Det kan ikkje seiast ofte nok: munnbind beskyttar ikkje mot å bli smitta av virus, sidan viruspartiklane lett trengjer gjennom porene på munnbinda. Fullverdig smitteutstyr når ein skal vere nær virussjuke er munnbind i tillegg til visir, vernebriller, eingongshanskar i nitril eller lateks og gul smittefrakk. Munnbindpåbod vart trumfa gjennom i nesten alle WHO sine medlemsland nærast over natta, men den eigentlege grunnen var å enkelt sjå om folk var lojale mot ordrane dei fekk frå styresmaktene. Seinare vart munnbind brukt for å enkelt skilje uvaksinert helsepersonell frå sine fullvaksinerte kollegaer gjennom differensierte retningslinjer som enno manglar reell vitskapleg grunngjeving. Det var vel difor dei forsvann like fort som dei dukka opp.
No har helsetenestepersonar i Storbritannia innrømt at dei medisinske munnbinda som regjeringa tvinga på alle under covid er fullstendig ubrukelege i å beskytte folk mot sjukdommen. Ethan Huff i Natural News skriv (mi omsetjing):
«Britiske Health Security Agency (UKHSA) publiserte ein rapport som dekte ei etterforsking rundt dei mest populære medisinske munnbinda som folk brukte under ‘pandemien’, inkludert N95, KN95 og FFP2-modellane som folkehelseautoritetar sa ville hindre covid-‘dropesmitte’ frå å spreie seg.
Data vart samla opp gjennom september 2022 og inkluderte risikogrupper slik som personar med Down syndrom, enkelte kreftpasientar og personar med sjukdommar i immunforsvaret.
Vitskapsfolk såg på totalt 4371 studiar om covid, der ikkje ein einaste av dei adresserte effektiviteten til N95 og andre tilsvarande typar av munnbind. Faktisk, i konklusjonen til etterforskinga, var forskarar ute av stand til å finne eit einaste stykke brukande vitskapleg evidens som støtta det å gå med medisinske munnbind som beskyttelse mot covid.
‘Gjennomgangen identifiserte ikkje nokon studiar for inkludering, og kunne dermed ikkje gje nokon evidens som svarte på forskingsspørsmålet,’ skreiv forfattarane. ‘Ingen studiar som matcha inkluderingskriteria kunne oppdrivast, so ingen evidens kunne presenterast.’
(Relatert: Hugsar de alle påstandande om at covid vart spreidd av ‘asymptomatiske berarar’? Alt saman var ei løgn.)
Som de truleg veit godt, var munnbinddebatten ein særs kontroversiell ein som, generelt tala, raste mellom venstresida som var for munnbind, og høgresida som var mot. Å sjå nokon med munnbind på offentleg stad i USA vart ein måte å identifisere ein ‘Demokrat’, medan nokon som viste ansikta sine generelt var ‘Republikanarar’.
Den akademiske og vitskaplege verda var òg splitta rundt temaet, sidan dei meir ‘progressive’ deltakarane støtta munnbind og munnbindpåbod medan deltakarane som tenkte meir utanfor boksen støtta retten til å puste fritt.
Tapt i all debatten var den faktiske vitskapen som støtta munnbindbruk, vitskap som vi no veit ikkje eingong eksisterer. UKHSA såg etter den, men fann den ikkje – og UKHSA er ikkje eit partisan-organ som har sterke kjensler rundt det å gå med munnbind eller ikkje.
I ein kommentar til den nye forskinga, sa professor ved Oxford universitet, Carl Heneghan til The Telegraph at det er ‘eit betydeleg nederlag’ at det aldri var nokon høgkvalitets forsøk utført når det gjaldt effektiviteten til munnbind.
‘Eg skjøner ikkje kvifor det har vore mangel på vilje til å gjere høgkvalitetsforsøk på dette området,’ sa han. ‘Vi har fullstendig mislykkast i å adressere dette emnet, og eg vurderer det faktisk å vere eit emne som [covid-]undersøkinga treng å ta ein nærare titt på.’
‘For dei med liten risiko speler desse spørsmåla ikkje so stor rolle, men dersom du er i høgrisikogruppa ønskjer du verkeleg å få eit svar på dette spørsmålet. Du ønskjer å få vete svaret.’
Det seier mykje om den noverande stoda til vitskapen når masker vart pusha og til og med påbodne basert på politikk og minimalt med evidens som knapt nok kan reknast som evidens.
‘Dersom der dukkar opp ein annan pandemi rundt hjørnet, har vi framleis ikkje adressert nokon av desse problema,’ la Heneghan til. ‘Vi har ikkje lært nokon ting.’
Interessant nok hadde UKHSA tidlegare publisert ein rapport som hevda at alle typar munnbind hjelpte til med å redusere overføring av SARS-CoV-2, og at N95-modellar er mest effektive. No har desse tidlegare påstandane blitt gjort ugyldige basert på den nyaste evidensen, eller mangel på den, når det gjeld munnbind.
‘Det er kanskje overraskande at der på ingen måte finst ingen konkluderande evidens [om munnbind fungerer], med tanke på at SARS-CoV-2 kanskje er det mest studerte viruset nokosinne, og det at bruk av munnbind alltid var eit høgt debattert emne,’ kommenterte dr. Aodhán Breathnach, ein rettleiande globalhelse-mikrobiolog ved UKHSA og rettleiande medisinsk mikrobiolog ved St. George’s University Hospitals.
Covid-munnbind var eit påtvinga ritual, ikkje ein legitim medisinsk intervensjon.»
