Russland byrjar å byggje 15-minuttsbyar

Sjå òg «Russland skal utvide overvakingsnettverket sitt og invadere folks privatliv», publisert 1.februar 2024.

I likskap med mange andre vestlege land er òg Russland i ferd med å føre landet i ei meir totalitær retning. Her skal overvakingsstaten innførast, der staten har full kontroll og komplett oversikt over kva innbyggjarane gjer til ei kvar tid – og der folket er heldige om dei får mat, digitale sentralbankstyrte pengar og mikroleilegheiter, dersom dei då er flinke gutar og jenter og oppfører seg. Globalistane sin våte draum er 15-minuttsbyar, der folk har alt dei treng innan 15 minutts spasertur. Denne medaljen har derimot ei mørk bakside. Eliten vil ha det til at folket slepp å fare lenger vekk frå heimen sin enn 15 minutt, medan røynda er at dei ikkje får lov.

Mac Slavo på nettstaden SHTFPlan.com skriv (mi omsetjing):

«Ein ny russisk by ved namn Dobrograd blir no bygt i Vladimir-regionen i Russland. Den blir bygt i samsvar med konseptet 15-minuttsby, der alt som er naudsynt for ein person å overleve ligg innan 15 minutts gåavstand.

Med tanke på informasjonen på heimesida, har bygginga av denne vore undervegs i eit år allereie.

Desse byane er ingenting anna enn slavebinding. Og likevel har folk flest enno ikkje funne ut kva herskarklassane gjer med dei – og Dobrograd er ikkje den einaste, ifølgje ein Substack-artikkel av Redko Da Metko. [Artikkelen er på russisk, men kan omsetjast til norsk ved hjelp av Google Translate-funksjonen dersom du bruker nettlesaren Google Chrome. Dette gjeld òg nettsida som er linka til nedanfor; oms.komm.]

Dobrograd er ikkje den einaste. På nettsida til Sberbank kan du finne ein detaljert presentasjon av ein annan ‘smartby’, og tittelen på artikkelen antydar at dette er den same 15-minuttsby-modellen som den til World Economic Forum.

‘I august 2021 kom 15-minutts-triangelprosjektet til Moskva-byplanen på topp 30-lista av Urban Design Competition, ein internasjonal konkurranse for 15-minuttsbyar. Storleiken på ’15-minuttsområdet’ er 3×3 kilometer.

Moskva-byplanen er ein triangulær modulby i form av eit polysentrisk urbant planleggingssystem. Hovudtransport-nettverk er lokaliserte under bakken, på sjølve bakken er der berre sykkel- og forgjengarruter, og bygningane står på støtter. Ein legg mykje vekt på energieffektivitet: ein planlegg å bruke fornybare energikjelder (sol, vatn, vind).’ – The Daily Exposé.

Ein slik by ved namn Sber City vart utvikla av Herman Gref. Det du tydelegvis gjer etter at du har skapt ‘eit heilt univers av tenester for menneskeliv’, slik som øyremerkingssystem for skulebarn og overvakingskamera som kan ansiktsgjenkjenne maskerte lønnsslavar og til og med laushundar, er at du finn ut korleis du kan slavebinde menneskeheita endå meir. […]

Folk som bur i desse byane kjem til å få alt dei treng innan rekkjevidd, dersom herskarklassen då lèt dei få tilgang til det. Kva kan eigentleg gå gale når dei få har total kontroll over dei mange?»

Kommenter innlegget