Det er ei velkjent sak at personar med demenssjukdom ikkje er strafferettsleg ansvarlege fordi dei ikkje lenger har fungerande kognitive evner. Å straffe dei med til dømes fengsel vil difor vere både fåfengt og direkte vondskapsfullt – på grunn av sjukdommen skjøner dei jo ikkje sjølv at dei har gjort noko gale. I Noreg er dei beskytta av lovverket og (håper eg!), kunnig personale som har kompetanse innan arbeid med demente.
Det at demenssjukdom er formildande omstende for brotsverk, ser vi no utspele seg i USA. Den openbert kognitivt svekte Joe Biden kjem ikkje til å bli sikta for å ha oppbevart konfidensielle dokument i ein av sine private bustader i delstaten Delaware fordi han er ein «velmeinande, eldre mann med dårleg hukommelse». Dette rapporterer nettstaden The People’s Voice, og dei skriv (mi omsetjing):
«Medan den tidlegare presidenten Donald Trump sitt Mar-a-Lago-herskapshus vart raida av føderale styresmakter framfor ein skare av ventande hovudstraumsmedie-kamera, og står tiltalt for fleire tilfelle av feilhandtering av graderte dokument, har Biden sleppt unna fordi han tydelegvis er ‘velmeinande’.
‘Vi har òg vurdert at herr Biden, under rettssaka, sannsynlegvis kjem til å presentere seg føre ein jury, som han gjorde under intervjuet vårt av han, som ein sympatisk, velmeinande, eldre mann med dårleg hukommelse,’ sa spesialrådgjevar [Robert] Bur.
‘Basert på våre direkte interaksjonar med og observasjonar av han, vil han for mange jurymedlemmer falle innunder rimeleg tvil. Det vil bli vanskeleg å overtyde ein jury om at dei burde dømme han – han er då ein tidlegare president i 80-åra – for eit alvorleg brotsverk som krev at ein er mentalt handledyktig. [at ein veit kva ein driv med og dermed kan handle i vond tru; oms.komm.]’
Hur heldt fram: ‘Herr Biden sin hukommelse var betydeleg avgrensa, både under hans innspelte intervju med sin skuggeforfattar i 2017, og i hans intervju med vårt kontor i 2023. Og samarbeidet hans med etterforskinga vår, inkludert ved å rapportere til regjeringa at dei afghanske dokumenta var i garasjen hans i Delaware, vil sannsynlegvis overtyde nokre jurymedlemmer om at han gjorde ein ærleg feil, heller enn å opptre med forsett – altso med intensjon om å bryte lova – som statutten krev.’»
Donald Trump reagerer naturlegvis på denne openberre forskjellsbehandlinga. Kvifor skal Biden gå fri medan han sjølv er sikta og må møte i retten? Som han sjølv sa nyleg:
«Dette er no beviseleg eit tolagssystem av justis og grunnlovsstridig, selektiv straffeforfølging!»
Nettstaden skriv vidare:
«Trump samanlikna Biden si særbehandling med si eiga sak rundt graderte dokument, der han er tiltalt for å med forsett ha halde tilbake informasjon om nasjonalforsvar, falske ytringar og representasjonar, konspirasjon for å hindre utøving av justis, halde tilbake eit dokument eller eit opptak, korrupt skjule eit dokument, skjule eit dokument tilknytt ei føderal etterforsking, og planar om å skjule. Saka er ikkje venta å kome i retten før mai 2024, noko som potensielt kan skade presidentkampanjen hans.
‘Biden-dokumentsaka er 100 gonger annleis og meir alvorleg enn mi. Eg gjorde ingenting gale, og eg var langt meir samarbeidsviljug. Det Biden gjorde er hårreisande kriminelt – Han hadde 50 år med dokument, 50 gonger meir enn eg hadde, og ‘HELDT DEI TILBAKE MED FORSETT’. Eg var dekt av Presidential Records Act, Secret Service hang alltid rundt, og GSA leverte dokumenta. Forskrudde Jack Smith burde droppe denne saka med éin gong. VAL-FORSTYRRING.»
Alex Pfeiffer, kommunikasjonsdirektør i den politiske handlingskomiteen Make America Great Again Inc., som støttar Trumps presidentkampanje, konstaterer det latterleg openberre:
«Dersom du er for senil til å bli stilt for retten, er du òg for senil til å vere president. Joe Biden er uskikka til å leie denne nasjonen.»
