Ethan Huff i Natural News rapporterer (mi omsetjing):
Det har endeleg blitt offentleggjort: transkripsjonen av journalist Tucker Carlson sitt nylege intervju med den russiske presidenten Vladimir Putin, videoen som [vart] publisert 9.februar [2024].
Til den store ergringa til det konsern-kontrollerte medieetablissementet, gav Carlson Putin sjansen til å fortelje alt, frå sitt perspektiv, om føremålet med Ukraina-invasjonen, so vel som å avsløre den stygge sanninga om USA si djupstatsinfiserte regjering.
Heilt i starten fortalde Putin Carlson at Russland ikkje er ein fiende av det amerikanske folket.
«Vi ønskjer ikkje krig,» forklarte Putin. «Vi er klare for fred. Leiarane dykkar søkjer konflikt. Det er ikkje det vi vil. Russland står for sitt eige folk. Vi vil ikkje ha det som ikkje er vårt.»
Putin fortalde òg Carlson at han er klar og viljug til å møte president Biden i Washington, D.C. for å diskutere teamet, men «storkaren» vil ikkje møte han. Biden-regimet er det fyrste, viser det seg, som ikkje inviterer Putin for ein prat.
«Vi er overbeviste om at det ikkje er han som styrer landet,» sa Putin om Biden. «Lat oss seie at vi har gode kjelder som bekreftar det, men det er openbert for alle å sjå med eigne auge. USA har no gått inn i ein mørk periode. Det har uansvarleg leiarskap.» […]
Putin gjorde det tydeleg over ein kvar tvil at Russland har inga interesse i å rigge amerikanske val slik det russisk-hatande amerikanske media lenge har påstått. Han sa derimot at tidlegare president Trump gjorde ein mykje betre jobb i å sikre USA sine grenser enn den noverande bebuaren i Det kvite huset.
Når det gjaldt Ukraina, fortalde Putin Carlson at landet som no blir kalla Ukraina historisk hyrde til Russland. Det er okkupert av russarar, og alt Putin prøver å gjere, er å kjempe for kva Russland er, medan han òg i Ukraina ryddar vekk dei korrupte finansielle elitane som no kontrollerer det.
«Der er sterke finansielle einingar som har interesse av at vi forblir motstandarar,» sa Putin om regimet til Volodymyr Zelensky. «Ein av presidentane dykkar åtvara mot det. Vi russarane har ikkje det problemet.»
Medan dei i Washington, D.C. «sanneleg ikkje er våre venner», heldt Putin fram, er det amerikanske folket generelt, på ein måte, allierte.
«Vi var allierte i Andre verdskrigen,» sa Putin om Russlands historiske forhold med USA. «Russarar hjelpte til med å busetje Alaska, California, og vi var på Hawaii òg. Vårt folk er ikkje fiendar.»
Biden sine dokkemeistrar hatar tydelegvis Russland, sjølv om Putin er usikker på om Biden i det heile teke veit kva som skjer over han.
«Han forstår kanskje ikkje nivået av sanksjonar som blir kasta mot Russland,» sa Putin om Biden. «Kven sette saman desse sanksjonane? Dei er våre motstandarar.»
Ein av dei største trugslane mot sumpmonstera i D.C. er Russland sin framgang rundt BRICS-alliansen, som trugar Federal Reserve Note, òg kjent som den amerikanske dollaren.
«Det er ein naturleg reaksjon mot den vestlege handelsblokka,» forklarte Putin om BRICS. «Når dollaren blir brukt som våpen mot statar, vil der kome eit naturleg alternativ til den. Det er det vi vil ha.»
«Kvar gong dollaren blir truga, set USA i verk ekstreme tiltak. Dei har ikkje råd til at dollaren feilar.»
Når det gjeld helsa, nekta Putin for stadige påstandar i vestlege media om at han er sjuk og blir svakare, og at han kanskje har kreft.
«Eg forsikrar Dykk om at dei rykta er falske,» sa Putin. «Dersom eg hadde kreft og vann over den, ville eg dele dei gode nyheitene og kuren med verda… Det går bra med meg. Med tanke på alderen min er helsa mi framrakande.»
Heile det over to timar lange intervjuet Tucker Carlson hadde med Vladimir Putin kan sjåast her. Den engelskspråklege transkripsjonen av intervjuet kan lesast her.
