Sint busstur gjennom Fløyfjelltunnelen

Sjå òg «Når utru dødsenglar røper seg», publisert 30.desember 2023.

Arve, ektemannen til dødsengelen «Morfin-Mona», er eigentleg pensjonist, men har i det siste byrja å ta vakter som bussjåfør ettersom bransjen skrik etter erfarne, norsktalande sjåførar. Som aldrande, kvit nordmann er han dermed so ettertrakta at hans tidlegare sjef trygla han om å ta tilfeldige vakter. Eigentleg er det å køyre buss igjen det siste Arve vil, men han held på å tørne galen heime sidan Mona for tida er sjukemeldt. Ho har visst «møtt veggen», som dei kallar det. Ho har fått ein ny nestleiar som ho ikkje kan fordra, og som ho føler overvakar ho. I tillegg har hennar kjære kollega Merete fått sparken. Arve har ingen kommentar til dette, for han veit kva Mona og Merete eigentleg dreiv med på jobb. Han kunne knapt ha forakta ho meir, og køyrer dermed buss berre for å kome seg ut av huset om dagane.

No er det ein travel fredag ettermiddag på Bergen busstasjon, og Arve har akkurat klargjort 300-bussen til Knarvik for nok ein tur. Den gamle, slitne karen har mest lyst til å fare heim og skyte kjerringa med jaktrifla si, berre hans sindige veremåte hindrar han. Han har ambisiøse planar om å ringje ein kompis etter dagens skift for å høyre om han har lyst å fare på Skipperstuen og ta seg ein øl. Han ser med raude, trøytte auge på folkehavet av ungdommar som står og ventar ved perrongen. Klokka er 14:25. Han kan like gjerne starte turen, og trakterer bussen med erfaren dyktigheit bort til perrongen. Dørene går opp, og ungane fossar inn i bussen. Ei og anna vaksen dame følgjer med inn òg, for enkelte er so heldige at dei sluttar tidlegare på jobb enn andre.

Folk står som sild i tønne på bussen i det Arve glir ut av stasjonen og ut på vegen. Han har eit bistert, forsmådd uttrykk i det sølvskjeggete ansiktet. Magen rumlar av svolt, og blæra er temmeleg full. Ein liten matbit i Knarvik og ein pissepause, og so ber det rett tilbake til busstasjonen der han endeleg kan stemple ut og ta helg. Då hans tidlegare sjef lurte på om han ville jobbe i helga, sa Arve bestemt nei.

Bussen svingar seg oppover gata og inn på hovudvegen nordover. Fartsgrensa her er 60, men småsinte og leie Arve får raskt bussen opp i langt høgare fart. Nærast snerrande dundrar Arve inn i det nordgåande løpet til Fløyfjelltunnelen. Fleire av dei ståande ungdommane har lette balanseproblem i den lange svingen rett etter byrjinga på tunnelen. Han ligg i nesten 100, men han veit frå ein kompis som er drosjesjåfør at fotoboksane er i ustand. Fyren som sit og følgjer med på overvakingskameraet har for vane å sjå på heilt andre ting enn trafikkavviklinga – han har faktisk fått skriftleg åtvaring etter at sjefen tok han i å sjå på porno i arbeidstida. Arve flirer og freser for seg sjølv. No går tunnelen rett fram, og han skyt forbi fancy elbilar, majestetiske Mercedesar og ein og annan søt, liten jentebil. No er han King of the Road! Faen, kor godt det skal bli å ta helg!

Brått ser han eit digert beist kome nærare og nærare i venstrefeltet. Det er ein svær jævel av eit vogntog, raud og gul i farge. Han får eit samanbite uttrykk i ansiktet. Den tosken køyrer endå fortare enn han sjølv, og tek han raskt igjen. Snart køyrer dei side om side. Dei to mennene kastar kvarandre eit blikk. Fyren i traileren har svart, vasskjemma hår og ein svart bart. Han er temmeleg muskuløs, ein bøs brytar, kan ein kalle han. Han flirer sleskt, før han trykkjer på gassen. Arve gjer det same. Jaso, du vil ha ein fartsduell, framande? Gjerne for meg! Kona mi er flatbankar, I have nothing to lose!

Han registrerer ei viss klynking frå fleire av passasjerane. Sjølv ungdommane byrjar å bli temmeleg bleike i leten. Farten er på 120-talet, nok til førarkortbeslag dersom dei blir tekne. Politiet har sikkert ikkje tid til å stå i vegkanten og ta fartssyndarar, der har jo skjedd so mange partnardrap i det siste. Kanskje han sjølv blir ein del av statistikken! Han ler høgt for seg sjølv i det han trykkjer endå meir på gassen. Kødden i traileren gjer det same.

Tunnelen byrjar å svinge mot venstre – dette er den lange svingen før utløpet av tunnelen. Dei to digre køyretøya ligg nøyaktig parallelt med kvarandre i det dei byrjar å svinge. Tunnelen, som vart bygt på 80-talet, er eigentleg lite grann for smal for at to slike sværingar kan liggje klin inntil kvarandre slik – Arve tek borti det sokalla «brummefeltet». Det er vel kanskje eit par centimeter klaring mellom han og traileren – ein får kanskje ei hand mellom dei to køyretøya (ikkje at det er å tilråde!).

