Henry Makow: Tucker og Putin unngjekk uhyre viktige tema

I ein artikkel publisert 8.februar 2024, like etter intervjuet Tucker Carlson hadde med Russlands president Vladimir Putin vart offentleggjort, uttrykkjer Henry Makow misnøye med at det han meiner er uhyre viktige tema ikkje vart nemnt, langt mindre drøfta. World Economic Forum (WEF) er ikkje omtala i det heile, endå det er særs tydeleg at dei prøver å øydeleggje den rådande verdsordenen og innføre ein totalitær, verdsomspennande overvakingsstat. Som han sjølv skriv (mi omsetjing):

«Generelt etablerer dette to timar lange intervjuet Putin som ein rasjonell og kulturell mann samanlikna med WEF-nikkedokkene som styrer Vesten. Han har blitt tildelt rolla som Kvit hatt i den komande verdskrigen slik at dei i Vesten ikkje kjem til å kjempe. Intervjuet inneheld ingen referansar til WEF, Klaws Swab [sic], plandemien, Agenda 2030, giftige vaksinar eller nedstengingar. Ingen referansar til det faktum at satanist-jødar styrer skuta i Washington og Kiev. Russland ser godt ut, men er del av eit narrespel designa for å rettferdiggjere Tredje verdskrig. Tucker stilte ingen av desse pressande spørsmåla, og spesielt…

Det mest sjokkerande med heile intervjuet: Ikkje eit ord om Gaza-Israel/USA-Iran-krigar.

Dersom dei ikkje hadde sett av halve intervjuet til Putin si beretning om historia mellom Russland og Ukraina, kunne dei ha diskutert desse særs viktige temaa. Som lesaren som sendte dette biletet av Carlson og Putin […] skreiv: ‘alt er eit teater for idiotar’.»

Nemnde montasje viser fire bilete av Tucker og Carlson, der Putin seier følgjande:

Bilete 1: «Israel og nykonservative står bak 11.september.»

Bilete 2: «mRNA-sprøyter er verken trygge eller effektive.»

Bilete 3: «Epstein tok ikkje livet av seg [underforstått: han vart myrda.]»

Bilete 4: «Michelle Obama har ein kuk

Makow skriv vidare:

«Kva spørsmål ønskjer de at Tucker hadde stilt Putin? Mitt er: Kva vil Russland sin respons vere på eit atomåtak på Iran gjort av Israel eller USA? Har Russland gjeve sine allierte nokon som helst garantiar når det gjeld dette?»

For dei som ønskjer å lese transkripsjonen av intervjuet, har mellom andre Substack-brukaren Edward Slavsquat laga ein. Den kan lesast her. Eit av momenta som Makow meiner er viktige følgjande sitat:

«[Putin seier] Og lat oss gå over til det faktum at etter 1991, då Russland forventa at dei ville bli velkomne i den broderlege familien av siviliserte nasjonar, skjedde ikkje noko slikt. De lurte oss. Eg meiner ikkje Dykk [Tucker] personleg når eg seier De. Naturlegvis snakkar eg om USA. Lovnaden var at NATO ikkje skulle utvide seg austover. Men det skjedde fem gonger.»

USA nekta altso Russland å bli medlem av NATO, og CIA var delaktige i å underminere den russiske regjeringa. Eit anna sitat frå Putin gjengjeve av Makow:

«Og vi laga hypersoniske system med interkontinental rekkjevidd, og vi held fram med å utvikle dei. Vi ligg no framfor alle, USA og dei andre landa når det gjeld utviklinga av hypersoniske åtakssystem. Og vi forbetrar dei for kvar dag som går. Men det var ikkje oss. Vi føreslo å gå den andre vegen, og vi vart dytta tilbake.»

Og:

«Dersom de verkeleg ønskjer å slutte med å slåst, må de slutte med forsyning av våpen. Det heile vil vere over innan nokre få veker. Det er det. Og so kan vi bli einige om nokre vilkår før de gjer de, altso stoppe.»

På spørsmål frå Tucker om Putin trur at NATO er bekymra over om dette skal bli ein global krig eller ein atomkonflikt, svarer Putin:

«I det minste er det det dei driv og snakkar om. Og dei prøver å intimidere si eiga befolkning med ein imaginær russisk trugsel. Dette er eit openbert faktum. Og tenkjande menneske, ikkje filisterar [trongsynte, sjølvgode personar; oms.an.], men tenkjande menneske, analytikarar, dei som er engasjerte i ekte politikk, berre smarte menneske, forstår utmerka at dette er ei forfalsking. Dei prøver å oppskalere den russiske trugselen.»

Tucker stiller spørsmål om Putin har bevis for at NATO eller CIA sprengde Nord Stream-leidningane. På det svarer Putin:

«Du, eg skal ikkje gå i detalj, men folk seier alltid i slike tilfelle: leit etter nokon som er interesserte. Men i dette tilfellet burde vi ikkje berre leite etter nokon som er interesserte, men òg etter nokon som har evner, fordi der kan vere mange som er interesserte, men ikkje alle av dei er i stand til å dukke til botnen av Austersjøen og utføre denne eksplosjonen. Desse to komponentane burde knytast saman. Kven er interesserte, og kven er i stand til å gjere det?»

Med andre ord: kven hadde interesse av at leidningane vart øydelagde, og kven var i stand til å utføre det? Då sit ein ikkje igjen med so altfor mange kandidatar å velje mellom.

Eit anna stykke informasjon i den samanhengen er at Putin ikkje skjøner kvifor Tyskland og Europa driv og øydelegg seg sjølve, i staden for å bruke russisk olje og gass som dei kunne ha fått gjennom andre røyrleidningar.

Sjølv trur eg intervjuet vil bli brukt til analyse i lang tid framover i alternative media, medan hovudstraumsmedia nok vil lese intervjuet som fanden les Bibelen. For éin gongs skuld får «den store, stygge ulven» (som vestlege media framstiller Putin som) rikeleg med høve til å forklare synet han har på kva som no skjer i verda. Ein får altso eit unikt innsyn i hovudet på mannen som av Vesten blir demonisert, men som kanskje blir ein av dei som reddar menneskeheita frå globalist-elitane.

Kommenter innlegget