Strategic Culture Foundation: «Kiev-regimet har kaldblodig øydelagt millionar av ukrainske liv i USA og NATO sin stadfortredarkrig mot Russland»

Strategic Culture Foundation, som Wikipedia skildrar som ein russisk tenkjetank med base i Moskva, og som sjølv skildrar seg som ei plattform for eksklusive analysar, forsking og politiske kommentarar relatert til eurasiske og globale affærar, er ikkje nådige i sin kritikk av konflikten mellom Ukraina og Russland. Spesifikt tek dei opp at det nyleg vart skote ned eit russisk transportfly som frakta over 60 ukrainske krigsfangar. 27.januar 2024 publiserte dei ein meiningsartikkel om denne affæren, som viser at Zelensky-regimet ikkje kunne ha brydd seg mindre at ukrainarar døyr i hopetal. Dei skriv innleiingsvis (mi omsetjing):

«Kiev-regimet har kaldblodig øydelagt millionar av ukrainske liv med si krigføring og prostitusjon for USA og NATO sin stadfortredarkrig mot Russland. Ingen brotsverk eller forræderi-handling er for nedrig for den korrupte kabalen i Kiev.

Vi burde ikkje bli overraska over at deira styrkar skaut ned eit russisk transportfly med 65 ukrainske krigsfangar om bord. Slik barbarisk kriminalitet er det ein kan vente av dette nazi-regimet.

Onsdag morgon [24.januar 2024] klokka 11:15 lokal tid, vart eit Iljushin IL-76 militært transportfly skote ned over den russiske Belgorod-regionen ved grensa til Ukraina. Alle 74 om bord omkom. Desse inkluderte 65 ukrainske krigsfangar og ni russiske tenestemenn. Fangane var på veg til Belgorod by som del av ei utveksling av krigsfangar som skulle finne stad seinare den dagen. Eit andre fly som flaug etter med 80 krigsfangar, gjorde visstnok vendereis etter at den skrekkelege handlinga vart formidla.

Tydelegvis var flyturane del av ei velorganisert avtale mellom Ukraina og Russland. Dusinvis av slike utvekslingar hadde allereie blitt utført dei siste månadene. Protokollen var godt forstått og koordinert mellom begge sider, om enn på ein diskret måte. Dette indikerer eit vondsinna avvik frå den ukrainske sida.

Russisk radar fanga opp oppskytinga av to landmissil som hadde som mål den fortapte IL-76. Missila vart visstnok skotne opp frå landsbyen Liptsy i den ukrainske Kharkov-regionen. Lengda på åtaket dekte 100 kilometer. Dette vitnar om at dei einaste kapable våpena sannsynlegvis var det USA-forsynte Patriot eller det tyske Iris-T-missilet, som russiske parlamentarikarar allereie har sagt.

Ein reportasje frå franske statlege media hevda òg at nedskytinga skjedde med eit Patriot-stridshovud.

Det er difor heva over ein kvar tvil at det var Kiev-regimet som utførde dette brotsverket. Dei ser ut til å ha gjort det med overlegg, og med intensjon om å drepe sine eigne krigsfangar.

Derimot, i samsvar med sin vondarta karakter som ein har sett ved tidlegare høve, prøvde det NATO-støtta ukrainske regimet å dekkje over hendinga. Dei fekk hjelp til dette av vestlege media, som raskt kasta skugge over russiske rapportar om åtaket. BBC impliserte til og med at Russland kom med desinformasjon, og hevda at Moskva har ei ‘lang historie av blanke løgner’; dei antyda til og med at det var uvisst om der var krigsfangar om bord i det heile.

I FNs tryggleiksråd avviste den franske mellombelse styremedlemmen i organet russiske krav om eit krisemøte, og utsette eit møte i meir enn 24 timar.

Det var openbert eit forsøk på å gje Kiev-regimet og deira NATO-hjelparar pusterom til å koke i hop ei plausibel dekkhistorie for slik ei barbarisk handling.

Fyrst prøvde den ukrainske sida å påstå at IL-76 vart gjort til mål fordi det visstnok transporterte forsyningar til Belgorod, og dermed vart rekna som eit legitimt mål. Den versjonen vart fort graven vekk då det vart tydeleg at det russiske militæret hadde gjeve sine ukrainske motstykke fullstendig informasjon om at transportflyet tok del i ei avtala krigsfangeutveksling.

Innan onsdag natt prøvde den ukrainske presidenten Vladimir [sic] Zelensky desperat å gje Russland skulda for å ‘leike med ukrainske liv’ når det var kvalmande tydeleg at det var hans regime som utførde denne fæle handlinga.

