I gamle Sovjet og Aust-Tyskland vart borgarar overvaka mellom anna ved hjelp av ivrige, autoritetstru informantar – tystarar og angjevarar, som dei vart kalla i daglegtalen. No er ikkje desse naudsynte for at staten skal kunne totalovervake borgarane. Det moderne Russland kan no ta i bruk teknologi som vil gjere ein betre jobb i å overvake borgarane enn sjølv den ivrigaste tystar. Nettstaden Reclaim the Net skriv (mi omsetjing):
«Russland er på veg mot eit Kina-liknande, omfattande overvakingssystem. Perm-regionen er den fyrste til å påby at eigarar av private videokamera må integrere apparata sine i eit regionalt overvakingsnettverk, ein praksis ein ser føre seg blir innført i resten av landet.
Initiativet, drive av eit dekret frå Perm-guvernør Dmitry Makhonin, byrja å gjelde 25.januar [2024]. Dette trekket stiller seg saman med president Vladimir Putin si krigsloverklæring i Ukraina sine okkuperte territorium i oktober 2022, der han gav regionguvernørar auka fullmakter for å sikre ‘tryggleiken’ til områda sine.
Overvakinga av russiske borgarar har intensivert sidan invasjonen av Ukraina. Styresmaktene driv i aukande grad og granskar sosiale media og set opp overvakingskamera for å spore aktivistar, so vel som vanlege borgarar. Moskva hadde nyleg eit prøveprosjekt med ansiktsgjenkjenning i lyskryss. Alexander Bykov, leiaren for Moskva sitt statlege trafikk-tryggleiksinspektorat, har til og med føreslått at det burde bli obligatorisk å gje frå seg biometriske data.
Ansiktsgjenkjenning er eit kritisk element i overvakingsstrategien til Russland. Det har blitt brukt for å arrestere opposisjonsaktivistar og identifisere personar som ignorerte innkalling til militærteneste, der det vart rapportert om arrestasjonar på T-bane og togstasjonar. Sergej Suchkov, adm.dir. i NtechLab, rapporterer at ansiktsgjenkjenning blir utført i 62 regionar, og bidreg til Ministeriet for digital utvikling sitt ‘dataøkonomi’-prosjekt, der ein har som mål å samle ein omfattande profil om borgarane sine aktivitetar.
På noverande tidspunkt er private kamera utilgjengelege for regionale styresmakter, og berre halvparten av dei 1,2 millionar gatekameraa er statleg eigde, som rapportert av digital-utviklingsdepartementet i november 2023. Eit hovudmål er å sentralisere gateovervaking, der private kamera speler ei betydeleg rolle.»
