Den russiske presidenten Vladimir Putin har føreslått at militærveteranar som vender tilbake frå Ukraina-konflikten skal bli den nye eliten i landet. I ein tale i St. Petersburg fredag 26.januar 2024 sa Putin dette til dei frammøtte, som var ministrar og høgtrangerte offentlege tenestefolk i byen. I tillegg oppmoda han dei til å bruke alle naudsynt støtte for å hjelpe veteranane å vende tilbake til eit sivilt liv. Putin har tidlegare avslørt at rundt 617 000 militære har blitt sendt til Ukraina. Dette melder Russia Today (RT). Dei skriv (mi omsetjing):
«‘I dag hadde eg møte med studentar som la studiane sine på vent, mange av dei, for å fare i krig,’ sa Putin.
‘Det er av desse menneska vi burde danne den framtidige eliten i landet,’ la han til. Det russiske statsoverhovudet skildra heimattkomne soldatar som dei som ein kan overlate ansvaret for utviklinga til landet til.
‘Difor burde dei bli støtta [og] hjelpt,’ konkluderte president Putin.
Han sette òg veteranar i kontrast til ‘folk som, orsak uttrykket, viser genitalia sine eller viser baken’ – ein openberr referanse til ein privat fest der det var ein ‘nesten naken’ kleskode, organisert av den russiske bloggaren Anastasia Ivleeva i Moskva førre månad.
Foto og videoar frå hendinga, der russiske kjendisar var til stade, for det meste popartistar, enda opp på Internett, der dei laga skandale for både konservative aktivistar og styresmakter.
Ein deltakar spesielt, den 25 år gamle rapparen Nikolai Vasiljev, òg kjent som Vacio, trekte til seg spesiell merksemd sidan han gjekk med ingenting anna enn ein Balenciaga-sokk på penis. Enkelte har sidan føreslått at han etterlikna frontmann Anthony Kiedis i Red Hot Chili Peppers slik han framstod på 1990-talet.
Fleire dagar seinare fann ein domstol i Moskva Vacio skuldig i å fremje LGBT-verdiar, og dømte han til femten dagar administrativ husarrest i tillegg til ei bot på 200 000 rublar (like over 2000 dollar [20 800 kroner]). Rapparen insisterte på at han berre ønskte å ‘overraske publikum’, og la til at han ikkje er ein LGBT-støttespelar.
I kjølvatnet av festen la organisator Ivleeva ut videoar på sine sosiale media der ho uttrykte anger over at materiale frå det private arrangementet hadde blitt offentleggjort. Ho lovde òg å fordele alle inntektene frå billettsalet til veldedige organisasjonar.
Seint i september vurderte ein domstol at ‘nesten naken’-arrangementet var LGBT-propaganda under ei ny lov som forbyr slike aktivitetar; president Putin skreiv under på lova i desember 2022.
Sist november erklærte den russiske høgsteretten under denne lova den ‘internasjonale LGBT-rørsla’ for å vere ein ekstremistorganisasjon, og forbaud alle slike aktivitetar i landet.»
