Ungarns statsminister skuldar EU for utpressing for å tvinge han til å støtte Ukraina

Nyleg skulda Viktor Orbán, statsministeren i Ungarn, EU for utpressing etter at ein rapport lak ut som antydar at blokka var førebudd på å trekkje all økonomisk støtte til Budapest dersom Orbán ikkje slutta å vere imot at EU-budsjettet skal brukast til krigen i Ukraina. Dette rapporterte ReMix News 31.januar 2024. Det var i eit intervju med det franske vekebladet Le Point at Orbán dobla innsatsen sin når det gjaldt regjeringa hans sin ståstad rundt den pågåande konflikten, og insisterte at han ikkje kunne bli tvinga til å fråvike prinsippa sine.

Som Orbán sa til vekebladet (mi omsetjing):

«Ingenting har endra seg. So den ungarske posisjonen forblir tydeleg: Etter kvart som tida går, held vi fram med å tru at der ikkje finst noka militær løysing på kringen i Ukraina […]. Uheldigvis trur dei 26 andre partia at der finst ei militær løysing. Forslaget deira peiker i retning av ei militær løysing, som eg ikkje støttar. Vi trur at den einaste løysinga er ei diplomatisk løysing. […] Den ungarske regjeringa blir beden om å gje Ukraina 50 milliardar euro over fire år. Sidan vi ikkje likar eskaleringa av krigen og vi ikkje meiner at løysinga kan bli funnen på slagmarka, likar vi ikkje dette forslaget. […] Det fundamentale problemet i denne saka er suverenitet. Ungarn, som ein suveren stat, går imot dette tillegget til budsjettet. Uheldigvis blir ikkje denne retten til eit uavhengig land akseptert av dei 26, so dei legg press på oss og utpressar oss til å slutte oss til dei […].»

Kort fortalt meiner Orbán at det er eit brot på sjølvstenda til Ungarn dersom landet blir tvinga til å støtte Ukraina. Som dei fleste med vit og forstand, skjøner han at krig ikkje er løysinga på Ukraina-konflikten, og at partane snart må kome seg til forhandlingsbordet før alle ligg døde på slagmarkene og alle våpenlagera er brukt opp.

Som Natural News skriv om saka 4.februar:

«Trass Ungarns opposisjon til å bruke EU-budsjettet på direkte betalingar til Ukraina, presenterte Orbán eit alternativt kompromiss under intervjuet [med Le Point].

Han føreslo at Ungarn kunne vere opne for å delta i ei løysing dersom EU kan garantere ein årleg gjennomgang, der Ungarn får bestemme om dei vil halde fram med å gje dei øyremerkte midlane eller ikkje.

Ifølgje Orbán har denne føreslegne tilnærminga som mål å gjenopprette og oppretthalde sameininga i Den europeiske unionen medan ein framleis respekterer prinsippa til individuelle medlemsstatar.

I det omfattande intervjuet la Orbán òg vekt på den potensielle tilbakevendinga til tidlegare president Donald Trump i Det kvite huset.

Orbán la vekt på behovet for tilstadeveringa til Trump i Europa, og tolka Trump sitt slagord Make America Great Again som legitimering av eit liknande framtidshåp for Europa.

Orbán, som lovpriste Trump som ein av dei mest vellykka presidentane når det gjeld utanrikspolitikk, peikte på Abraham-avtalane som ein betydeleg veg mot fred i Midtausten.

Den ungarske leiaren spekulerte i om dersom Trump hadde vore i embetet i februar 2022, ville kanskje ikkje krigen i Europa ha skjedd, og uttrykte tvil om å finne ein annan sterk leiar som er i stand til å avslutte konflikten. […]

Sist månad samla EU-leiarar seg i Brüssel for eit særs viktig toppmøte som hadde som mål å oppmode Orbán til å trekkje sitt veto på spesialfondet på 50 milliardar euro for Ukraina.

Trass bøner frå Ukraina, har opposisjonen til Orbán blokkert ny økonomisk bistand, og etterlate den krigsherja nasjonen i akutt behov for 34,45 milliardar euro (37,22 milliardar dollar) for å finansiere essensielle tenester og halde økonomien flytande gjennom 2024.

Situasjonen eskalerte i midten av desember då Orbán blokkerte det føreslegne fondet, noko som førde til lovverksmessig stillstand [ein kunne ikkje gå vidare fordi det ikkje var einigheit i forsamlinga; oms.komm.].»

Regelen om at alle vedtak må vere einstemmige, som er ein viktig del av EU-demokratiet, har dermed ført til at Orbán sit i ein posisjon der han åleine kan stoppe avgjerder om til dømes vidare støtte til Ukraina. Difor er han no under press frå resten av EU-blokka for å endre sin og Ungarn sin ståstad når det gjeld å pøse på med pengar på USA og NATO sin stadfortredarkrig mot Russland. Enkelte hevdar at Orbán utnyttar regelen om einstemmigheit, og det skal ha vore amper stemning på toppmøtet.

I denne videoen erklærer statsminister Viktor Orbán at Ungarn ikkje kan utpressast til å underkaste seg.

Kommenter innlegget