iNyheter-journalist Stig Even Lillestøl skriv 28.januar 2024 om det etter kvart so berykta bygningsdirektivet frå EU, som i mars skal ut på høyring her i Noreg. Alle norske bustader skal bruke 22% mindre energi innan 2035, slik at ein då reduserer utslepp av klimagassar. Der ligg òg eit ønske frå EU om å gjere seg uavhengig av russisk gass. Lillestøl skriv:
«De fleste hus i Norge har energiklasse G, på en skala som går fra A til G. innen 2050 skal alle europeiske bygg ha energiklasse A.
Norge er forpliktet til å implementere direktiver gjennom EØS-avtalen. Det betyr at det kan bli mange vinduer å bytte ut og vegger å etterisolere de neste årene.
Otto Robsahm, kjent fra TV-programmet Sinnasnekker’n, tror dette vil bli dyrt for folk flest, men at byggebransjen kan tjene godt på dette.»
Ifølgje Robsahm blir dette svindyrt. Som eit konkret døme nemner han at ti vindauge med trelags glas vil koste 26 000 kroner stykket. Dette blir 260 000. Han spør med rette korleis folk skal få råd til dette, og spår at prisen på handverkartenester òg vil gå opp. Ein har estimert at det vil koste frå 500 000 kroner og oppover å gjere utbetringar som løftar ein bustad opp fleire energiklassar.
iNyheter skriv vidare:
«Anbudstjenesten Byggstart har også regnet på kostnadene. De anslår at det vil koste fra 100.000 til 300.000 kroner for henholdsvis leiligheter og eneboliger å oppgradere fra energiklasse G til F. Men det er også et annet element som kommer på toppen: Prisvekst som følger at 1,6 millioner norske boliger skal oppgraderes innenfor samme tidsrom.
‘Om EU-direktivet innføres, vil det kunne ha store konsekvenser for markedet,’ sier prosjektansvarlig Fredrik Dahl i anbudstjenesten Byggstart til Nettavisen.»
Dahl estimerer at EU-kravet vil koste meir enn 250 milliardar kroner. Bransjeorganisasjonen Norske trevarer stiller seg positiv til bygningsdirektivet, sidan dei meiner at skjerpa miljøkrav er «generelt gunstig for hele byggenæringen».
Det er nok andre grunnar enn reint miljømessige som er grunnen til at byggjebransjen tek imot dette direktivet med opne armar. Document-journalist Tore Kristiansen skriv 29.januar 2024 om ein pågåande krise i byggjevaremarknaden:
«Omsetningen til byggevarehusene falt med 11,3 prosent i tredje tertial i 2023, viser tall fra Virke. Det er nedgang i hele landet. […]
Document har tidligere omtalt det som beskrives som krisetilstander i byggemarkedet. Nå rammes også byggevarebransjen, en bransje med store utsalgssteder og mange ansatte over heile landet.
Høye byggekostnader, svakere boligprisutvikling, renteoppgang og generell usikkerhet har bidratt til stor nedgang i byggeprosjekter som igangsettes. […]
Byggevarebransjen merker også at dårligere privatøkonomi legger en demper på folks iver etter å pusse opp og bygge på hytter, hus og leiligheter. […]
Mange lokale arbeidsplasser står også i fare.
Det er få utsikter til noen umiddelbar bedring.»
Og so kjem dette bygningsdirektivet frå EU, som har vore varsla i lengre tid. Ein skulle jo tru at dette berre gjaldt nye bustader og ikkje dei som allereie eksisterer og har gjort det i fleire tiår. Å få eit slikt direktiv til å gjelde òg for eksisterande bustader vil kunne tolkast som ei lov med tilbakeverkande kraft – sokalla retroaktive lover. Slike lover forbyr den norske grunnlova eksplisitt. Dette ser diverre ut til å vere irrelevant, for retroaktive lover er tydelegvis tillatne i EU.
Eg kan førestille meg at byggjevarebransjen kjem til å gni seg i hendene framover dersom direktivet mot den største formodning blir godteke av det norske folket. Fredrik Dahl estimerer 250 milliardar til oppussing dei seks åra fram til direktivet skal byrje å gjelde – altso 50 milliardar per år. Allereie pussar nordmenn opp for 100 milliardar i året, so dette inneber ein auke på 50%. For ein bransje som slit vil eit direktiv som i praksis tvingar folk til å oppgradere gamle hus, kome som ein reddande engel. Då kan ein nesten lure på om der er ein samanheng her.
Og kva skjer om folk ikkje vil bruke 500 000+ på å pusse opp eit hus frå 1800-talet? Kjem politiet og kastar dei på gata, og blir huset jamna med jorda? Det er vel berre éin måte å finne ut det på. På tide med litt sivil ulydigheit, folkens?
