Legar krev at Biden tek demenstest: «Her er det noko som ikkje stemmer»

I helsesektoren er det vanleg at ein tek demenstest på ein person dersom ein mistenkjer at der føreligg kognitiv svikt. Dette er ein del av utreiinga for å avdekkje denne snikande hjernesjukdommen, og som regel er det alderspsykiatriske organ som arrangerer slikt. Ofte er ikkje personen sjølv klar over at han eller ho har demens, sjølv om dei kanskje har ei viss aning om at noko ikkje stemmer. Som regel er det pårørande som tek kontakt med helsetenesta og ber om ei utreiing av sine kjære. Det er mange måtar å teste grada av kognitiv svikt, ein av dei er den sokalla «klokketesten» der personen skal teikne eit bestemt klokkeslett (til dømes 14:30), slik det ville ha sett ut på ei vanleg urskive.

Om legeteamet til Biden har tenkt å utføre nettopp klokketesten på han, er uvisst. Faktum er derimot at fleire og fleire no skrik ut om dei openberre symptoma på kognitiv svikt hjå mannen som utruleg nok er president i USA. Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice skriv 10.februar 2024 (mi omsetjing):

«Etter at ein rapport frå spesialrådgjevar Robert Hur avslørte at president Biden ikkje kan hugse grunnleggjande fakta frå sitt eige liv og karriere, har legar byrja å oppmode at 81-årigen tek ein mentalkompetanse-test.

Hur-rapporten, som vart offentleggjort torsdag [8.februar 2024], vurderte Biden som for senil for å kunne straffeforfølgjast på grunn av at han ulovleg oppbevarte graderte dokument. Det stod òg å lese at øvst-kommanderande leiar [presidenten] ‘ikkje hugsa når han var visepresident’ og ‘ikkje hugsa, sjølv innan ein margin på fleire år, når sonen hans Beau døydde’, dette på bakgrunn av to dagar med intervju i oktober.

‘Her er det noko som ikkje stemmer, og sjølv om det er lite, må det forklarast til folket,’ sa dr. Stuart Fischer, ein primæromsorgslege ved ein sjukeheim i New York-bydelen Bronx, til New York Post. Han la til: ‘Hesten er ute av låven. Ikkje berre har (Biden) ei eller anna grad av svikt, men han har utsett det å produsere objektiv evidens.’

InfoWars rapporterer: Dr. Fischer la til at ‘ingen trur på’ Biden sine påstandar om at hans ‘hukommelse er fin’, og refererer til den 81-årige illegitime presidenten sin påstand torsdag kveld etter ein improvisert pressekonferanse.

Etter torsdagens rapport sa Dr. Fischer at Biden viser ‘teikn på symptom’ som kan indikere ‘smittsam sjukdom eller fatigue’, og tilrår at Biden held ein ‘mild arbeidsplan… fordi dess hardare han pressar seg sjølv, dess vanskelegare er det for den 81 år gamle kroppen å respondere.’

Den tidlegare Kvite hus-legen og noverande kongressmann Ronny Jackson (republikanar for delstaten Texas) sa òg til New York Post at Biden kanskje lid av demens, Parkinson eller Alzheimer, og oppmoda til at han tek ei rekkje kognitive testar dersom han blir nominert til presidentkandidat for Demokratane.

‘Han treng ikkje ein [kognitiv] screening-test,’ sa Jackson til New York Post. ‘Han treng eit faktisk kognitivt verktøysett av testar, objektivt utført, dokumentert på papir, og formidla til det amerikanske folket av legen hans.’

Jackson heldt fram: ‘Eg set ikkje ein diagnose her. Og eg seier ikkje at fyren har Alzheimer eller multiinfarkt-demens [betre kjent som vaskulær demens på norsk; oms.komm.], eller noko anna… Denne fyren har kognitive problem relatert til alderen: Han subbar med beina når han går, han har slørete diksjon, han gløymer kor han er, kva han driv med, han kan ikkje hugse namn, han kan ikkje hugse datoar – det er ikkje nokon som burde ha kontroll over atomvåpen-kodane i dette landet og kontrollere lagnaden vår i utlandet.’

Den tidlegare Trump-legen, som ein gong sa at den 45.presidenten og noverande presidentkandidaten for Republikanarane, hadde ‘utmerka’ helse, gjentok trua si på at Biden var mentalt uskikka til å styre landet.

‘Eg har sagt det sidan han var kandidat Joe Biden: Denne mannen har ikkje den kognitive evna til å vere vårt statsoverhovud,’ slo Jackson fast.

‘Dersom du er for inkompetent eller for kognitivt svekt på grunn av alderen til å forsvare deg sjølv mot desse tiltalane – dersom han då blir tiltalt – so er det absolutt sjølvsagt at du ikkje burde vere øvst-kommanderande,’ la Jackson til.

(Sjå òg «Dersom Biden har demens, er han ein trugsel mot den nasjonale tryggleiken», publisert 9.februar 2024, og «Biden oppbevarte konfidensielle dokument i sin eigen garasje i Delaware, men er for senil til å bli stilt for retten», publisert 11.februar 2024.)

Nevrokirurgen dr. Ben Carson, som tente som bustads- og byutviklingsminister under Trump, har òg uttrykt langvarige bekymringar når det gjeld Biden sitt openberre kognitive forfall.

‘Som nokon som veit litt av kvart om menneskehjernen, har Joe Biden sitt mentale forfall etter mi vurdering vore openbert i fleire år,’ sa dr. Carson til New York Post. ‘Gårsdagens rapport [Hur-rapporten frå 8.februar; oms.an.], pressekonferansen i går kveld, og den noverande tilstanden til nasjonen beviser òg det poenget. Den sørlege grensa vår er under beleiring, der går føre seg to store globale konfliktar, og rettssystemet vårt har blitt om til eit våpen for presidenten sin kampanje. Amerikanarar burde stille seg spørsmålet om kven som eigentleg styrer landet.’

New York Post la til: ‘Carson har tidlegare sagt at han trur Biden viser teikn på demens, med tanke på presidenten sin aggressive veremåte, openberre forvirring og talevanskar.’

[…]

I rapporten som vart offentleggjort torsdag som formidlar resultata til spesialrådgjevar Hur si etterforsking rundt Biden si ulovlege oppbevaring av graderte dokument i garasjen sin i sin private residens i Delaware, skreiv Hur at Biden sin hukommelse hadde ‘alvorlege avgrensingar’, og karakteriserer han som ‘ein eldre mann med dårleg hukommelse’.

Biden adresserte påstandane under ein spontan pressekonferanse torsdag kveld, men gjorde berre alt verre då han forveksla Egypt med Mexico.»

Kommenter innlegget