Førre veke (veke 3) samla verdas sjølverklærte herskarklasse seg i Davos, der mesteparten av dei flaug dit med privatfly. Eit gjennomgangstema var «Sjukdom X», som er eit samlenamn på framtidige biologiske trugslar. Mellom anna har Sjukdom X blitt spådd ei dødelegheit som er tjue gonger høgare enn covid – og her kan ein gjerne stille spørsmålet korleis dei veit dødelegheita til ein sjukdom som enno ikkje er blitt oppdaga. Folk flest tenkjer ikkje i dei banar i våre tunge, kaotiske tider, og lèt seg skremme – då står det store fleirtalet klare til underkasting når den neste runden med nedstengingar, munnbind, vaksinetvang og sensur kjem.
Sjølve omgrepet Sjukdom X vart fyrste gong brukt av Verdas helseorganisasjon (WHO) tilbake i 2018, altso før koronaprosjektet vart igangsett. Dei definerte – i orda til NewsTarget frå ein artikkel publisert 19.januar 2024 (mi omsetjing) – «ein ‘ukjend’, hypotetisk sjukdom som potensielt kan drepe millionar. Denne hypotetiske sjukdommen vart lagt til ei liste av patogen som har fekk topprioritet for forsking i 2017 – eit år før den fekk sitt noverande namn.»
So… WHO la altso Sjukdom X til ei liste av patogen som skal gjevast topprioritet for forsking eit heilt år før dei gav namn til sjukdommen. Spørsmåla strøymer på so eg knapt kan ande. Igjen… Korleis visste dei?
Andre sjukdommar som er på lista over WHO sine «prioriterte» sjukdommar er SARS, Ebola og Zika. Sistnemnde skapte frykt i mellom anna Brasil tilbake i 2009-2010 då det vart fødd babyar med mangelfullt utvikla hjernar og sokalla mikrohovud.
På samlinga si var dei som diskuterte WEF mellom anna WHO-generaldirektør Tedros Adhanom Ghebreyesus, den brasilianske helseministeren Nisi Trinidade Lima og styreleiar i AstraZeneca Michel Demare. Elles var adm.dir. i Pfizer og OpenAI Sam Altman der og diskuterte kunstig intelligens. Til stade var òg – ikkje overraskande – Bill Gates. USA si spesialutsending for klima John Kerry var der og snakka om «klimaendrings»-agendaen. WEF-leiar Klaus Schwab hadde ein samtale med Li Qiang, statsminister i Kina.
I artikkelen «Why is the WEF and Everyone Else Suddenly Talking About ‘Disease X’?» skriv Michael Snyder at det i England vart oppretta ein fasilitet for å utføre «vaksineforsking» rundt Sjukdom X:
«Ifølgje Snyder er fasiliteten å finne på det hemmelegheitsfulle Porten Down vitskaps- og teknologicampus i Wiltshire, England. Han la til at området er best kjent for forsking på kjemisk og biologisk krigføring.
‘Eg har inga aning om korleis dei kan utføre ‘forsking’ på ein fullstendig ‘ukjend’ sjukdom, men det er tydelegvis det dei har som intensjon å gjere,’ skreiv Snyder. ‘I staden for å jage spøkjelse, burde leiarane våre kanskje fokusere på å reparere det som allereie er øydelagt.’
Han siterte ein studie publisert i Journal of the American Medical Association, som gjekk gjennom journalar frå nesten 2500 pasientar på 29 ulike amerikanske sjukehus frå året 2019. alle pasientane som vart transporterte til akuttmottaket, døydde medan dei var sjukehusinnlagt, eller begge.
‘Der finst reelle problem som helsetoppane burde fokusere på. Der finst reelle sjukdommar, som har spreidd seg over heile landet dei siste månadene. Men i staden vår å adressere våre presserande behov, vil no mange helsetoppar at vi skal førebu oss på ‘Sjukdom X’, som kjem til å materialisere seg eller ikkje.’»
Eliten er kjent for å snakke om planane sine i full offentlegheit før dei set dei i verk, vel vetande om at folk flest ikkje høyrer på dei eller ikkje trur på dei. Mange er so naive at dei aldri i sine villaste fantasiar kan førestille seg at eliten er ute etter å utrydde dei. Dei vil nok få si fæle oppvakning i næraste framtid.
