Er den noverande Putin ein erstattar installert av Dei kvite hattane?

David Sörensen på nettsida Stop World Control stiller i ein artikkel mellom anna spørsmålet kvifor djupstaten er so desperate etter å øydeleggje Russland. Han har òg si eiga forklaring på kvifor Tucker Carlson sitt intervju med president Vladimir Putin har sett so mange sinn i kok, og kvifor National Security Agency, eit byrå for nasjonaltryggleik, nærast prøvde å sabotere intervjuet. All kontroversen koker ned til to spørsmål: Kvifor skal Putin svertast og demoniserast for ein kvar pris? Kvifor er Zelensky nærast overeksponert i vestlege media medan folk flest i Vesten knapt nok har høyrt stemma til Putin?

Eit ganske so plausibelt svar på dette er ifølgje Sörensen at djupstaten ikkje kan rettferdiggjere ein global krig mot Russland dersom halve befolkninga veit at Putin ikkje er den sinnssjuke diktatoren han blir påstått å vere. Med hans eigne ord (mi omsetjing):

«Faktisk, dersom dei såg hans snille auge, høyrde hans miskunnsame hjarte, lytta til bøna hans om fred, og forstår at han har ingen som helst intensjon om å øydeleggje halve menneskeheita, kan det kanskje gå opp for verda at dei har blitt logne til.»

Kvifor prøver so mange vestlege nasjonar alltid å øydeleggje Russland?

«Fyrst av alt må vi forstå at desse nasjonane blir kontrollert av den nemnde djupstaten eller Kabalen. Dette er eit globalt nettverk av astronomisk rike vesen som manipulerer regjeringar i retning av ein éiverdsstat under deira styre (som denne rapporten beviser). Når vi fyrst forstår dette, kan vi finne svaret på kvifor dei prøver å øydeleggje Russland.

Den russiske presidenten Vladimir Putin er i direkte opposisjon til agendaen deira for verdsdominans.

I årevis har Putin fordømt normaliseringa av pedofili og galskapen til transkjønnsideologi i Vesten, medan han forsvarer kjernefamilien. Han formaner jamleg verda å gå tilbake til kristne verdiar, og fordømmer involveringa mange vestlege leiarar har i satanisme. Putin er sanneleg deira verste fiende.

Russland var ein gong ein nasjon under kontrollen til dei vestlege elitane, under kommunist-æraen, men rundt 2012 skjedde det noko djuptgripande, og Russland vart frigjort frå denne påverknaden. Desse bileta viser begge ‘Putin’. Skilnaden er at den fyrste [den til venstre; oms.an] er den originale Putin, som var ein Young Global Leader frå World Economic Forum, posisjonert i Russland for å gje landet over til Kabalens hender. Han var ein pliktoppfyllande tenar til dei vestlege elitane. Sjølve skuleeksempelet på ein forrædar.

I 2012 forsvann plutseleg den originale Putin fullstendig frå scena, og nokre månader seinare dukka ein fullstendig annleis mann opp – den noverande ‘Putin’.

Bileta viser den slåande kontrasten mellom desse to mennene. Ikkje berre har Putin plutseleg eit fullstendig annleis hovud og kropp, men viktigast av alt: han gjorde ei heilomvending frå å tene Kabalen, til å opponere mot dei. I staden for å gje Russland over i deira hender, redda han Russland frå deira grep.»

Sjå òg denne memen for meir samanlikningar mellom «Putin 1» og «Putin 2». Lesaren blir her oppfordra til å trekkje sine eigne konklusjonar. Er det same fyren?

Eit legitimt spørsmål som Sörensen òg stiller, er:

«Men dersom mannen som speler rolla til Putin er god, kvifor invaderte han Ukraina? Fordi Ukraina var eit sentralt hovudkvarter til dei kriminelle operasjonane til den verdsomspennande djupstaten. Regjeringa i Ukraina var direkte installert av den amerikanske djupstaten for å bli deira marionett-regjering.»

Stop World Control laga ein omfattande rapport om sanninga om Ukraina, som kan lesast her. Kort fortalt er Ukraina eit knutepunkt for USA-finansierte biolaboratorium, der ein gjorde covid-19-forsking i… 2019! Dette til og med etter instruksar frå det amerikanske forsvarsdepartementet, som dette dokumentet visstnok skal vise. Sörensen skriv:

«Då Russland invaderte Ukraina, avslørte dei eksistensen av eit stort tal USA-finansierte biolaboratorium, som utgjorde ein eksistensiell trugsel mot heile menneskeheita.

Den russiske invasjonen vart fokusert på å plukke frå kvarandre desse biolaboratoria. Ved å øydeleggje dei redda Russland potensielt verda frå ufatteleg øydelegging, sidan mange fleire biovåpen langt verre enn covid kunne ha blitt sleppt lause i framtida.

Ukraina var òg eit sentralt punkt for menneskehandel med barn, kvitvasking av pengar, den internasjonale narkotika-industrien og handel med menneskeorgan. Det var eit kriminelt kjernesenter for CIA og den globale djupstaten. Ukraina er òg hovudkvarteret til George Soros, ein av verdas mest kjende meisterkriminelle som kjøper regjeringar og nyheitsformidlarar, og som er kjent for sine operasjonar som styrtar heile nasjonar ved å finansiere sosial uro slik som BLM [Black Lives Matter] og Antifa.»

Dei ukjende kreftene som er på vår side, Dei kvite hattane, kan dermed ha installert ein som liknar mykje på Putin, fordi han i kraft av å vere Russlands president lettare kan vere med på å vinne kampen mot dei verdsomspennande kriminelle elitane. Takka vere «Putin» vil Kabalen dermed mislykkast i sine ambisjonar om verdsherredømme og eit moderne føydalsystem der alle er slavar og eig ingenting. Med hans eigne ord (eller dei til hans «erstattar»):

«Same kor mykje Vesten og den supranasjonale eliten strevar med å bevare den eksisterande ordenen, vil ein ny æra og eit nytt stadium i verdshistoria kome.

Berre genuint suverene statar er i ein posisjon til å sikre ein høg vekstdynamikk og bli ein rollemodell for andre når det gjeld levestandar og livskvalitet, beskyttelsen av tradisjonelle verdiar og høge humanistiske ideal, og utviklingsmodellar der eit individ ikkje er eit middel, men sjølve målet.»

Med «ein ny æra» meiner ikkje mannen som agerer Putin den nye verdsordenen, men han antydar at elite-æraen vil ende, og gje plass for ei betre framtid for menneskeheita.

Det einaste spørsmålet eg har er: Dersom den noverande Putin er ein annan mann, kor har då den originale Putin blitt av?

Kommenter innlegget