tru på han!

«Media driv og gaular om at snøkaoset øydelegg samfunnet og bryt den sosiale kontrakten styresmaktene har med folket.» Henrik flirer hånleg og himlar med auga. – «Det pratet kan dei ha for seg sjølve. Eg er i himmelen! Det er slikt eg drøymer våte draumar om! Måtte snøen lave ned til langt ut i april!»

Saksyndig er glad på Henrik sine vegner, men spør om han nokosinne ikkje klarer å krevje inn «betaling» frå kundane når det er slikt eit press på plogmenn. 14 orgasmar på éin dag høyrest nesten urealistisk mykje ut for ein stakkars, dødeleg mann.

«Eg har alltid hatt innkrevjingsevne som er langt over snittet,» seier han med eit skummelt flir. Deretter ser han på jobbtelefonen og smiler frå øyre til øyre. – «Hehe, no får eg melding frå Henrikke, ei av åleinemødrene mine, at tilkomstvegen hennar er heilt nedsnødd igjen. Eg var der for knapt to timar sidan. Det er ho med den digre deigræva som eg elskar å klapse på medan eg tek ho.» Han hiv i seg siste slurk av boksen med energidrikk. – «Eg må snart fylle opp lageret mitt av glidemiddel. Vel… Plikta kallar, som dei seier. So long, Saksyndig!»

Han køyrer av garde – med visse vanskar – på det katastrofale nullføret. På busstoppa på begge sider av E-39 står forfrosne folkeskarar og ventar på bussar som truleg står og spinn i ein eller annan bakke. Sjølv greier eg med naud og neppe å skli, spinne og skumple meg opp den vesle bakken frå butikken og ut på hovudvegen.

Brøytebilsjåførar får mykje kjeft når det er dårleg føre ute – nett som det er deira skuld at det snør 40 centimeter på eit døgn. Eg meiner vagt å erindre at ein brøytebilsjåfør i Sandefjord tilbydde hjullastar-sertifikat og fast stilling som brøytebilsjåfør til den største grinebitaren på ei lokal Facebook-side der det hadde kome inn mykje klagar på brøytinga i området. Det er i artikkelen uvisst om det gjeld offentlege eller private vegar.

Ifølgje plogmenn som Saksyndig har vore i kontakt med, har so langt ingen av kundane deira klaga på brøytinga! Dette er vel eit av dei døma som beviser at det er betre å jobbe i privat sektor enn i offentleg…

Kommenter innlegget