«Hjelpe meg, for ein fart han køyrer i!» klynkar ei redd jente nokre sete bak.

«Hallaien, bussjåfør, kan du bremse litt ned?» spør ein av unggutane.

«Hjelp, no krasjar vi!» utbryt ei anna jente.

Arve skrapar ved eit uhell borti fjellet. Han ser ut som han skal drite seg ut. Greitt, det blir sikkert ikkje merke i lakken, får vi håpe! Traileren brøler forbi han medan den jævla kødden sit der og ler! Den siste strake strekningen av tunnelen blir brukt til å dra ifrå bussen. Den raude og gule lastebilen forsvinn langs firefeltsvegen forbi NHH. Arve vrengjer bussen over til sida og bråstoppar med skrikande dekk på busstoppet til Sandviken sjukehus.

«Du er jo galen!» utbryt ei vaksen kvinne, skjelven og bleik der ho går av bussen. – «Eg skal melde deg til politiet!»

«Ja, det pleier jo å hjelpe, det,» seier Arve, før han raser vidare. Han fryktar inga anmelding, for folk er altfor feige til slikt. Ein av «svartingane» skrapa opp heile sida på bussen ute i Loddefjord førre månad utan at det fekk nokon konsekvensar. Men, leiinga torer jo ikkje å røre slike folk, tenkjer Arve der han humrar.

Fienden hans i traileren er over alle haugar. So fort som han køyrde, er han sikkert ute på Hylkje no. Får håpe svinet blir teken i fartskontroll!

I det han køyrer gjennom Eidsvågtunnelen, ser han plutseleg blålys bak seg. Hehe, dei er etter han no, ja. Fyren får nesten horn i panna der han sit. So ser han at politibilen køyrer framfor han og byrjar å bremse. Ein annan politibil køyrer opp på sida. Arve blir til sin lettare indignasjon geleida til busstoppet i Eidsvåg. Inn på bussen troppar fire barske og bryske politimenn opp.

«Alle må forlate denne bussen,» seier den eine. Snart strøymer saueflokken ut, somme av jentene grin til og med.

«Ver vennleg og steng av motoren,» seier den andre. Arve gjer som han får beskjed om.

Snart står han utanfor bussen, omringa av lovens lange arm. Passasjerane går inn på ein annan buss som tilfeldigvis stoppar bak 300-bussen.

«Jaso, det gjekk litt fort inne i Fløyfjelltunnelen?» spør den eine. Arve svarer med eit knapt nok høyrleg grynt. – «Har du noka formeining om kor fort du køyrde?»

«Eg reknar med det var litt over fartsgrensa,» svarer han med gravrøyst.

«Kameraet i tunnelen målte deg til 139 kilometer i timen,» seier politimannen bestemt.

«Hmm, so Halvar såg altso på kameraet,» seier Arve stille. – «Han må ha stramma seg opp etter åtvaringa han fekk.»

«Du må nok belage deg på å vere passasjer på buss ei tid framover,» seier politimannen. Arve må pent levere frå seg førarkortet.

Sjefen hans er ikkje akkurat blid der han sit. Arve sit i setet bak til høgre. Dei er på veg gjennom Fløyfjelltunnelen, tilbake til busstasjonen. Arve sit der som ei skjemd bikkje.

«139 kilometer i timen i ein tunnel,» seier sjefen. – «Med ein fullpakka buss av ungdommar, der halvparten stod. Dette blir det garantert avissak av. Iallfall iltre avisinnlegg frå passasjerane. Kva tenkte du eigentleg på?»

«Kona mi er utru med ei anna kjerring,» svarer Arve.

«Kva behager?» spør sjefen.

«Kona mi er utru med ein kvinneleg sjukepleiar på jobben. Og eg trur dei driv og tek livet av pasientane.»

«Du tok nesten livet av ei busslast med menneske, Arve!» Sjefen kastar han eit storøygd blikk. – «Må du møte i retten, eller?»

«Ja. Eg må nok i fengsel òg. Då slepp eg i det minste vekk frå kjerringa.»

«Kanskje du og kona burde vurdere skilsmisse. Utruskap er ein alvorleg affære.»

«Kanskje eg tek livet av ho.»

«Fysj, ikkje sei slikt. Ein skal ikkje spøkje med sånt i våre dagar. Menn driv jo og drep damene sine overalt for tida. Ein kan gjerne spørje seg kvifor.»

Dei køyrer ut av tunnelen. Arve hoppar av på ein av perrongane på busstasjonen.

«Kor lenge blir du utan lappen?» spør sjefen.

«Åtte til tretten månader,» svarer Arve.

«Då ringjer eg deg for fleire vakter om åtte til tretten månader.»

«Vil du verkeleg ha meg til å køyre buss igjen?»

«Klart det. Bransjen skrik jo etter folk.» Han lukkar døra med eit smil.

Den no førarkortlause Arve traskar i veg ut av busstasjonen og gjennom dei regnvåte gatene. Neste stopp: Skipperstuen og drukkenskap.

Kommenter innlegget