Gjengen i World Economic Forum (WEF) drakk nok sterkare saker enn berre kaffi under førre vekes konferanse i Davos – den konklusjonen kan ein trygt trekkje når ein ser alle dei absurde ytringane dei lira av seg der. Det kanskje mest komiske verbale sprellet deira var ein påstand som vil få mange til å setje morgonkaffien i vrangstrupen:
World Economic Forum har erklært krig mot kaffi, og erklært at kaffidrikkarar over heile verda forårsakar «global koking» og må stoppast for ein kvar pris!
Dette er ikkje noko eg diktar opp, diverre. So god fantasi har eg ikkje. Det grøne skiftet er ein diabolsk agenda som vil utslette den menneskelege sivilisasjonen for å «redde» klimaet, og dei har difor i årevis ført krig mot privatbilen. No har dei òg retta seg mot kaffi, det som får samfunnet til å gå rundt. Utan kaffi stoppar iallfall Noreg. Utan bilar òg, for den saks skuld.
Nettstaden The People’s Voice skriv (mi omsetjing):
«Ifølgje World Economic Forum sin agenda-kontributør [eg vil ikkje ein gong vete kva det er!], Hubert Keller, ‘slepper kaffien vi alle drikk ut mellom 15 og 20 tonn CO2 per tonn kaffi… Kvar gong vi drikk kaffi, slepper vi CO2 ut i atmosfæren’.
‘Mesteparten av kaffien er produsert av monokultur, og monokultur blir òg påverka av klimaendring. Kvaliteten til desse naturlege ressursane går raskt ned.’
Ifølgje World Economic Forum vil kaffidrikkarar måtte avgrense seg til to eller tre koppar kaffi i året i framtida.
Den tyske parlamentsmedlemmen Christine Anderson sa: ‘Den grøne agendaen er berre del av [den overordna globalist-agendaen], som er å opprette eit totalitært regime der folk er under fullstendig kontroll.’
Visseleg er kaffi den siste i ei lang rekkje av kvardagsvarer inkludert kjøt og meieriprodukt som skal erklærast som utilgjengelege av WEF.
14 amerikanske byar har allereie skrive under på ein avtale med globalist-organisasjonen om å forby kjøt, meieriprodukt og bilar innan 2030 for å møte Klaus Schwab sine klimaendringsmål.
Dei WEF-infiltrerte amerikanske byane har danna ein koalisjon ved namn ‘C40 Cities Climate Leadership Group’ (C40).
C40-ane har etablert eit ‘mål’ for å møte WEF sine radikale avfolkingsmål innan år 2030.
C40-byane har blitt einige om at innbyggjarane deira skal bli tvinga til å lyde den følgjande lista med grunnlovsstridige reglar:
- 0 kg kjøtforbruk
- 0 kg meiriproduktforbruk
- 3 nye klesplagg per person per år
- 0 private køyretøy i privat eige
- 1 kort flytur tur-retur (mindre enn 1500 km) kvart tredje år per person.
(Sjå òg «Alfa-gal-allergi: Alvorleg kjøtallergi spreier seg via flåttbit – kan den òg bli utløyst av matvarer og vaksinar?», publisert 11.september 2023.)
Dei dystopiske måla til C40-byane kan lesast i rapporten deira The Future of Urban Consumption in a 1.5 °C World. Rapporten vart publisert i 2019 og lagt vekt på igjen i 2023. organisasjonen er leia og hovudsakleg finansiert av Demokrat-milliardæren Michael Bloomberg. Nesten 100 byar i heile verda utgjer organisasjonen.»
Faktasjekkarar, deriblant EFP, har avfeia C40-byane som ein «konspirasjonsteori». Vi får sjå kor lenge det går til det blir eit konspirasjonsfaktum, sidan WEF har oppretta ei eiga «leiarskapsgruppe» for konseptet.
Nullutsleppspolitikken er totalt urealistisk, for å oppnå måla må ein bokstavleg tala utrydde all menneskeleg sivilisasjon og sjølve menneskearten. Kanskje alle dei fisande kyrne òg. Med det siste utspelet har dei nok trakka over ei usynleg linje – du køddar ikkje med kaffi! Planane om å «forby» kaffi vil nok likevel ikkje møte motbør hjå alle dei lojale faktasjekkarane. Staden dei kjem frå – og skal til – er vel altfor varm til det.
Lurer på om Ingeborg Senneset drikk kaffi. Eg trur ikkje ho et so mykje kjøt – eller mat i det heile.
Sjå òg «Totalovervaka C40-byar eit faktum innan år 2030 – Jan Terje Voilaas: Sel alt de eig og har og røm til avsidesliggjande øyar langs norskekysten!», publisert 22.september 2023.
