Hykleri på global-elitenivå: WEF hevdar feilinformasjon er verste trugsel for samfunnet, men spreier det overalt sjølv

Våre fiendar i World Economic Forum (WEF), som ønskjer intenst å utrydde mesteparten av oss, har nyleg identifisert «feilinformasjon» som fare nummer éin for samfunnet. Dette skreiv dei i rapporten som har tittelen Global Risks Report 2024. Der hevdar dei:

«Feilinformasjon og desinformasjon, som har dukka opp som dei mest alvorlege globale risikoane som ein forventar dei neste to åra, vil bli brukt av utanlandske og innanlandske aktørar for å forverre splitting innan samfunn og politikk.»

Covid har no gått over i historia som ein gedigen fiasko, der leiarar på alle nivå innførde totalitær og menneskefiendtleg politikk slik som nedstengingar, stengingar av føretak som vart vurdert som «ikkje-essensielle», vaksinepåbod, føringar på kor mange som kunne samle seg i private heimar (vi gløymer det aldri, tidlegare byrådsleiar i Bergen, Roger Valhammer!), tvinga munnbindbruk og sosial avstand. Alle dei som åtvara om dette overgrepet, møtte strenge og hjarterå reaksjonar i form av tap, karriere og rykte. Nemninga «konspirasjonsteoretikar» sat særs laust og låg på alle dei indoktrinerte sauene sine lepper.

Men no lysnar og losnar ting. Sjølv i autoritetstru og underdanige Noreg har vaksineskadde no samla seg for å få erstatning frå Staten, og hovudstraumsmedia (som var heilt sentrale i å spreie løgner og feilinformasjon frå sine herrar og meistrar), har til og med byrja å gje dei merksemd. Det skulle nesten berre mangle. Skandalen er eit faktum, og dette får svineinfluensa-skandalen frå 2009 til å bleikne i forhold.

Visse mektige krefter prøvde ustanseleg og ubønhøyrleg å øydeleggje liva til dei som spreidde sanninga, ved å ta frå dei jobb, inntekt og til og med tilgang til eigne bankkontoar. Mange døydde til og med under mystiske omstende, noko visse vondsinna aktørar i media fryda seg over. (Ikke nevnt, ikke glemt… Vi hugsar alle kven de er.)

Inversjon, å snu ord sine meiningar på hovudet, har vore ein velbrukt teknikk for å latterleggjere dei som har tala «Mister Global» imot. Feilinformasjon er ikkje anna enn eit kodeord for sanning. Påstanden om at dei som spreier feilinformasjon er ein fare for samfunnet, er eg heilt einig i, for det er nemleg global-eliten som spreier feilinformasjon. Deira godt betalte disiplar innan media og politikk har formidla feilinformasjon og desinformasjon i eit slikt omfang og ein slik intensitet at liv har gått tapt.

Slik som til dømes Ingeborg Senneset. (Nevnt, men aldri glemt.)

For å omsetje litt frå ein nyleg Natural News-artikkel:

«Under pandemien var hovudstraumsmedia særs nøgne med å repetere forteljinga om at covid-19-vaksinar var trygge, effektive og nyttige. Sidan Big Pharma sponsar so mange nyheitsformidlarar innan hovudstraumsmedia og [sosialmedie-]nettverk, hadde dei eigentleg ikkje noko val.

Det inga hemmelegheit at sosiale media spelte med òg, gjennom å framheve innlegg som hevda at vaksinane ikkje var farlege, medan dei grov ned innlegg av dei som prøvde å åtvare om biverknader, eller rett og slett delte historiene sine om negative utfall i håp om å hjelpe andre og unngå ein liknande lagnad.

No, takka vere denne innsatsen, slit vi med ein auke i unge som døyr plutseleg, får hjarteproblem, kreft og andre helseproblem i hittil usett omfang, og tallause menneske lid av alvorlege psykiske helseproblem etter å ha blitt tvinga til nedstengingar, isolasjon, sosial avstand, skulestengingar og all inflasjonen og finansielle nedfallet av desse særs ukloke tiltaka. […]

Mange i uavhengige media treng ikkje å svare til konsern-sponsorar, og gjorde sitt beste for å åtvare amerikanarar om farane ved alle desse tiltaka og den statlege overstyringa dei førde med seg. Dette førde berre til gjengjelding frå dei med makta, der skuldingar om ‘feilinformasjon’ og kallenamn som vart kasta på alle som fortalde sanninga. Dei som nekta å gje etter for trugslar og heldt fram med å gjenta sanninga til folket, stod overfor bannlysing, tap av inntektskjelder, trakassering og demonisering, og mange slit framleis med å kome seg på beina igjen.

No har det blitt tydeleg at dei verkelege spreiarane av feilinformasjon var medieformidlarar i hovudstraumsmedia. Sjølv dei største vaksine-forsvararane insisterer ikkje lenger på at desse sprøytene gjer noko som helst for å stoppe spreiinga av sjukdommen, sjølv om ingen har bede om orsaking til dei som miste jobbane sine, eller vart behandla som ein fare for folkehelsa fordi dei ikkje ville utsetje kroppane sine for desse eksperimentelle sprøytene. Sjølv dr. Anthony Fauci, ein av dei største spreiarane av feilinformasjon, har vedgått at sosial avstand eigentleg ikkje var mogleg. […]

(Sjå òg «Fauci om den uvitskaplege regelen om sosial avstand: ‘Den berre dukka opp, so å seie’», publisert 15.januar 2024.)

Uheldigvis, i og med at World Economic Forum går etter ‘feilinformasjon’ med fornya glød og iver, kjem vi til å sjå endå meir av denne åtferda. Det er ikkje overraskande, med tanke på at målet deira er å kontrollere det globale samfunnet. Under påskot av å stoppe farleg feilinformasjon, prøver dei å egge styresmakter til å kontrollere forteljinga og stilne dei som deler informasjon som går mot deira interesser, slik at dei kan gå vidare med sine planar om global dominans.»

De som har vore på feil side av historia vil få dykkar straff. Ver de sikre. Oppgjeret ventar på dykk.

Kommenter innlegget