Den nye forskings- og høgare utdanningsministeren Oddmund Hoel hadde knapt hatt si fyrste veke på jobb før ein kontrovers frå fortida råka han òg. Medan hans forgjengar Sandra Borch trekte seg på grunn av plagiat på mastergradsoppgåve, og «helseministeren» har teke ansvar ved å bli sitjande medan ho regelrett lyg om si eiga plagieringssak, har Hoel innrømt at han forfalska medlemslistene til Norsk målungdom for godt over 20 år sidan. Denne saka er no forelda, og vil ikkje få juridiske konsekvensar for han. Med det ser jo ganske dårleg ut for ein statsråd å vere involvert i det som i praksis er tjuveri frå det offentlege.
So… Kva er stridens kjerne i denne medlemsjukssaka?
Det var Firda, lokalavisa i Sunnfjord, som fyrst rapporterte om medlemsjukssaka, og so følgde Nettavisen opp med artikkelen «Tordenskiolds soldat». Kort fortalt fatta to unge medlemmer på 2000-talet mistanke om at der var noko muffens med medlemstala, og byrja so å leite bak ryggen på leiinga i målungdommen. Tusenvis av dokument vart samanfatta i ein rapport på 41 sider som vart sendt til Økokrim og TV 2. Resultatet vart ein episode i serien Rikets tilstand i 2002 som avslørte omfattande medlemsfusk. Millionar hadde blitt håva inn basert på «oppblåste medlemslister og lokallag som kun eksisterte på papiret». Skandalen var eit faktum. Økokrim etterforska saka og seks tillitsvalde vart dømde til ubetinga fengsel i Oslo tingrett.
Hoel sjølv sat i leiinga i Norsk Målungdom (NMU) frå 1991 til 1994, «først som generalsekretær og deretter som nestleder og medlem av sentralstyret. Senere satt han som leder i Noregs Mållag (1999-2002)». Ein av varslarane som avslørte svindelen meiner at Hoel var «del av et nettverk av juksemakere som sørget for økonomisk støtte gjennom medlemssvindel». Som generalsekretær hadde Hoel ifølgje ein attest frå 1996 ansvar for medlemsregistrering og rekneskapsføring mellom 15.januar 1991 og 30.juni 1992. Varslaren seier at det var «svindel med stort sett alt»; medlemstal, talet medlemmer, støtte til kurs som aldri fann stad – og Hoel visste om det.
Nettavisen skriv at Hoel aldri vart etterforska av Økokrim, fordi påtalestyresmakta konkluderte med at saka var forelda.
Ifølgje ein annan artikkel i Nettavisen, har Statsministerens kontor (SMK) bekrefta at statsminister Jonas Gahr Støre har visst om saka. Som statssekretær Halvard Ingebriktsen ved SMK seier til Nettavisen: «Statsministeren var orientert om denne saken. Den var også tema i samtalen Oddmund Hoel hadde med stabssjef ved SMK før han ble statsråd […].»
Kva som vil skje vidare med Hoel er uvisst. Det kan derimot vere interessant å sjå på sjølve saka, som vakte stor kontrovers i målrørsla på tidleg 2000-tal, då eg sjølv var medlem i NMU. NRK skreiv sjølv om saka tilbake i desember 2003 (saka er ironisk nok skriven på bokmål): Alle seks innrømte straffskuld, og hevda dei var fanga av eit system som hadde eksistert i mange år, iallfall sidan 80-talet. Den då 26 år gamle kvinna som var dagleg leiar i 1998 sa:
«Jeg var i en situasjon der jeg følte meg bundet av en sterk lojalitet til organisasjonen og målsaken. Alternativet ville være å legge ned organisasjonen.»
Alle seks tiltalte hadde sentrale posisjonar i NMU mellom 1997 og 2001. I det tidsrommet vart det til saman utbetalt 3,9 millionar kroner (i dåverande pengeverdi) frå Fordelingsutvalet.
Saksyndig har i all beskjedenheit rota inne i eit gammalt klesskap i Sunnfjord og funne gamle utgåver av vekeavisa Dag og Tid og Motmæle, medlemsavisa til Norsk Målungdom. Laurdag 20.desember 2003, side 4, kunne ein lese i Dag og Tid at dei seks tiltalte 17.desember i Oslo tingrett i vart dømde til fengselsstraff i tre til seks månader, og NMU måtte betale tilbake rundt 2,9 millionar til staten. Dåverande leiar i NMU, Unn C. Fyllingsnes, sa følgjande til Dag og Tid:
«Først vil eg seie at NMU seier seg svært leie for det som har skjedd, og at vi tek klar avstand frå medlemsfusk. Det er viktig for meg å understreke at vi i dag følgjer alle gjeldande reglar.»
På spørsmål om korleis NMU skal klare å betale tilbake 2,9 millionar kroner, svarte ho:
«Eg håpar at vi kan få til ei tilbakebetalingsordning.»
