Sist onsdag, 24.januar 2024, gjekk bønder i Polen til aksjon på minst 180 ulike stader. Målet var å markere opposisjon til innføringa av EU sine Green Deal-program og den ukontrollerte flyten av varer frå Ukraina. Dette melder ReMix News. Dei skriv (mi omsetjing):
«Saktegåande maskineri slik som traktorar og grupper av fotgjengarar forstyrra trafikken over heile Polen då polske bønder slutta seg saman med andre demonstrantar i heile Europa, der målet er å gjere motstand mot ei rekkje statlege retningslinjer som bønder seier set i fare framtida til industrien og handelen deira.
Utbrotet av protestar, som vart signaliserte sist veke, kjem etter ein serie demonstrasjonar og grensestengingar av polske lastebilsjåførar som har vart i fleire månader. I tillegg til å protestere mot EU sin ‘grøne overgang’, er desse bøndene fokuserte på liberaliseringa av løyver for ukrainske lastebilsjåførar, som har gjort slik at billege landbruksvarer fløymer dei polske og europeiske marknadene, noko som skader polske bønder sine innanlandske føretak.
Protestane byrja midt på dag onsdag og kjem sannsynlegvis til å halde fram dei komande dagane.
Med slagord som støttar bønder og landbruk, er hovudkravet til den landsdekkjande bondeprotesten ein stans av ‘ukontrollert import av landbruksprodukt frå Ukraina og andre land utanfor EU som ikkje følgjer europeisk standard’.
Ein av utløysarane for protestane var forpliktinga til å følgje ein EU-politikk som krev at bønder lèt ein viss del av åkrane sine liggje brakk, noko som inneber at ein spesifikk del av jorda ikkje er i bruk. Miljøtilhengjarar argumenterer at dette lèt jorda få kome seg, reduserer behovet for gjødsel, og kan støtte viltliv og ville planteartar.
Ein av dei protesterande bøndene samanlikna dette med fabrikkar som måtte stengje ned delar av produksjonen, og peikte på den uvisse geopolitiske situasjonen og klimaendringa, i det tilleggsrisikoar råkar landbruket. Han seier at han trur at på grunn av retningslinja som påbyr han å leggje jorda brakk, kjem han til å tape nesten 15 000 euro [170 000 kroner] frå opphøyret av produksjon av 30 hektar. Han stilte òg spørsmål ved logikken bak det at EU påførde standardløysingar på alle land.
Bønder i Polen er i tillegg i harnisk over tollfrie importvarer frå Ukraina. Dei føler at dei ikkje kan konkurrere mot ukrainske selskap som ikkje treng å møte EU-standardar, medan EU avgrensar produksjonskapasiteten deira og stoppar bruken av GMO-produkt, som er fritt i bruk i Ukraina.
Den polske regjeringa lover å gå til handling for å møte krava til bøndene. Viseminister Michał Kołodziejczak sa til bøndene at regjeringa var del i fruktbare samtalar med både Ukraina og Brüssel, og at ein tosidig avtale mellom Polen og Ukraina for å møte bekymringane til bøndene var mogleg.
Han sa òg at EU må sikre seg at deira landbrukspolitikk er i stand til å handtere innstrøyminga av ukrainske varer.»