Det er ikkje tydeleg kva den obskøne rettferdiggjeringa for denne styggedommen er. Var det eit forsøk på å sverte Russland som gjerningsmann gjennom ein falsk flagg-operasjon? Det verkar usannsynleg sidan til og med grauthovuda i Kiev burde ha visst at russarane enkelt kunne registrere og bevise kor missila vart skotne opp frå.

I alle tilfelle er éin ting sikker. Det korrupte regimet i Kiev har absolutt ingen vørdnad for liva til sitt eige folk. Det er ikkje mogleg å lage ei dekkjande liste over talet fælslege handlingar som denne fæle juntaen har utført for å forlenge krigføringa for sine NATO-meistrar.

Ukraina sin utanriksminister Dmytro Kuleba prostituerte openlyst sine eigne landsmenn so nyleg som sist veke som kanonføde for NATO. Då han var til stade på eit toppmøte med den vestlege eliten i Davos, Sveits, sa Kuleba at det var ein god avtale for NATO å halde fram med å sende våpen til landet hans medan ukrainarar gjer all kjempinga – og døyr i hopetal.

Zelensky dreg på stadige turar rundt om i verda og tiggar om meir milliardar i militærhjelp, som han forsyner seg grådig av, til seg sjølv, si shopping-avhengige kone og vennene deira. Regimet hans prøver å rekruttere 500 000 fleire ukrainarar til hæren. Det bekreftar implisitt at 500 000 allereie har blitt drepne so langt i stadfortredarkrigen mot Russland, som NATO provoserte fram i februar 2022.

Det nazi-rævsleikjande regimet har utført tallause grusomheiter mot sine eigne borgarar for å grafse til seg vestlege våpenforsyningar og for å forlenge krigen.

Massakren i Bucha i april 2022 vart skulda på Russland sjølv om russiske styrkar hadde trekt seg tilbake frå den byen fleire dagar før hundrevis av nyss avretta lik vart funne på gatene. Det vart følgt same månad av eit missilåtak på ein togstasjon i Kramatorsk som drap over 50 menneske. Åstadsetterforskarane spora missila til ukrainske lager.

Mange andre falske flagg har blitt utført, slik som nådelause åtak på Zaporizjzja-atomkraftverket, sprenginga av Kakhovka-demninga, og dødelege luftåtak på småbyar slik som Konstantinovka og Hroza.

Regimet er desperate etter å halde krigen gåande på vegner av sine imperie-meistrar. Det fullstendige nederlaget til den oppskrytte motoffensiven i fjor, der over 120 000 ukrainske soldatar i det slaget åleine vart øydelagde i ‘kjøtkvern’-slag mellom overlegne russiske styrkar, har ikkje gjeve Kiev-marionettane den minste pause for fredsforhandlingar.

Ukrainske krigsfangar har uttrykt tydeleg lette over å ha blitt tekne til fange i live og frakta vekk frå dei monstrøse ‘sjølvmordsoppdraga’ som deira empatilause overordna har sendt dei på. I mellomtida skjelv ukrainske borgarar av frykt for å bli kidnappa frå gatene av Zelensky sine skurkar og sendt til frontlinjene og den sikre død.

Den USa-styrte stadfortredarkrigen i Ukraina er ugjenkalleleg tapt. Det er eit katastrofalt nederlag for NATO og deira nazi-klientar. Men det korrupte Kiev-regimet ønskjer å halde fram med å misbruke posisjonane sine til å håve inn pengar. Dei er krigsavhengige.

Fangeutvekslingane som Russland har delteke i, utgjer tusenvis av krigsfangar som har fått kome heim igjen til familiane sine. Godviljen dette har skapt kan ikkje vurderast, men blir utan tvil sett pris på.

Det er heller ingen tvil at det fatalt underminerer Zelensky og NATO-stadfortredarkrigen når hordar av fangar vender heim igjen og fortel familien og lokalsamfunnet nøyaktig kor tarveleg og kaldblodig gangster-regimet er.

Regimet vil neppe vegre seg for å øydeleggje krigsfangane sine. Døde menn snakkar jo ikkje. Regimet har ikkje stått tilbake når det gjeld å kaste vekk liva til millionar av ukrainarar, eller gjere landet om til ein pøl under utanlandsk dominans. Kva gjer eit fly fullasta med krigsfangar og nokre russarar frå eller til?

Dette er grunnen til at Ukraina og deira NATO-sponsorar er dømt til nederlag. For dei er livet ikkje verdt fem sure sild, so fridom og siger er langt meir enn dei fortener.»

Kommenter innlegget