Tallause bedrifter går for tida konkurs rundt om i den vestlege verda, og fleire enn nokosinne står no utan jobb. Ein kan vel knapt snakke om ein bransje som «sikker» lenger, og ein bør helst ha ein fot innanfor fleire bransjar berre for å vere på den sikre sida. Å misse jobben er ei livskrise for dei aller fleste, spesielt i våre tider med skyhøge avgifter og utgifter. Det mest urovekkjande for enkelte kan vere at dei i nær framtid vil bli erstatta av kunstig intelligens (KI), ettersom KI er langt billegare for ein arbeidsgjevar enn eit levande menneske som krev lønn, fagforeiningsorganisering og eit forsvarleg arbeidsmiljø.
Er du i faresona? Ethan Huff i Natural News har laga ei liste over dei ti jobbane som mest sannsynleg kjem til å bli erstatta av KI. Dei er (mi omsetjing):
- Teknologijobbar (slik som dataprogrammerarar og kodarar). Sjølv om det enno ikkje er heilt mogleg, kjem teknologijobbar slik som koding og dataprogrammering snart til å bli tekne av KI-robotar som ekspertar seier vil bli meir og meir i stand til å gjere denne typen arbeid fordi KI-program slik som ChatGPT allereie demonstrerer nøyaktigheit når det gjeld talknusing.
- Mediejobbar (slik som annonsering og teknisk skriving). Innhaldsskaping generelt kan éin dag bli produsert av KI, der eksisterande KI-program ser lovande ut når det gjeld deira evne til å lese, skrive og forstå tekstbaserte data. ‘Analyse og tolking av enorme mengder språkbaserte data og informasjon, er ei ferdigheit som ein kan forvente at generativ KI-teknologi blir drastisk betre i,’ kommenterte Anu Madgavkar, ein partnar ved McKinsey Global Institute.
- Jobbar innan jus (til dømes advokatfullmektig). Informasjonsrelaterte jobbar innan jus ligg òg lagleg til for hogg etter kvart som KI-program blir meir avanserte. Advokatfullmektige som handterer store mengder informasjon for å omsetje det til noko litt meir lettfordøyeleg, står overfor aukande konkurranse frå KI-program som kan gjere det same. [Eg ser føre meg at transkripsjonar av rettssaker òg vil kunne gjerast av KI i næraste framtid, og den sokalla diktatfunksjonen finst allereie i skriveprogram som Word; oms.komm.]
- Marknadsanalyse. Datainnsamling og trendidentifikasjonsoppgåver innan marknadsanalyse og -forsking er nok eit område der KI blir sagt å briljere på grunn av si evne til å omsetje informasjon på kommando.
- Lærarar. Elevar over heile landet bruker allereie program slik som ChatGPT for å jukse på heimeleksa, og lærarane som avdekkjer dette står òg overfor moglegheita for å bli erstatta av KI-program. ‘Sjølv om den [KI] har feil og unøyaktigheiter når det gjeld kunnskap, kan dette lett forbetrast,’ sa Pengcheng Shi, viserektor i departementet for dataprogrammering og informasjonsvitskap ved Rochester Institute of Technology, og la til at ChatGPT ‘lett kan undervise klassar allereie. Du treng i grunnen berre å trene opp ChatGPT.’ […]
- Jobbar innan finans. Dei numeriske dataa som blir prosesserte av finansanalytikarar og personlege finansrådgjevarar kan lett gjerast til og med av eksisterande KI-teknologi, for ikkje å snakke om dei nyaste og beste KI-programma som enn ikkje har dukka opp.
- Traderar. Det same gjeld traderar [aksjehandlarar] som no utfører oppgåver som lett kan bli utført av datamaskiner. ‘I ein investeringsbank blir folk hyra som kjem rett frå vidaregåande, og som bruker to-tre år der dei jobbar som robotar og utfører modellering i Excel – du kan få KI til å gjere dette,’ kommenterte [Pengcheng] Shi vidare.
- Grafiske designarar. Seint i fjor snakka tre professorar om eit KI-verktøy ved namn DALL-E som kan skape bilete på nokre sekund, i motsetnad til dei vekene eller til og med månadene det ville ta ein menneskeleg grafisk designar å produsere dei same bileta.
- Bokhaldarar/rekneskapsførarar. Intellektuelt arbeid står òg i fare for å bli overteke av KI, inkludert bokhaldarar og til og med advokatar – det er berre avhengig av kor langt teknologien går når det gjeld å fange opp nyansane i denne typen arbeid.
- Kundeservice-agentar. Alle som har brukt ChatGPT sjølv berre éin gong, veit at verktøyet på mange måtar er som å kommunisere med ein menneskeleg kundeservice-agent som er blitt trena opp til å handsame kundar på ein robotaktig måte. Kan det skje at ChatGPT og andre liknande program vil erstatte oppgåvene som menneskelege kundeservice-personar utfører?
Ein av få bransjar der overtaking av KI blir rekna som umogleg eller upraktisk, er helsesektoren. Men sjølv der er ingen jobbar 100% trygge. Der er det ofte andre forhold enn KI som gjer at folk anten sluttar eller blir oppsagt. Det at somme sjefar rundt om på helseføretak like gjerne kunne ha vore robotar, er ei anna sak.
