Sjå òg «Slankesprøyta Wegovy har HORRIBLE biverknader, men Big Pharma tener fleire titals millionar i året på den», publisert 5.desember 2023.
Pasientar i heile USA saksøkjer no legemiddelgiganten Novo Nordisk på grunn av slankemedisinane Ozempic og Wegovy, som visstnok kan forårsake lamming i tarmen og livsvarig diaré. Dette rapporterer Ethan Huff i Natural News. Han skriv (mi omsetjing):
«Skadde pasientar seier at dei opplever ekstreme biverknader av dei to legemiddela. Wegovy er forresten den einaste av dei to legemiddela som er godkjent av amerikanske Food and Drug Administration (FDA) for vekttap – Ozempic vart godkjent av FDA for å behandle type 2-diabetes, sjølv om enkelte legar skriv den ut utanfor ordinert område for hjelp til vektnedgang.
Sjølv om dei teknisk sett ikkje er dei same legemiddela, inneheld både Ozempic og Wegovy den same aktive ingrediensen: semaglutid, ein GLP-1-reseptor-agonist knytt til gastroparese, òg kjent som lamming av magen.
‘Tilstanden, som kan vere livstrugande, forårsakar ei oppsamling av mat i tarmen og symptoma inkluderer kvalme, oppkast og sterke smerter,’ står det i ein reportasje om kva Wegovy og Ozempic gjer med pasientane.
Meir enn eit dusin søksmål har blitt levert inn mot Novo Nordisk sidan november i fjor av pasientar som tok det eine eller det andre legemiddelet, og som seinare fekk diagnosen gastroparese. Enkelte av dei rapporterte å lide av ‘livstrugande’ tarmskadar, og står no overfor livslange konsekvensar for feila dei gjorde.
I eit av tilfella trong ei 23 år gammal kvinne ved namn Brea Hand fem separate sjukehusbesøk før legane endeleg fann ut at ho hadde utvikla gastroparese frå legemiddela. I eit anna tilfelle var Zakareeya Gregory innlagt på sjukehus i fire veker på grunn av dei same komplikasjonane.
Alle søksmåla skuldar Novo Nordisk for å ikkje åtvare nok i skrivet i legemiddelpakkane om risikoen for gastroparese. […]
Eit anna liknande legemiddel kalla Mounjaro, produsert av Eli Lilly, som blir skrive ut for diabetes, fungerer på liknande vis som Ozempic og Wegovy, og blir òg skrive ut utanfor ordinert område for vekttap. Slik som Novo Nordisk, står Eli Lilly overfor tiltalar for å ikkje ha åtvara nok om gastroparese.
I nok eit tilfelle sa ei kvinne at ho etter å ha teke både Ozempic og Mounjaru, at etter at ho fekk diagnosen gastroparese, byrja ho å kaste opp so mykje og so ofte at tennene hennar faktisk fall ut av munnen.
Ei anna kvinne vart diagnostisert med ein ‘livstrugande tarmskade’ etter å ha brukt Ozempic, og måtte gjennomgå ein operasjon som varte i nesten ni timar. Legar sa til ho etter prosedyren at ho no vil ha smerter ‘resten av livet’ og at ho ‘aldri vil ha fast avføring igjen’.
I endå eit tilfelle hevda ei kvinne som brukte Wegovy at ho vart diagnostisert med ‘alvorleg gastroparese’ som resulterte i at ho måtte bli sjukehusinnlagt for symptom som inkluderte å gå ei heil veke utan ei einaste avføring.
Til saman har rundt 40 saker blitt levert til føderale domstolar i USA på grunn av desse og andre relaterte saker. Advokatar skal òg ha gått gjennom tusenvis av andre saker, der mange vil bli slegne saman til multidistrict litigation (MDL) som vil bli sentralisert og avgjort av éin enkelt dommar [gruppesøksmål frå fleire distrikt som blir ført for éin domstol; oms.an.].
Advokat Cameron Stephenson i Levin Papantonio Rafferty sa til ein medieformidlar at firmaet hans for tida har rundt 100 klientar som vart diagnostiserte med gastroparese etter å ha teke eit av dei tre nemnde legemiddela. Stephenson seier der er tusenvis av andre liknande tilfelle som blir gjennomgått.
Ein stor del av den juridiske handlinga sentrerer seg rundt pasientar som vart ‘medisinsk diagnostiserte med tarmslyng eller gastroparese og som kravde akuttbehandling eller sjukehusinngrep’, ifølgje Stephenson, som òg slengde inn at han har ‘ingen tvil’ om at legemiddela framleis er høgst effektive for enkelte pasientar.»
Kommentar frå Saksyndig: Enkelte risikerer bokstavleg tala liv og helse for å gå ned i vekt, i staden for å fokusere på hovudårsaka til at folk blir overvektige: kosthald. Medan lågkarbo og ketogene diettar (diettar med mykje feitt og nesten ingen karbohydrat) blir rekna som «helsefarlege», er det ingen som reagerer når folk legg seg under kniven og blir opererte i tarmen for å bokstavleg tala minke magemålet, eller injiserer sprøyter som eigentleg er meint for diabetikarar. Dette er nok eit døme på at Big Pharma er ein aktør som fyrst og fremst har størst mogleg profitt som intensjon, og ikkje helsa og velværet til sine mange kundar rundt om i verda.
