No åtvarar sjølv dei tilsette i eit av vaksineselskapa at mRNA-baserte vaksinar er giftige, rapporterer Ethan Huff i Natural News. Men for å behalde jobbane sine, heilgarderer dei seg ved å skrive at injeksjonane framleis er trygge og effektive. Det blir omtrent som om nokre tilsette hjå ein bilprodusent føretek ein risikoanalyse og oppdagar at kollisjonsputene i bilane deira er defekte – og likevel hevdar at bilen framleis er 100% trygg å køyre. I ein slik kontekst er det straffbart å halde tilbake slik informasjon, sjølv om sjefen trugar med å gje dei sparken om dei går ut med informasjonen til folket.
Huff skriv (mi omsetjing):
«Ny forsking publisert i tidsskriftet Nature Reviews Drug Discovery avslører at mRNA (modRNA)-‘vaksinar’ er alt anna enn trygge – og dette kjem frå vitskapsfolk som jobbar i Moderna, ein av dei leiande mRNA-injeksjonsprodusentane i verda.
Modifisert messenger ribonuklei-teknologien som blir produsert av Moderna so vel som Pfizer for bruk i selskapa sine respektive mRNA-injeksjonar, blir levert inn i menneskekroppar ved bruk av relativt ny lipid-nanopartikkel (LNP)-teknologi. LNP-teknologi har framleis mange svakheiter, for å seie det mildt, som må fiksast dersom dei tilknytte vaksineprodukta nokosinne skal bli vurdert som å vere i nærleiken av trygge.
‘Ei stor utfordring no er korleis ein effektivt minkar den potensielle giftigheita assosiert med mRNA-teknologi,’ skreiv vitskapsfolka, og la til at giftigheitsrisikoane inkluderer ‘lipid-nanopartikkel-strukturelle komponentar, produksjonsmetodar, administrasjonsrute og protein produsert av komplekse mRNA-ar’.
Forfattarane Eric Jacquinet, Dimitrios Bitounis og Maximillian Rogers jobbar alle i Moderna, so dei ser giftigheitsprofilen til mRNA med eigne auge.
Enkelte av dei kjende biverknadene til mRNA-sprøytene som allereie vart sleppte laus gjennom Operasjon Warp Speed for Wuhan-koronaviruset (covid-19), inkluderer alvorleg allergisk sjokk og hjartebetennelse. Enkelte tilfelle av desse skadane kan involvere hypersensitivitet, men realiteten er at mesteparten av dei kjem frå den ibuande giftigheita til mRNA- og LNP-teknologi.
Studien forklarer at ‘kva som helst LNP-mRNA-komponent’ kan vere ansvarleg for dei assosierte skadane, men at dei fleste skadetilfella, etter forfattarane si meining, potentislet blir utløyste av PEG-ylerte lipid-nanopartiklar, som dei skildrar som ‘dei potensielt mest reaktogene komponentane’ i mRNA-sprøyter.
Som vi [Natural News] rapporterte tilbake i 2021, er PEG, òg kjent som polyetylen-glykol, høgst allergiframkallande. Tidleg i ‘pandemien’ vart covid-sprøytereaksjonar skulda på PEG, akkurat som dei i stor grad blir i denne nye studien, sjølv vi òg delte evidens som antyda at mRNA-teknologi kan vere i stand til å genetisk reprogrammere menneskekroppen, og potensielt gjere den til eit trans-menneske [i denne tydinga blanding av menneske og maskin; oms.an.].
Kva enn tilfellet kan vere, er mRNA giftig, og det er òg PEG-komponenten. Likevel forblir det vitskaplege samfunnet splitta rundt dei sanne årsakene til mRNA-giftigheit, sannsynlegvis fordi teknologien framleis er so ny at få har studert den grunding nok til å kome med handfaste, definitive konklusjonar.
Moderna-forskarane som samla den nye studien trekte sine eigne konklusjonar frå samlinga av tidlegare publiserte data om emnet, so vel som frå si eiga fyrstehands erfaring i sitt arbeid hjå ein mRNA-produsent. For å vere tydeleg: vitskapsfolka utførde ingen eigne eksperiment då dei samla studien. […]
Ein ting den nye studien peiker ut som vi òg rapporterte om, er det faktum at piggprotein og andre mRNA-komponentar blir verande i menneskevev og organ i månader, om ikkje lenger, trass at produsentar hevdar at injeksjonsinnhaldet går ut av kroppen nokre dagar etter injeksjonen. Kan det vere at denne lange tilstadeveringa er ein annan faktor når det gjeld giftigheita til mRNA?
Forbløffande nok seier Moderna-vitskapsfolka bak den nye artikkelen at selskapet deira sine mRNA-sprøyter er ‘trygge og effektive’ – fordi dei kan truleg bli oppsagt for å fortelje sanninga. Dette er trass det faktum at heile artikkelen deira avslører kor ekstremt giftig mRNA er, som dei skildrar som ‘komplisert’.
For å gjere mRNA tryggare ber vitskapsfolka no om ei fleirsidig tilnærming som inkluderer utføring av meir avansert laboratorietesting, gjere visse justeringar i forkant av kliniske forsøk, og utføre fleire dyreforsøk som betre tek inn i reknestykket ‘skilnader mellom fysiologien hjå menneske og dyr’.
Dr. Robert Malone, ein av oppfinnarane av mRNA, kritiserte den nye studien for å spele ned risikoen til teknologien. Han er òg skeptisk til den sanne intensjonen bak studien, og antydar at det kan vere del av det som er kjent som ein limited hangout, som er ein propaganda-teknikk som fortel ein del av sanninga medan den blir tåkelagt av feilinformasjon som hindrar oppdaginga av annan, viktigare informasjon.
‘Mi mest sjenerøse tolking av den generelle intensjonen bak artikkelen, er at denne artikkelen oppsummerer og representerer informasjon som gjeld risikoen og giftigheita til denne plattform-teknologien som Moderna ønskjer å avsløre på ein måte som set firmaet, deira aktivitetar og den underliggjande plattform-teknologien i best mogleg lys,’ sa dr. Malone.
‘Ei mindre sjenerøs tolking av intensjonen er at denne artikkelen representerer ei subtil form for propaganda-strategi vanlegvis referert til som ein limited hangout.’
Trass sjansen for at den er ein limited hangout, seier den nye studien framleis mykje om farane og den manglande effektiviteten til mRNA-injeksjonar, sjølv om forfattarane prøver å spele den ned ved å framleis hevde at dei er ‘trygge og effektive’.»
