Mange vil nok meine at russarane har sin eigen måte å gjere ting på, og denne artikkelen frå Russia Today (rt.com) er med på å bekrefte det inntrykket. Ordføraren i Nevinnomysk, ein by i det sørlege Russland med rundt 117 000 innbyggjarar, har no oppmoda mennene i byen om å snike seg inn på konene og gjere dei gravide – helst i dag. Mikhail Minenkov erklærte dette i ein video på sin Telegram-kanal onsdag 17.januar 2024. Berre rundt 700 barn blir fødde i byen årleg, og dette meiner han er langt frå bra nok.
RT skriv (mi omsetjing):
«Der er ulike grunnar for kvifor folk lèt vere å få barn, inkludert ‘trua på at dei ikkje har tent nok pengar, eller ønsket om å bu for seg sjølv’, skreiv ordføraren.
Derimot insisterte han at låge fødselsratar er ein veg mot ‘degradering’ av samfunnet. ‘Dersom det blir få av oss, kjem vi til å tape overalt og med alt,’ åtvara Minenkov.
Det er tydeleg at der er meir enn 700 ‘friske, sterke kvinner som er i stand til å bli mødrer’ i Nevinnomysk, ifølgje leiaren av byen.
‘Eg ønskjer å adressere mennene. I kveld skal de snike dykk inn på dykkar kjære, slik at det om nøyaktig ni månader vil bli fødd ikkje berre 700, men 10 000 barn,’ skreiv han. For at fødselsratane skal stige, ‘må ein ikkje ete, sove eller drikke; i staden må ein forelske seg,’ la Minenkov til.
Ordføraren, som sjølv har tre barn, erkjente at kommentarane hans ‘kanskje kan høyrast litt naive ut’. Men han insisterte at det å utvikle samfunnet gjennom å bringe meir barn til verda, er ‘hovudprogrammet i programmet vårt for byutvikling, regionen vår og Russland som heilskap.’
Det statlege statistikkbyrået Rosstat rapporterte tidlegare denne månaden at 1,16 millionar menneske vart fødde i Russland mellom januar og november i fjor. Det sa at den naturlege nedgangen i folketal har minka med 19,3% samanlikna med same perioden i 2022.
Rosstat presenterte òg demografi-spådommen sin for 2046 i januar. Ifølgje det mest optimistiske scenarioet kjem den russiske befolkninga til å vekse med 4,59 millionar og nå 150,87 millionar innan den tid. Det pessimistiske scenarioet seier at talet menneske som bur i landet kan minke med 15,4 millionar til 130,6 millionar i 2046.»
Om mennene i den russiske byen faktisk vel å gjere som ordføraren seier, finn vi truleg ut om det byrjar å dukke fleire og fleire gravide damer opp i bygatene. Saksyndig følgjer iallfall interessert med på utviklinga.
