Var det noko covid-æraen viste oss, so var det kven som var våre venner og kven som var våre fiendar. Folk viste sine sanne ansikt då alle dei totalitære tiltaka vart innført over natta – og dette skal vi aldri gløyme. Jordan Schachtel publiserte 2.februar 2024 eit innlegg på The Dossier om nettopp dette, i samband med at det no i februar 2024 er fire år sidan Den internasjonale komiteen for virus-taksonomi møttest og gav namn til det nye lungeviruset som dukka opp i slutten av 2019: SARS-CoV-2, forkorting for severe acute respiratory syndrome coronavirus 2. «Alvorleg, akutt luftvegssyndrom koronavirus 2». Det kan diskuterast kor «farleg» dette viruset var, men faktum er at det var sjølve handteringa av viruset som øydela samfunnet. Det var 100% politisk heilt frå byrjinga av.
Schachtel skriv (mi omsetjing):
«Dei forstandige massane er no einige om at det var ingenting spesielt alvorleg med Wuhan-rennenasa, men på dette punktet for fire år sidan var vi vitne til byrjinga på eit virus-skred som hadde som mål å skape øydelegging og elende for den menneskelege sivilisasjonen.
Medan den fyrst vart annonsert som ‘hundreårets pandemi’, vart det raskt tydeleg for fornuftige observatørar at det faktisk ikkje var noko å bekymre seg for.
Problemet er naturlegvis at dei av oss som hadde vit og forstand utgjorde ein ørliten minoritet, spesielt tidleg i 2020.
Alle andre miste fullstendig hovudet.»
Eg skal her vedgå at eg sjølv ikkje fatta mistanke før like over nyttår 2021. Då byrja mitt mareritt, som eg enno opplever etterdønningar av. Vidare skriv Schachtel:
«Medan alle andre gøymde seg i heimane sine og tigga ein eller annan forskrudd politikar å beskytte dei via autoritære ‘vernetiltak’, lo vi av dumskapen i alt dette medan vi samstundes vart forbanna av idiotien og naiviteten.
Statistisk tala var det berre nok ein influensasesong, men den vart følgt av endelause straumar av skremselspropaganda, gjennomsyra av forsettleg øydelegging.
Medan vi kan diskutere om krisa var fabrikkert eller organisk, valde dei som styrte å rette seg etter Rahm Emmanuel sine berømte ord: ‘aldri kast vekk ei krise’. Den globale herskarklassen brukte ‘pandemien’ som våpen for å plyndre sine respektive statskassar og lansere den raskaste tilgrafsinga av makt i menneskehistoria. Fleire hundre millionar liv og levebrød vart øydelagde, og eit virus hadde ingenting med det å gjere.
Dette fører oss til det stadige spørsmålet om ‘pandemi-amnesti’. Korleis skal vi liksom handtere dei menneska og institusjonane som, for berre eit par år sidan, kravde at vi skulle misse rettane våre (og stundom lykkast dei i desse forsøka) for at vi ikkje ville underkaste oss covid-regimet?
I dag tidleg sat eg og las over Substack- og X-arkiva frå dei tidlegare åra av ‘pandemisk’ kommentar. Eg tilrår på det djupaste at du tek ein tur nedover minnegata. Ikkje for nostalgien sin del, men for å hugse kva dei som sat med makta gjorde mot oss, og å hugse korleis våre kollegaer, kjenningar, naboar, venner og til og med familiemedlemmer oppførde seg under denne fabrikkerte og/eller organiske krisa.
Det er òg eit godt tidspunkt å hugse at mot er eit unikt trekk som skil mannen frå mobben. Eg vil alltid setje pris på dei som stod saman med oss i desse mørke tidene, då vi sette i gang ein moralsk og intellektuell kampanje for å forsvare fridommen vår overfor covid-tyranniet.
Covid-æraen var då mange viste sine sanne ansikt, sine sanne prinsipp og sin sanne natur. Det minner meg om då George W. Bush sa i 2008, etter å ha gjeve ein økonomisk redningspakke til Wall Street, at han måtte ‘gå vekk frå frimarknadsprinsipp for å redde frimarknadssystemet’. Med andre ord, når det verkeleg gjaldt, trudde han eigentleg ikkje på prinsippa han påstod at han opprettheldt. Der var mange, mange slike tilfelle av ideologisk vondskap under covid-æraen.
Og tragisk nok var det ikkje berre politikarane som strauk på menneskeheitstesten. I mitt tilfelle, der eg ikkje reiste frå sumpen i Washington D.C. før seint i 2020, var det ganske lenge alle rundt meg.
So nøyaktig korleis taklar vi problemet med pandemi-amnesti?
Enkelte har føreslått at eit amnesti kan bli gjeve for dei fyrste vekene og månadene, der ein innfører ei spesifikk tidslinje for kriminell, politisk og moralsk tilgjeving.
Eg har framleis ikkje bestemt korleis eg skal fullt nærme meg det emnet og det tungtvegande moralske fundamentet. Likevel, den eine tingen vi kanskje kan bli einige om, er behovet for å aldri gløyme.
Vi kan aldri gløyme det dei gjorde, og vi må halde fram med å arkivere den æraen som tvinga alle til å vise sine sanne kort.»