Dåverande leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad, sa til avisa:
«Det er ei trist sak på alle måtar. No er det slått fast at det har gått føre seg medlemsfusk i Norsk Målungdom, og at det har vore eit press som dei dømde har kjent seg bundne av.»
Dag og Tid skreiv på leiarplass at Mållaget burde gjennomføre ei eiga gransking av saka. Brunstad sa at Mållaget ikkje ville agere som politi eller påtalemakt, men «[d]et vi derimot kan og vil granske, er om for høg NMU-representasjon på landsmøta våre kan ha påverka vedtak urettmessig.»
Dag og Tid: «Ein kan vel ikkje finne ut kven som har røysta kva?» [i tydinga: det går vel ikkje an å finne ut om stemmer kjem frå eksisterande eller fiktive medlemmer?; min kommentar]
«Nei, men kanskje kan ein sjå ut frå røystetala om det er sannsynleg at overrepresentasjon frå NMU har vippa ei avgjersle, seier Brunstad. Han viser til det omstridde valet av Oddmund Hoel som leiar i Mållaget i 1999 [mi utheving]. Sitjande leiar Liv Ingebrigtsen vart kasta med 102 mot 77 røyster.»
Brunstad: «NMU hadde til saman 22 representantar på landsmøtet. Dersom vi skal tru tala frå TV 2, skulle dei ha hatt 17. NMU-representantane gjorde altså ingen skilnad. Hoel ville ha vorte vald uansett [òg mi utheving] […].»
Laurdag 3.januar 2004 fekk Endre Brunstad publisert eit innlegg i Dag og Tid, der han mellom anna skreiv: «No er vi interesserte i at Norsk Målungdom gjer opp for seg økonomisk og kjem seg vidare. Noregs Mållag vonar Målungdommen kan få ei tilbakebetalingsordning overfor Barne- og familiedepartementet, slik andre ungdomsorganisasjonar som er dømde for medlemsfusk har fått. […] Aktivistane i Norsk Målungdom har gjort og gjer eit viktig arbeid for nynorsken blant ungdom. Håpet er at den oppryddinga som no har skjedd, kan gi arbeidet ein ny giv.»
I eit innlegg publisert på same side tek NMU-leiar Unn C. Fyllingsnes avstand frå medlemsjuks, og skriv at dei har ordna opp, og har gode rutinar når det gjeld registrering av medlemmer.
Når det gjeld identiteten til dei to som varsla Økokrim, visste alle i målrørsla på den tida kven dei var og kva dei hadde gjort. I NMU sitt medlemsblad Motmæle kunne ein i 2004 lese ein artikkel av bladstyrar (redaktør) Inger Johanne Sæterbakk om rettssaka. Der skriv ho:
«Eit noverande og tidlegare medlem i organisasjonen stod bak avsløringane om overrapporteringa av medlemer, som kom fram i TV2-programmet Rikets Tilstand i fjor haust. Klaus Johan Grønset Myrvoll og Olav Torheim laga våren 2001 ein omfattande rapport om medlemsjukset i Norsk Målungdom. På denne tida satt Myrvoll i sentralstyret og hadde tilgang til skrivarstova. Fleire netter den våren kopierte han datafiler frå NMU og sende over til Torheim, som knekte passord på datafiler. Saman fann dei ut korleis overrapporteringa hadde gått føre. […]
I retten kom det fram at Torheim og Myrvoll aldri vurderte å ta dette opp i organisasjonen. Dei vurderte heller ikkje å ta opp saka med Noregs Mållag, men sendte i staden for ein anonym rapport (skriven på bokmål) til Økokrim. Då Økokrim ikkje tok tak i saka, tok Torheim og Myrvoll kontakt med TV2 og Rikets Tilstand, som altså viste eit program om NMU i oktober 2002.
Myrvoll og Torheim er kjende namn frå høgnorskrørsla, og står bak utgjevinga av bladet Målmannen.»
Sjølv hugsar eg at eg våren 2003 deltok i og vann ein novellekonkurranse for NMU. Novella, som mellom anna fekk skryt av Ragnar Hovland, kom på trykk i Motmæle, og fyrstepremien var eit gåvekort på bøker frå Samlaget. Dette gåvekortet såg eg aldri noko til, trass gjenteken kontakt med styret. På grunn av generell mistillit til NMU sa eg opp medlemsskapet mitt der våren 2004. Den mest kjende aktiviteten eg hadde i målrørsla, var å konfrontere redaktørane i VG og Dagbladet om kvifor dei nekta journalistane sine å skrive nynorsk. Nynorskforbodet var ei mykje omtala sak i NMU på tidleg 2000-tal. Dåverande redaktør i Dagbladet etterlyste dokumentasjon på at dette var tilfelle, medan ein distribusjonsagent for Dagbladet på Vestlandet bekrefta at nynorsk ikkje var tillate på redaksjonell plass i avisa.
