Ei nyleg spørjeundersøking utført av Rasmussen Reports avslører at 53% av amerikanske vaksne trur at det er sannsynleg at biverknader frå covid-19-«vaksinen» har forårsaka eit betydeleg tal uforklarlege dødsfall. Dette rapporterer Natural News, og dei skriv (mi omsetjing):
«Spørjeundersøkinga, som vart utført mellom 7. og 9.januar og som omfatta 1133 amerikanske vaksne, viser ein auke på fire poeng frå 2022 når det gjeld talet amerikanarar som trur at vaksinane kan vere knytt til uforklarlege dødsfall i USA.
No svarte 30% av informantane at det er ‘særs sannsynleg’ at vaksinane er knytt [til dødsfalla], i motsetnad til berre 16% som meiner det er ‘heilt usannsynleg’ at eit betydeleg tal dødsfall kan tilskrivast covid-19-vaksinane. 11% er usikre, medan resten anten meiner det er ganske sannsynleg eller usannsynleg at vaksinane er involverte.
Vidare viser resultata at 24% av informantane hevdar å ‘personleg kjenne nokon’ som dei trur døydde på grunn av covid-19-vaksine-relaterte biverknader. Dette er ein vesentleg auke frå dei 28% som vart rapportert for eit år sidan. I mellomtida sa 61% at dei ikkje personleg kjenner nokon med ei slik oppleving, og 10% er usikre. […]
Spørjeundersøkinga kasta òg eit lys på generelle oppfatningar av vaksinetryggleik, der 54% uttrykte tvil om den påståtte tryggleiken til vaksinane. 33% meiner at informantar som uttrykkjer bekymring om vaksinetryggleik berre driv og ‘spreier konspirasjonsteoriar’, medan dei gjenverande 13% er usikre. […]
På ein pressekonferanse i mars 2023 åtvara Florida sin Surgeon General [folkehelsesjef; oms.an.] dr. Joseph Ladapo folket om tryggleiksprofilen til mRNA-covid-19-vaksinar og stilte spørsmål ved kor naudsynt det var å administrere dei.
‘Desse vaksinane har ein frykteleg tryggleiksprofil. Eg er ikkje sikker på om nokon burde ta dei; det er den ærlege sanninga,’ fastslo Ladapo.
Han kritiserte Centers for Disease Control and Prevention (CDC) og Food and Drug Administration (FDA) for å ‘fornekte sanninga’, og kritiserte politikken deira, spesielt vaksinasjon av barn mot covid-19.
Ladapo viste til ein studie publisert i The Lancet [eit anerkjent medisinsk tidsskrift; oms.an.] for å bevise poenget sitt om covid-19-vaksinar. Studien fann ut at vaksinerte personar står overfor høgare risiko for å få covid-19, samanlikna med sine uvaksinerte motstykke over tid.
‘Dei viste at etter sju månader byrja beskyttelsen mot infeksjon på rundt 70%, [deretter går den] ned, ned, ned. Ved sju månader går den over til andre sida av aksen. Då blir den negativ, og dette held fram. Storleiken til den negativiteten aukar over tid. Det er eit faktum; har CDC eller FDA nokosinne sagt eit ord om det? Nei,’ sa Ladapo.
I tillegg kom Ladapo med ei helseåtvaring rundt tryggleiken til mRNA covid-19-vaksinar i februar same året, basert på data frå Vaccine Adverse Event Reporting System (VAERS). Statistikken frå VAERS avslørte ein betydeleg auke i biverknader i Florida etter utrullinga av mRNA covid-19-vaksinar.
‘I Florida åleine var der ein auke på 1700% i VAERS-rapportar etter utsleppet av covid-19-vaksinen, samanlikna med ein auke på 400% i generell vaksineadministrasjon i same tidsperiode,’ stod det i åtvaringa.»
I denne videoen frå 16.mars 2023 åtvarar dr. Ladapo om tryggleiksprofilen til covid-19-«vaksinane».
