Sjå òg «Bondedemonstrasjonar fører den tyske regjeringa nærare kollaps», publisert 18.januar 2024.
I likskap med Tyskland, har òg bøndene i Frankrike fått nok av å bli utbytta av ein stadig meir dysfunksjonell stat. No melder ReMix News at der går føre seg bondedemonstrasjonar i Occitanie-regionen i Sør-Frankrike. Per 21.januar har A64-motorvegen nær byen Tolouse vore stengt i fire dagar. Nettstaden skriv (mi omsetjing):
«Bøndene har visstnok òg planar om å installere ei vegsperring på ein annan ikkje nemnt veg i regionen. Dei siste månadene har bønder i Occitanie-regionen intensivert forsøka sine på å få regjeringa til å straks utdele vesentleg støtte, spesielt på grunn av aukande drivstoffprisar og ein kvegsjukdom som har råka bøndene hardt. Bøndene krev òg ein vasspolitikk som favoriserer vatning av avlingar.
I Carbonne, rundt 45 kilometer sørvest for Toulouse, held demonstrantar framleis vakt over ein provisorisk leir som er installert på motorvegen til Bayonne.»
Som The Vigilant Fox skriv i eit X-innlegg 18.januar:
«Utruleg. Franske bønder har no laga ein blokade på A64-motorvegen nær Tolouse.
I likskap med sine tyske motstykke, er franske bønder òg lei av øydeleggjande globalist-politikk i kampen mot klimaendringa sitt namn.
Tidlegare denne veka dumpa franske bønder meir enn hundre vognlass med møk og skit i protest. No gjer dei dette. Støttar de bøndene?»
Vidare skriv ReMix News:
«På eit møte som varte nesten tre timar laurdag ettermiddag [20.januar], mislykkast prefekten i Occitanie, Pierre-André Durand, og fem representantar frå bondesamfunnet å kome til ei avgjerd om å heve blokaden, til Pierre-André Durand sin ‘anger’.
Ei vegsperring var òg venta å kome opp i ei rundkøyring i Tarascon-sur-Ariège på sundag klokka 14.
‘Store trafikkproblem er venta i begge retningar,’ åtvara prefekten i departementet. Den største landbruksfagforeininga i Frankrike, FNSEA, vurderer landsdekkjande demonstrasjonar dei komande vekene, sa ein talsperson fredag [19.januar], noko som potensielt vidarefører handlingane til bønder i den sørvestlege delen av landet som blokkerte ein motorveg og kasta møk på offentlege bygningar.
Slik som deira tyske motstykke, som utførde ein massiv demonstrasjon sist helg, der traktorar køyrde til Berlin frå alle krokar av landet, protesterer franske bønder hovudsakleg mot skattar og statlege restriksjonar.»
Som James Melville skriv på X:
«Demonstrerande bønder i Toulouse held ikkje tilbake når dei viser misnøya si mot den franske regjeringa. Du køddar med ein fransk bonde på eige ansvar.»
