I juni 2023 vedtok Kongressen i USA i all stillheit eit stykke lovverk ved namn House Resolution 3832, òg kjent som Disease X Act av 2023. Denne «Sjukdom X», som blir referert i nemnde lovverk, var «tilfeldigvis» òg tema under eit møte i World Economic Forum (WEF) som fann stad 17.januar 2024. Veit dei noko dei ikkje vil fortelje? Dette rapporterer Ethan Huff i Natural News. Han skriv vidare (mi omsetjing):
«På WEF-møtet vart det diskutert at Sjukdom X ‘kunne ha 20 gonger fleire dødsfall enn covid’. Vi veit òg at snakk om Sjukdom X starta so langt tilbake som 2018 då WEF nemnde den i ein artikkel.
Det vi mest sannsynleg er vitne til med denne nye avsløringa, er at scena blir gjort klar for nok ein runde med covid-liknande nedstengingar, munnbindpåbod og kva som helst anna som den rådande makta kastar på verda so fort dei slepper laus sitt neste i forkant planlagde biovåpen, kjent som Sjukdom X.
Du kan sjekke ut innhaldet i Disease Act X av 2023 på denne linken. […]
Kort fortalt avslører Disease X Act av 2023 planar om å etablere eit nytt program i BARDA (Biomedical Advanced Research and Development Authority [«autoritet for biomedisinsk, avansert forsking og utvikling»]) for å utvikle medisinske mottiltak for kvar ein slags framtidig virustrugsel som har pandemi-potensiale. Med andre ord er fleire covid-ar på veg.
Lovverket er bevisst vagt, som heilt sikkert ikkje er utilsikta. Vagt lovverk har tendens til å bli vidtrekkjande i sitt omfang so fort det blir sett i verk, noko som tydar at alvorlegheita av føremålet sannsynlegvis er vid og langtrekkjande.
Ein reportasje frå UnHerd som dekte det som fann stad på WEF-møtet om Sjukdom X, skildra det som vart diskutert der som ‘bekymringsverdig’, og skreiv at det viser ‘teikn på fortgangen i teknokratiske tendensar i pandemiberedskap, som berre har konsolidert sidan covid.’
Det paneldebatt-liknande møtet opna med ei erklæring frå WHO-generaldirektør Tedros Adhanom Ghebreyesus, som prøvde å klargjere all ‘feilinformasjonen’ om sjølve panelet, og at sokalla feilinformasjon er global-trugsel nummer éin akkurat no, ifølgje WEF sin Global Risks Report 2024.
(Sjå òg «Martin Armstrong: World Economic Forum er den største trugselen mot menneskeheita», publisert 23.januar 2024.)
Ghebreyesus insisterte at ingen burde uroe seg for Sjukdom X, som rett og slett er eit samlenamn for framtidige biologiske trugslar. Han heldt fram med å bable om å styrke helseomsorg og utdanning og støtte samfunn i det dei førebur seg på ein komande Sjukdom X-pandemi.
Berre éin gong nemnde nokon i panelet i det heile teke nedstenging, og det kom frå ein helseleiar frå India ved namn Preetha Reddy, som tilrådde at den neste pandemi-responsen burde ta til seg korleis hæren opererer.
‘Når som helst kan kva som helst skje, og vi veit ikkje kva side det kan kome frå,’ sa ho.
‘Uheldigvis er fokuset på Sjukdom X ein indikator på eit vidare fenomen: framveksten av vår nye biomedisinske tryggleiksstat, best representert av den teknokratiske styringsstrukturen som var pådrivar for naudlover under nedstenging, munnbind- og vaksinepåbod, karantene, skulestengingar og sensur,’ rapporterte UnHerd om WEF-møtet.
‘Dette er vove saman med det semantiske opphavet til Sjukdom X, som vart døypt i WHO sin R&D Blueprint i 2017 for å hjelpe til å prioritere forsking og utvikling spesifikt for vaksinar, behandlingar og testar. Det har sidan blitt ei fundamental drivkraft for framvekst og spreiing av offentleg-private partnarskapar (PPP) i den globale pandemi-beredskapsindustrien.’
I tillegg til å vere eit samlenamn for framtidige trugslar, er Sjukdom X òg ein utløysar for å forvandle den framtidige helseresponsen til noko som er dominert av konsern-, teknologi- og statleg makt, heller enn individuell fridom.»
