I skrivande stund går rettssaka mot Reiner Füllmich føre seg i regiondomstolen i den tyske byen Göttingen. Advokaten, som var ein av fire grunnleggingsmedlemmer av Korona-etterforskingskomiteen, er skulda for å underslå 700 000 euro frå kontoane til korona-komiteen for å bruke dei privat. I tillegg er han skulda for subsidie-bedrageri, ifølgje tyske HNN Nyheiter; Füllmich har levert inn søknad for å få midlar til krise-koronahjelp i april 2020 og kome med uriktig informasjon. Dermed skal han urettmessig ha motteke 15 000 euro ifølgje påtalestyresmaktene.
Medan han var på ferie med kona Inka i Mexico i fjor, vart Füllmich pågripen og i praksis kidnappa av tyske styresmakter. Etter tre månaders fengsling er no rettssaka i gang.
Sjå òg «Inka Füllmich fortel kva som skjedde med ho og ektemannen Reiner i Mexico», publisert 8.desember 2023.
Füllmich blir i retten representert av advokat Katja Woermer. Ho har hevda at personane i domstolen kan vere inhabile eller partiske, og det er difor sannsynleg at fyrste dagen av rettssaka kan bli utsett. Talet tilskodarar er avgrensa til 37, og to offentlege TV-stasjonar og éin privat har fått løyve til å vere til stade ifølgje advokaten.
Nettstaden Exposé News rapporterer dette, og har med ei kort melding frå Füllmich (mi omsetjing):
«Etter tre månader i fengsel kan eg ikkje takke dykk nok for breva som viser kor viktig arbeidet mitt har vore for dykk.
Kvar og ein av dykk er viktigare enn dei vondsinna som prøver å få oss under sin kontroll.
Vi er bestemte på at alle skal få sin rettferdige dom.
Vi veit kva som står bak det som skjer.
Om motivasjonen vår, so tenkjer eg på motivasjonen til mi eiga mor, som etter krigen gjekk 20 kilometer kvar dag om vinteren utifrå eigen motivasjon.
Ver sterke. Vi kjem til å vinne!»
Nettstaden publiserte òg ei melding frå kona Inka:
«I morgon [31.januar] startar rettssaka til Reiner, etter sopass lang tid. Dei siste månadene har vore særs stressande, ikkje berre for oss, men for alle dykk, fordi det òg for dykk kom stadig større press frå utsida.
For meg handlar det ikkje berre om mannen min. Akkurat som for dykk, mest sannsynleg, voks eg opp i eit fungerande demokrati i Tyskland og no er dette ei testsak for situasjonen – og saka til Reiner er eit døme på det. Mykje tvil gneg i meg. Kan eg framleis tru på eit rettferdig system, i vår rett til ei rettferdig rettssak i den sanne tydinga til ordet?
Når vi får ingen nyheiter, til dømes, og mykje meir alvorleg tvil oppstår. Når nokon som har sete i fengsel i månadsvis, framleis blir frakta til rettssalen i handjarn, er det frå vår side tvil om at dei reknar han som uskuldig fram til det motsette er bevist.
Der er so mange ting ein kan nemne, men eg håper at vi alle har moglegheita til å løfte dette ut i offentlegheita, å uttrykkje synspunkta våre. Eg trur òg at de ikkje vil late dykk sjølve bli stoppa frå å uttrykke synspunkta våre.
Eg takkar dykk.»
