Sjå òg «WEF-vitskapsfolk lagar no kreftresistente hjernar av aborterte babyar», publisert 12.januar 2024.
Nettstaden Sputnik Globe rapporterer at forskarar ved eit større russisk forskingssenter i Sibir har gjort eit gjennombrot innan genetikk, noko som vil gje innsikt i sambandet mellom den menneskelege genetiske koden og kognitiv utvikling. Dei skriv (mi omsetjing):
«Vitskapsfolk frå Institutt for cytologi og genetikk (Russlands føderale forskingssenter) – del av den sibirske greina av Det russiske akademi for vitskapar (SB RAS), basert i Novosibirsk, har produsert kunstige ‘mini-hjernar’ i eit laboratorium.
Desse laboratoriedyrka ‘mini-hjernane’ vil mogleggjere vidare studiar om måten ulike genetiske trekk påverkar våre kognitive funksjonar.
Russiske biologar seier at dei greidde å skape tredimensjonale cerebrale småorgan – òg referert til som ‘hjerne-organoid’ – som har strukturell likskap med menneskevev. 3D-modellane vil hjelpe med å forske på korleis skade på eller det å slå av spesifikke koderegionar, ein del av eit gens DNA, speler ei rolle når det gjeld menneskeleg intelligens.
Dei involverte i genom-studia trur at genene sine menneskelege akselererte regionar (HAR-element) har stor påverknadskraft på utviklinga av mennesketale og kompleks tankeverksemd.
Novosibirsk-baserte forskarar er ute etter å studere korleis mutasjonar i CNTN6-genet påverkar utviklingsforstyrringar, inkludert psykisk utviklingshemming.
Dei fyrste resultata har vist at det å gjerne HAR-elementa i vårt genom får alvorlege konsekvensar for funksjonen til ‘mini-hjernane’.
Eit team av vitskapsfolk leia av Tatiana Schneider, har intensjon om å studere vidare under eit forskingsstipend. Vidare utforsking av emnet vil gje betre innsikt i måten ymse patologiar blir danna på, og måtar ein kan hindre dei.»
