Trudeau audmjuka: Kanadiske legar avviser WEF sitt eutanasiprogram

Sist veke stemde det kanadiske parlamentet for å stoppe WEF-programmet der dei utfører eutanasi på psykisk sjuke. Dette kjem som ei følgje av sterk motstand frå tusenvis av legar. Dette skal ha gjort statsminister Justin Trudeau mildt sagt indignert. Dette rapporterer The People’s Voice, og dei skriv (mi omsetjing):

«Den WEF-infiltrerte regjeringa i Canada tilbyr medisinsk assistert død til kronisk sjuke, men planen om å utvide programmet til menneske med milde psykiske lidingar har splitta kanadiarar, rapporterte New York Times.

Nypost.com rapporterer: Den kontroversielle retningslinja kan la alle i Canada med ein uhelbredeleg medisinsk tilstand søkje om assistert sjølvmord, sjølv om sjukdommen ikkje er dødeleg, noko som gjer lova til eit av dei mest liberale sjølvmordsprogramma i verda.

Canada innførte medisinsk assistert død etter at Høgsteretten vedtok i 2015 at det å krevje menneske å halde ut utolererbar liding var eit brot på grunnleggjande rettar til fridom og tryggleik.

Lova vart i 2021 utvida til å inkludere menneske som opplevde ‘alvorlege og ukorrigerbare/ukurerbare’ [engelsk grievous and irremediable] tilstandar, slik som depresjon og andre psykiske lidingar.

Meir enn 13 000 kanadiarar fekk utført eutanasi som del av programmet i 2022, rapporterte Daily Mail.

Då programmet vart annonsert i fjor, hevda ein konservativ lovgjevar ‘at den liberale regjeringa til statsminister Justin Trudeau fremjar ein ‘dødskultur’’.

‘Har vi gått for langt og for raskt med Canada sitt program for assistert sjølvmord?’ spurde den konservative parlamentsmedlemmen Ed Fast. ‘Vil vi utvikle oss til ein dødskultur der døden blir det føretrekte valet for dei som lid av psykiske sjukdommar, eller vil vi velje livet?’

Men no set helsetenestepersonar seg til motverje mot planar om å utvide programmet, med den grunnen at der ikkje er nok legar, spesifikt psykiatrar, i Canada til å evaluere psykisk sjuke som ønskjer å døy, ifølgje meldinga gjort av helseminister Mark Holland og justisminister Arif Virani.

Dette følgde etter eit møte i spesial-parlamentskomiteen der dei såg på planen, rapporterte New York Times.

‘Systemet må vere klart, og vi må få det riktig,’ sa Holland til journalistar.

‘Det er tydeleg frå samtalane vi har hatt, at systemet ikkje er klar, og vi treng meir tid.’

‘Sjølv om vi har tidsplanen, sjølv om retningslinjene er ferdige, har der ikkje vore nok tid for folk å lære seg dei, og provinsar og territorium seier at systema deira ikkje er klare, og at dei treng meir tid,’ la han til.

Tenestepersonane kom ikkje med ei tidslinje for endringane, sjølv om utvidinga offisielt er planlagt å gjelde frå 17.mars.

Ei gruppe som støttar medisinsk assistanse til å døy, Dying With Dignity Canada, kom med ei melding som reaksjon på nyheita, der dei oppmoda den kanadiske regjeringa til å tydeleggjere handlingsplanen sin.

‘For dei i landet som lever med behandlingsresistente psykiske lidingar som tolmodig har venta på denne endringa i Canada sine MAID-lover [MAID = Medical Assistance in Dying; namnet på sjølvmordsprogrammet], er Dying With Dignity Canada vonbrotne og deler frustrasjonen til den vedvarande ekskluderinga, stigmatiseringa og diskrimineringa basert på diagnose,’ sa gruppa.»

One comment

Kommenter innlegget