Mikroleilegheiter (les: kott) blir av herskarklassen haussa opp som ein praktisk, framtidsretta og berekraftig måte å leve på. Desse små bura, som dei jo eigentleg er, tek ikkje mykje plass, og kan lett setjast opp eller fjernast etter behov. Sidan det er so lite plass i dei, vil bebuarane måtte leige alt dei treng i ein automat nede i resepsjonen, som til dømes støvsugarar og skrivarar. Revolver.news publiserte ein artikkel om desse sokalla «poddane» 3.februar, og skriv (mi omsetjing):
«Venstresida sitt maniske fokus på ‘klimaendring’ handlar i sin heilskap om makt og kontroll – det å diktere kva folk kan gjere og detaljstyre kvart aspekt av liva deira, frå dietten til buforhold og daglege rutinar. Og når ein snakkar om buforhold, har du truleg høyrt om desse ‘poddane’ som dei prøver å glamorisere. Førestill deg å tilbringe livet i noko som er på storleik med eit walk-in garderobeskap. Særs elendig, men venstresida målar dette som ei form for ‘grøn utopi’.
WEF-nettsida kallar poddane sine ‘kreative og stilfulle’ og driv og pushar dei som ein måte å handtere heimløyse, men du veit at den vidare planen deira er å få alle til å bu i desse dystopiske kotta.
WEF skriv:
‘Framlab forklarer at kvar pod er meint å komfortabelt huse éin enkelt person og kan skreddarsyast for å møte vedkomande sine behov og livsstil. Tilkomst er via ei trapp bygt inn i stillaset. Poddane er enkle å montere og passe saman med kvarandre, noko som òg lèt dei enkelt fjernast dersom dei – eller bygningen dei er knytt til – treng reparasjonar eller utviding.’
Agendaen til den globalistiske grøne kommunistrørsla er temmeleg enkel: skvise bønder saman i dei minste buareal ein kan tenkje seg, frårøve dei eigarskap, diktere dietten deira (insekt og planter), og avgrense reiseverksemda deira til kor enn ein sykkel eller deira to føter kan ta dei. Dette er i all sanning ei side henta rett ut or boka til det undertrykte folket i Nord-Korea, og dei er viljuge til å døy for å sleppe vekk frå den livsstilen. Likevel ser venstreorienterte ut til å ønskje velkomen denne statsdikterte eksistensen, der dei blir instruerte i korleis dei skal leve av styrtrike elitar som nektar å følgje dei same reglane. Det er anten sektliknande underkasting, Stockholm-syndrom eller regelrett uvit. Kanskje er det ein kombinasjon av alle tre.
Ein får verkeleg nifse vibbar når folk som blir fødde i eit visstnok ‘fritt land’ faktisk omfamnar det å få grunnleggjande naudturfter ‘utdelte’ eller ‘utleigde’ til dei, anten fordi poddane deira er for små, eller fordi staten trur dei ikkje vil kunne bruke gjenstandane ‘ansvarleg’ på eiga hand. Dette fører oss til den nyaste dystopiske tingesten som sannsynlegvis vil kome til eit leilegheitskompleks nær deg. Då vil du få lov til å spasere ned til ein diger automat og leige kva enn slags gjenstand du treng. Det høyrest vedunderleg ut, gjer det ikkje? Førestill deg å leige ein støvsugar og spreie rundt nokon andre sine hudflak, hår og støv overalt i den knøttvesle podden din, alt for den nette sum av seks kroner minuttet!
Noor Bin Ladin delte dette urovekkjande og dystopiske klippet på sin populære X-konto.
Når du ser eit klipp som dette, må du vel byrje å lure på tankesettet til enkelte av desse skrullingane. Kva er det med tankelaus liberalisme som får folk til å muntert gå planken medan dei gliser heile vegen? Det er ei gjentaking av covid-vaksine-scenarioet. Dersom staten knipsar med fingrane, so hoppar dei – og stiller ingen spørsmål. Desse folka ville truleg amputere ein lem dersom staten hevda det ville ‘redde planeten’. Det får deg til å innsjå at liberalisme eigentleg er ei psykisk liding. Dei ser ut til å vere begeistra over å bu i ein podd, knaske på insekt og eige ingenting. Godt for dei, men ikkje tru eit sekund at resten av oss er nemneverdig ivrige etter å slutte oss til dei.»
