Ifølgje Russia Today (rt.com) har den amerikanske konservative programverten Tucker Carlson vore fleire dagar i Moskva. Telegram-kanalen Mash la ut fleire bilete av Carlson sist laurdag 3.februar, der han var i Bolsjojteateret i den russiske storbyen. Der såg han balletten Spartacus. Det er uvisst kva som er føremålet med turen hans, men det har sidan i fjor gått rykte om at han har planar om å intervjue den russiske presidenten Vladimir Putin.
Som RT skriv (mi omsetjing):
«Talsmann i Kreml, Dmitry Peskov, utelukka ikkje moglegheita for at Carlson kjem til å intervjue Putin då han vart spurt om det i september, sjølv om han forklarte at den russiske leiaren kjem til å vente med å setje seg ned med nokon amerikansk journalist fram til den amerikanske befolkninga ikkje lenger var so ‘alvorleg lamslegne av Russland-hatande propaganda’.
Carlson sjølv sa til den sveitsiske nyheitsformidlaren Die Weltwoche at han hadde blitt hindra i å lage til eit intervju med Putin av Det kvite huset. Medan han uttrykte forferding over å ikkje få meir støtte frå sine journalistkollegaer når det gjaldt intensjonen hans å å ha eit intervju med den russiske presidenten, og stilte spørsmål ved kvifor amerikanarar ‘ikkje får lov til å høyre’ stemma til Putin, takka han nei til å kome med vidare detaljar rundt når intervjuet skulle ha funne stad, eller korleis president-administrasjonen til Joe Biden greip inn for å stoppe det.
Den tidlegare Fox News-verten hevda at tidlegare forsøk på å sikre seg eit intervju med Putin hadde ført til aggressiv overvaking av National Security Agency [«byrå for nasjonal tryggleik»], der han visstnok vart ‘eksponert’ av spionane og innhaldet i e-postane hans vart lekne til media i 2021 for å ‘måle [han] som ein illojal amerikanar’ og tvinge han vekk frå kabel-TV-nettverket. NSA nekta for at Carlson var eit etterretningsmål, og hevda at dei aldri hadde ønske om å ta han av lufta.
Trass at han fekk gode sjåartal i beste sendetid i årevis, fekk Carlson sparken frå Fox News i april av grunnar som aldri har blitt offentleggjort. Han lanserte deretter sitt eige prateprogram som blir strøymt på X (tidlegare Twitter).
Medan Carlson stadig har blitt demonisert av det amerikanske medieetablissementet som ein ‘nyttig idiot’ for Moskva – om ikkje til og med ein russisk agent – på grunn av skepsisen hans til utanrikspolitikken til Washington og spesifikt konflikten i Ukraina, har journalisten aldri tidlegare besøkt Russland eller arbeidd med russiske medieorganisasjonar.»
Zero Hedge skreiv i helga òg om Carlson sitt mystiske opphald i Moskva, og bilete av han på ein russisk flyplass og i Bolsjojteateret kan sjåast der.
