Jens Stoltenberg åtvarar at ein krig mot Russland kan vare i fleire tiår

Jens Stoltenberg, generalsekretær i NATO, har sagt til medlemmene i blokka at dei so fort som mogleg må auke forsvarsproduksjonen i påvente av «ein konfrontasjon» med Russland «som kan vare i fleire tiår». Dette rapporterer The People’s Voice. Dei skriv (mi omsetjing):

Stoltenberg, som tidlegare ved gjentekne høve har åtvara at vestlege økonomiar er dårleg førebudde på ein slik konflikt, sa at NATO burde gjere seg klare for ein konfrontasjon med Russland so snart som mogleg.

RT [Russia Today] rapporterer: No når Ukraina sin motoffensiv har rent ut i sanden, og russiske styrkar er klare til å fange det viktige Donbass-punktet Avdeevka, har mediereportasjar i fleire veker sett søkjelyset på den stadig verre mangelen på menn og ammunisjon som Kiev står overfor. Blant åtvaringar om ‘ein eskalerande kollaps langs fronten’, sa Stoltenberg til den tyske avisa Die Welt at NATO-medlemmer må auke våpenproduksjonen for å møte krava til Ukraina.

‘Vi må gjenopprette og utvide vår industrielle base raskare, slik at vi kan auke forsyningar til Ukraina og fylle opp våre eigne lager. Dette tydar at vi går frå langsam produksjon i fredstid til rask produksjon, slik som er naudsynt i konfliktar,’ sa han.

NATO skreiv nyleg under på kontraktar til ein verdi av 1,2 milliardar dollar for å produsere rundt 220 000 155-milimeters artilleri-ammunisjon, noko som får summen blokka har brukt på ammunisjonsavtalar dei siste seks månadene opp i ti milliardar dollar. Derimot kjem ikkje dei nyaste kontraktane til å bli oppfylt før i slutten av 2025, og tidlegare ammunisjonsavtalar med Ukraina – slik som den millionen med artilleri-ammunisjon som vart lovt av EU – har ikkje blitt oppfylt. I mellomtida har amerikanske lager blitt tømde på grunn av Washington sitt forsøk på å væpne både Ukraina og Israel, og ein militærbistandspakke på 61 milliardar dollar som er blitt lovt av Det kvite huset ligg enno og blir behandla i Kongressen.

‘NATO er ikkje ute etter krig mot Russland. Men vi må førebu oss på ein konfrontasjon som kan vare i fleire tiår,’ sa Stoltenberg til Die Welt. ‘Dersom [Russlands president Vladimir] Putin vinn i Ukraina, er der ingen garanti for at russisk aggresjon ikkje vil spreie seg til andre land.’

Stoltenberg er ein av fleire vestlege politiske og militære leiarar som spår eit mogleg russisk åtak på blokka. Den danske forsvarsministeren Troels Lund Poulsen, den svenske generalen Micael Biden [truleg ikkje i slekt med president Biden!; oms.komm.], den estiske statsministeren Kaja Kallas, og den britiske forsvarsministeren Grant Shapps har alle sagt dei siste vekene at ein slik konflikt kan bryte ut i løpet av sopass kort tid som tre år.

Bortsett frå det faktum at det å gå til åtak på NATO-territorium kan kaste Russland inn i krig mot heile alliansen, har russiske tenestepersonar gjentekne gonger understreka at Russland har ingen geopolitiske, økonomiske eller militære interesser i verken Polen eller dei baltiske statane.

‘Det kjem absolutt ikkje på tale,’ fortalde Putin den amerikanske journalisten Tucker Carlson i førre veke. ‘Du treng ikkje vere noka form for analytikar, det er i strid med sunn fornuft å involvere seg i ein global krig. Og ein global krig vil føre heile menneskeheita på randa av øydelegging. Det er openbert.’

Putin argumenterte at vestlege leiarar ‘prøver å intimidere si eiga befolkning med ein imaginær russisk trugsel’. Desse spådommane, sa han, ‘er berre grøssarhistorier for mannen i gata for å kunne utpresse meir pengar frå amerikanske og europeiske skattebetalarar’ slik at våpen og ammunisjon kan halde fram med å flyte over til Ukraina.»

Kommenter innlegget