Nettavisa Breitbart rapporterer 6.februar 2024 (mi omsetjing):
Den skattepengefinansierte Australian Broadcasting Corporation (ABC) har blitt tvinga til å avlyse ein drag queen eventyrlesingsseanse for barn heilt ned i treårsalderen etter at motstandarar protesterte.
Det fire timar lange arrangementet som etter planen skulle haldast i ein forstad til Sydney i New South Wales, var laga for å vere ein introduksjon til byens årlege Mardi Gras-veke for homofile og lesbiske.
Drag-artistar [menn kledde og sminka som damer; oms.an.] skulle etter planen lese bøker til barn, noko som førde til opprør blant lokale innbyggjarar, kristne grupper og lovgjevarar som stilte spørsmål ved om seansen var passande for svært unge barn.
Andre hevda at arrangementet i delstatshovudstaden var ei form for ‘kjønnsindoktrinering’ basert på LGBTQIA+-prinsipp.
ABC ser no på alternativ til å vere vert for arrangementet i kjølvatnet av det dei kallar ‘hatefull og krenkjande respons’, som dei la ut om i meldinga om avlysinga:
‘ABC fordømmer den hatefulle og krenkjande responsen vi har motteke frå enkelte individ som respons på annonseringa av dette arrangementet. Arrangementet vil ikkje lenger bli halde på Rockdale-biblioteket og ABC ser på korleis vi trygt kan vere vertar for det.
ABC inviterte familiar frå LGBTQIA+-samfunnet for å ta del i Drag Queen Story Time-arrangementet som skulle bli filma som del av vår dekning av Mardi Gras. Desse arrangementa er laga for familiar og blir ofte arrangerte på offentleg stad.
ABC er den offisielle vertskringkastaren for 2024 Sydney Gay and Lesbian Mardi Gras. Som del av denne partnarskapen viser ABC fram mangfaldet i LGBTQIA+-samfunnet, i del med vår Charter-plikt til å reflektere alle australiarar.’
Women’s Rights Network Australia sin medgrunnleggjar Kit Kowalski sa til Sydney-avisa Daily Telegraph at mange kvinner hadde uttrykt bekymring rundt arrangementet til ABC.
‘ABC går [utover] sitt ønske om å reflektere den nasjonale karakteren ved å aktivt organisere kontroversielle arrangement der mannfolk kledde i ein seksualisert karikatur av kvinner les bøker til barn,’ sa Kowalski.
ABC får meir enn éin milliard dollar av australske skattepengar årleg.»
Kommentar frå Saksyndig: Liknande arrangement kjem òg til å bli haldne i Noreg i næraste framtid, sannsynlegvis på ditt lokalbibliotek. Etter mitt syn må vi, det norske folket, gje bestemt verbalt uttrykk for at dette vil vi ikkje ha noko av! Helst burde det arrangerast fredelege demonstrasjonar utanfor alle offentlege bygg der slike arrangement blir haldne.
