WHO-leiar seier at heile verda må underkaste seg organisasjonen som førebuing på framtidige pandemiar

Det nylege årsmøtet til World Economic Forum i sveitsiske Davos var fylt av det vanlege skremmande, men føreseiande globalist-pratet vi ser kvart år. Der kom derimot nokre spesielt urovekkjande kommentarar frå generaldirektøren i Verdas helseorganisasjon (WHO), Tedros Adhanom Ghebreyesus. Dette rapporterer Natural News, og dei skriv (mi omsetjing):

«Under ein tale i ein seanse ved namn ‘Sjukdom X’ om framtidige virusutbrot, sa han at verda må førebu seg på ein ‘felles fiende’ og at ‘utan ein delt respons, vil vi stå overfor det same problemet som covid’. Løysinga hans? Ein billion [tusen milliardar; oms.an.] dollar i midlar og ein global avtale mellom landa rundt om i verda om å levere kontrollen over til WHO.

‘De kan til og med kalle covid den fyrste sjukdom X, og det kan skje igjen,’ sa Tedros til globalistane som var til stade.

‘Naturlegvis er der enkelte som seier, åh, dette kan skape panikk. Nei, det er faktisk betre å forvente noko som kan skje, fordi det har skjedd i historia vår mange gonger, og førebu seg på det,’ la han til.

Det hypotetiske viruset som dei ønskjer å førebu seg på kan vere 20 gonger dødelegare enn covid-19, drepe som mange som 50 millionar rundt om i verda, og sjølv om ein ikkje trur at det eksisterer enno, pressar dei likevel verda til å kome med ein proaktiv plan for den.

Til dømes sa han at eit tidleg åtvaringssystem og ein plan om å redde helse-infrastrukturen frå å bli overvelda, kan hjelpe til med å halde dødstala nede. Han sa at WHO har inngått partnarskap med andre globale organisasjonar for å få initiativ på plass til å førebu, inkludert eit pandemifond til å hjelpe med ressursar, og ein overføringshub for mRNA-vaksineteknologi for å adressere skilnader når det gjeld distribuering av vaksinar. […]

Leiaren i WHO sa òg at gruppa sin kontroversielle ‘Pandemiavtale’ må bli innført globalt for å betre kunne førebu seg på den neste pandemien.

Monica Crowley, tidlegare under-finansminister for offentlege affærar, skreiv på X: ‘Akkurat i tide for presidentvalet, eit nytt smitteelement for å late dei innføre ein ny WHO-traktat, stengje ned igjen, avgrense ytringsfridom og øydeleggje meir fridom.’

Tidsfristen for å innføre lovverket er berre nokre månader unna, og mange nasjonar steilar over mengda av kontroll som WHO vil ha rundt korleis dei handterer responsen sin på virusutbrot. Tedros oppmoda dei til å leggje til side nasjonale interesser: ‘Dette er ei felles global interesse, og særs smale nasjonale interesser burde ikkje kome i vegen.’

Han la til: ‘Sjølvsagt er nasjonale interesser naturlege, men dei kan vere vanskelege, og påverke forhandlingane.’

So fort Pandemi-traktaten blir gjeldande, må alle medlemslanda til WHO følgje deira avgjerder. Det set byrået i førarsetet når det gjeld hindring, førebuing og respons, og direktiva deira kan overstyre kvar nasjons eigne lover, inkludert den amerikanske grunnlova.

Dr. Meryl Nass, epidemiolog innan biologisk krigføring og indremedisinar, har åtvara om menneskerettsvernet som traktaten kjem til å ta vekk. Ho sa at den vil bli brukt til å påtvinge bruken av digitale pass og sensur, og fjerne ytringsfridommen til folk. Den vil òg tvinge statar til å presse fram ei sentral ‘offisiell’ forteljing. I tillegg vil WHO bli i stand til å diktere kva slags legemiddel land kan skrive ut mot sjukdommen.

I tillegg vil Tedros bli i stand til å erklære pandemiar etter kva han finn for godt, sjølv om det berre er ein trugsel i staden for eit legitimt utbrot, for å kunne oppnå denne kontrollen. Han kan til og med bli i stand til å utstade verdsdekkjande nedstengingar på grunn av pandemiar og klimaendringskriser under traktaten.»

5 comments

  1. .. og når så skjer er det ikke bare å «rømme til skogs». Diktaturet kommer etter deg med droner og «robothunder» (Boston Dynamics) og kan sikkert også «zappe» oss med laser fra en varmesøkende satelitt.

    Orwell snakket om den evige støvel i ansiktet; vi er farlig nær et langt langt verre scenario.

    Likt av 1 person

    • WHO sine IHR-tillegg og pandemitraktat har møtt vesentleg motbør i store delar av verda. Og so har vi desse bondeopprøra nede i Europa. Det kan sjå ut som fleire og fleire no opponerer mot den planlagte «Nye verdsorden».

      Likar

      • Ja, ting er på gang 🙂

        Det er veldig bra at engasjementet øker, men jeg håper demonstrantene ikke foretar seg noe som gir myndighetene «legitimitet» til å pusse voldsmonopolet på dem og deres sympatisører.

        Jeg tror det aller aller beste hadde vært at de (ny)oppvåknede snudde systemet ryggen i fred og ro, og etablerte produksjons- og distribusjons-ordninger helt utenom «elitens» klør. Tilsynelatende er det et samholdsmomentum nå, så jeg håper idéen brer seg.

        For slutter vanlige folk i stort å behandle psykopatklassen som opphøyelser, står de fort som en pent kledd, men hjelpeløs liten gjeng, tilbake. Å bli gjort irrelevant er kanskje det eneste de ikke kan forsvare seg mot.

        Likt av 1 person

Kommenter innlegget