Er Texas i ferd med å lausrive seg frå USA?

Det går for tida føre seg ein krangel mellom Texas-guvernør Greg Abbott og den føderale regjeringa til «president» Joe Biden. Stridens kjerne er delstaten sin rett til å forsvare seg sjølv mot den ukontrollerte tilstrøyminga av ulovlege innvandrarar over grensa frå Mexico. Natural News melder at 25 republikanske guvernørar i ei rekkje delstatar har uttrykt støtte til Texas. Dei skriv (mi omsetjing):

«Den pågåande feiden eskalerte etter at Høgsteretten dømte i favør av Biden-administrasjonen då dei sa at føderale grensepatrulje-agentar fekk fjerne piggtråden som var installert av Texas langs grensa. […]

Feiden kjem i det rekordhøge tal av ulovlege innvandrarar strøymer over grensa og inn i USA. I desember 2023 åleine kryssa rekordmange 225 000 ulovlege innvandrarar grensa.

I ei felles melding publisert torsdag 25.januar uttrykte desse republikanske guvernørane støtta si til Abbott sin innsats for å utøve det han hevdar er Texas sin grunnlovsfesta rett til sjølvforsvar.

‘President Biden og administrasjonen hans har gjort amerikanarar og landet vårt fullstendig sårbare overfor hittil usett ulovleg innvandring, som fløymer over den sørlege grensa,’ står det i meldinga. ‘I staden for å oppretthalde lov og orden og sikre grensa, har Biden-administrasjonen gått til åtak og saksøkt Texas for å beskytte amerikanske borgarar mot historiske nivå av ulovlege innvandrarar, dødelege legemiddel slik som fentanyl, og det at terroristar får kome inn i landet vårt.’

‘Vi står i solidaritet med vår felles guvernør, Greg Abbott og delstaten Texas i å bruke kvart eit verktøy og strategi, inkludert piggtrådgjerde, for å sikre grensa,’ stod det òg å lese i meldinga, som var underskriven av alle andre republikanske guvernørar i USA bortsett frå [Phil] Scott [i delstaten Vermont]. ‘Vi gjer det delvis fordi Biden-administrasjonen nektar å handheve allereie eksisterande innvandringslover, og ulovleg tillèt massebenåding i heile USA for innvandrarar som har kome seg ulovleg inn i landet vårt.’ […]

Enkelte av desse guvernørane har brukt sine private kontoar på sosiale media til å dele støttemeldingar for Abbott i den stormen han står i no.

‘Virginia står saman med Texas,’ skreiv Virginia-guvernør Glenn Youngkin. ‘[Abbott] gjer jobben Biden og grense-tsaren hans nekta å gjere for å sikre grensa vår. Biden-administrasjonen har gjort kvar einaste delstat om til ein grensestat. Vi må stoppe flyten av fentanyl, redde liv og sikre vår sørlege grense.’

‘Wyoming står i solidaritet med guvernør Abbott og delstaten Texas i å bruke kvart eit verktøy og strategi for å sikre grensa og beskytte amerikanske borgarar,’ sa Wyoming-guvernør Mark Gordon. ‘Vi er alle grensestatar no.’

‘Dersom grunnlova verkeleg gjorde statar makteslause når det gjaldt å forsvare seg sjølve mot invasjon, burde den ikkje har blitt ratifisert i fyrste omgang, og Texas ville aldri ha blitt med i unionen når dei gjorde det,’ sa Florida-guvernør Ron DeSantis. ‘Texas held seg til lova medan Biden gjev blaffen i den. Florida kjem til å halde fram med å hjelpe Texas med personale og ressursar.’

Enkelte av desse guvernørane har òg uttrykt si forakt for dei Demokratiske Texas-representantane Greg Casar og Joaquin Castro, som har kravd at Biden skal ta over føderal kontroll over Nasjonalgarden i Texas på grunn av at Abbott nektar å bøye seg for Biden-administrasjonen.

‘Vi kan skape eit innvandringssystem som er trygt, ordentleg og humant,’ sa Casar på sin personlege X-konto. ‘Det er Demokratane sin jobb å presse tilbake mot piggtråd, inhumane bur og den brotne politikken frå fortida.’»

Ein annan Natural News-artikkel som vart publisert 26.januar 2024, ser ein føre seg at det kan oppstå ein borgarkrig. Mike Adams, redaktøren for nettavisa, har i lengre tid snakka om at Texas ville ha gjort det bra som sjølvstendig republikk, slik dei var på 1800-talet før dei vart med i unionen. Desse hendingane som for tida skjer ved grensa kan, slik Adams tolkar det, vere byrjinga på ikkje berre ein borgarkrig, men kanskje til og med Texas si lausriving frå ein union dei eigentleg ikkje ville bli med i. Texas klarer seg fint utan resten av USA, men klarer resten av USA seg utan Texas?

Dei delstatane som, ifølgje nemnde artikkel, støttar Texas er Oklahoma med sin republikanske guvernør Kevin Stitt, Virginia (guvernør Glenn Youngkin), Sør-Dakota (Kristi Noem), Alabama (Kay Ivey), Louisiana (Jeff Landry), Florida (Ron DeSantis), Montana (Greg Gianforte).

Etter at Høgsteretten påla grensepatrulje-agentane å fjerne piggtrådgjerdet langs grensa mot Mexico, har Texas dobla innsatsen som respons, og installert nye piggtrådgjerde. Demokratane er strålande fornøgde med den massive innvandringa, for erfaringsmessig er dei som blir hjelpte inn i landet på denne måten meir tilbøyelege til å stemme på Demokratane i det komande presidentvalet.

Uttrykket «heilt Texas» blir vanlegvis brukt om ein kaotisk og lovlaus tilstand. Det er ein tanke ironisk, sidan Texas no gjer alt dei kan for å hindre nettopp slike tilstandar i sitt eige territorium.

Kommenter innlegget