Sjå òg «Er Texas i ferd med å lausrive seg frå USA?», publisert 29.januar 2024.
Å stengje den sørlege grensa mot Mexico og føreta masseheimsending av ulovlege innvandrarar burde ha fått høgste prioritet hjå Biden i den noverande situasjonen mellom Texas-guvernør Gregg Abbott og føderale styresmakter. Dette meiner Michael Shannon, ein politisk kommentator og spaltist for Newsmax. Han fortel dette til nettstaden Sputnik Globe, som skriv (mi omsetjing):
«Den amerikanske presidenten Joe Biden har lovt å stengje grensa dersom den ‘blir overvelda’ om Kongressen skulle vedta eit toparti-lovforslag om innvandring. I ei nyleg melding sa han at lovforslaget, om det vart vedteke, kom til å bli ‘det strengaste og mest rettferdige settet av reformer for å sikre grensa som vi nokosinne har hatt’.
‘Det ville gje meg, som president, ei ny krisefullmakt til å stengje ned grensa når den blir overvelda. Og dersom eg får den makta, vil eg bruke den frå den dagen eg vedtek lova,’ la Biden til.
Dette dokumentet ‘er berre laga for å overtale lettlurte Republikanarar til å støtte det å sende meir pengar til Ukraina i byte mot ikkje-eksisterande ‘reformer’ ved grensa,’ sa Michael Shannon, ein politisk kommentator og spaltist for Newsmax, til Sputnik.
‘Eksisterande amerikanske lover gjev oss all handhevingsmakt som er naudsynt for å stengje grensa. Venstreorienterte nektar rett og slett å bruke den makta,’ peikte Shannon på.
Om presidenten sin lovnad om dei ‘strengaste’ grensetryggleiksreformene, insisterte Shannon at lovnaden viser at ‘Joe Biden forblir ein løgnar som angrar ingenting’.
Biden ‘har ingen intensjon om å stengje grensa, og sjølv om dei gjorde det, er det for seint. Det som krevst er å stengje grensa, følgt av nådelause massedeportasjonar av ulovlege innvandrarar same kor lenge dei har vore innanfor grensa og brote lova,’ ifølgje analytikaren.
Han hugsa òg ein serie immigrasjonsavtalar som ‘ureielege Republikanarar’ har laga med Demokratar i fortida. Desse Republikanar-medlemmene, heldt han fram, vart ‘alltid bedregne når det var på tide å innføre avtalen’.
‘Dei toskete Republikanarane trur at venstreorienterte endeleg vil halde sin del av avtalen denne gongen. Dei ureielege Republikanarane håper at lovforslaget vil gjere nok for å lure sin konservative røystarbase til å tru at dei gjer noko med invasjonen av ulovlege innvandrarar utan å forstyrre dei opne grensene, billege arbeidsdonorar som gjer at dei kan bli verande i embetet. Mellom Senatet og [Biden-]administrasjonen er der ingen truverdige personar. Huset er det einaste håpet for å gjere slutt på denne skandalen,’ argumenterte Shannon.
Analytikaren, som refererte til Texas-guvernør Gregg Abbott sin pågåande grensekrangel med den føderale regjeringa, sa at raseriet har ‘skapt store vanskar for responsen til Biden-administrasjonen og dytta lovverket, i det minste mellombels, inn i bakgrunnen.’
‘Dersom Biden prøver å tvinge Texas til å gje etter og late føderale tilsette gjenopne grensa, korleis kan Biden då hevde å vere sterk når det gjeld handheving? Dersom Biden gjer ingenting, ser han svak ut og gjer sinte den anti-amerikanske folkemengda som krev opne grenser og som utgjer mykje av støttebasen hans. Denne konfrontasjonen – og den overveldande støtta Texas har fått frå andre delstatsguvernørar – skuggar over dekninga av ‘reform’-lovforslaget og vil måtte bli løyst fyrst,’ konkluderte Shannon.
Kommentarane kom etter at Republikanar-guvernørar frå 25 delstatar stilte seg bak guvernør Abbott etter at han sa at delstaten hans sin rett til sjølvforsvar ‘går framfor alle føderale lover som seier det motsette’, dette etter at ei avgjerd i Høgsteretten tillét at føderale agentar reiv ned piggtrådbarrierar som delstatsstyresmaktene hadde sett opp.»
