Norsk-politisk ordbok: Slik lurer politikarane og media oss med tullprat

Det er ei kjent sak at politikarar og andre offentlege maktpersonar er meistrar i å lire av seg svada i form av pretensiøst tåkeprat, grammatiske gymnastikkøvingar og anna toskeprat som blir brukt som ein retorisk teknikk for å fråskrive seg alt ansvar. Tor Guttorm Syvertsen fekk 14.januar 2024 publisert eit innlegg på nettstaden TrønderRød som etter mitt syn verkeleg treffer spikaren på hovudet. Eg har omarbeidd denne «ordlista» slik at den er i samsvar med Saksyndig si nynorske språkdrakt. Den politiske floskelen står fyrst, og =-teiknet viser til den eigentlege meininga.

Desperate roturar

«Eg føler meg ganske komfortabel med dette» = «Dette tykkjer eg er noko tøys, men det torer eg ikkje å seie»

«Her har vi eit forbetringspotensial» = «Vi gjer det ganske elendig»

«Slikt skal ikkje skje viss rutinane våre blir følgde» = «Her er det ingen som tek ansvar»

«Det har skjedd ein glepp i kvalitetssikringa» = «Vi har inga peiling på kva vi driv med»

«Det er for meg uforståeleg at noko slikt kunne skje» = «Eg er for dum og lat til å prøve å setje meg inn i dette»

«Dette kjem av ein systemsvikt» = «Vi vil ikkje gjere noko som helst»

«Eg garanterer at arbeidsplassane er trygge» = «Eg ventar på ein sjanse til å leggje ned heile skiten»

«Vi har eit stort potensiale» = «Det er for mange her som ikkje jobbar»

«Vi har sett i gang ein prosess» = «Det er sendt eit byråkratisk rundskriv»

«Vi er alle i same båt» = «Ro no, galeislavar!»

«Det blir jobba på spreng» = «Småprat med kaffi og wienerbrød»

Politikk og teknikk

«Vår humanitære innsats (i Afghanistan)» = «Vår krig for USA i Afghanistan»

«Vi er i ferd med å få eit innsatsforsvar (Grete Faremo)» = «Vi er alltid klare til åtakskrig for USA»

«… dette må vi diskutere med våre allierte (Jonas Gahr Støre)» = «Dette vil USA bestemme»

Deretter kjem ei ordliste med moderne politikar-ord:

Elsparkesykkel = motorståsykkel

Elsykkel = motorsykkel med elektromotor

Elbil = monsterbil med elektromotor

Helsedirektoratet = sjukdoms- og medikamentdirektoratet

Og til slutt, sokalla «medieblåseri», at media overdriv eller tilskriv feil årsaker til fenomen:

Trugselsituasjon = krangel

Vanskelege køyreforhold = manglande brøyting/uansvarleg sjåfør

Trikkeinfrastruktur = trikkeskinner

Forfattaren av det opphavlege, bokmålsspråklege innlegget, Tor Guttorm Syvertsen, skildrar seg sjølv som «observant pensjonist» og «radikal raring».

Kommenter innlegget