Medan Putin-intervjuet går sin sigersgang rundt om i verda, og statsleiarar og andre maktpersonar avviser dette som russisk propaganda eller prøver å ignorere det, publiserer NRK ei sak om vektløftaren Tine (19), som står fram og innrømmer at ho tissar på seg under trening. Tisse-Tine, som eg frå no av kallar ho, er i noregstoppen i vektløfting, og fortel til statskanalen at ho det ein gong kom ein søt, liten jenteskvett i trusa då ho løfta vekter:
«Midt i eit maksløft skulle eg ta imot vektstonga etter vending. Då kjende eg berre at ‘oi, no tissa eg på meg’.»
Det er elles ei kjent sak at mange jenter får orgasme under trening, spesielt yoga-øvingar. Tenk litt på den neste gong du ser 30 jenter som ligg på matter på golvet og stønner, skrevar og vrir på seg.
Heldigvis for Tisse-Tine vart ikkje uhellet eit tilbakevendande problem, men «ny forsking viser at ho er langt frå åleine». NRK skriv:
«Kristina L. Skaug ved Noregs idrettshøgskole (NIH) har forska på nettopp dette blant idrettsutøvarar på nasjonalt toppnivå.
Der svarte fleire at dei har hatt urinlekkasje ein eller fleire gonger under trening:
- Halvparten av kvinnelege vekt- og styrkeløftarar
- Halvparten av kvinnelege cheerleaderar
- 7 av 10 kvinnelege apparatturnarar
- 8 av 10 kvinnelege troppsgymnastar.
‘Mange tenkjer nok at inkontinens er noko som rammar eldre kvinner eller dei som har fødd barn, seier Skaug.
Men berre eit fåtal av deltakarane i studiane hennar har ungar. Dei yngste er ikkje meir enn 12 år gamle.
‘At det er idretten i seg sjølv som gjev desse lekkasjane, trur eg mange synest er overraskande.’»
Å pisse seg ut under trening er naturlegvis tabubelagt sidan det er so inni helvete flaut. Av same grunn er det heller ikkje mange jenter som er viljuge til å fortelje at dei får orgasme under trening. Dei vil kanskje innrømme det til venninner under eit festleg lag, for so å angre bittert når dei bruker det mot ho ved eit seinare høve.
Medan jenter med vit i hovudet (for det finst slike jenter òg!) gjerne ikkje vil ha ei løysing på at det går for dei under trening, er det nok mange som vil ha ei løysing på at trusene er våte etter trening av andre grunnar enn fittesaft. Skaug tilrår sokalla knipeøvingar, der ein spesifikt trener bekkenbotn-muskulaturen. Desse øvingane kan begge kjønn gjere. Her kjem oppskrifta:
- Ligg på rygg, eller stå. Du skal kjenne kva musklar du strammar.
- Knip saman musklane rundt endetarmen og skjeden. I menn sitt tilfelle, endetarmsmuskelen og den muskelen du bruker når du stoppar urinstrålen.
- Hald i to sekund og ta pause i to sekund.
- Gjenta 3 sett med 8 til 12 repetisjonar i kvart sett.
Om du ikkje oppnår betring etter dagleg trening i fire til seks månader, ta kontakt med fastlegen eller fysioterapeut. Eg lurer på kor mange som faktisk kjem til å gjere det.
Knipeøvingar har òg vore eit gjennomgangstema på ymse sjukheimar eg har jobba på opp gjennom åra. Der er fleirtalet unge jenter og halvgamle, hormonelle kjerringar, og knipeøvingar er like framtredande i arbeidsmiljøet som intrigar, konfliktar og dolkestøyt i ryggen. Typisk heng det ein lapp på doveggen med skrifta «Vi har vel ikkje gløymt knipeøvingane våre, har vi vel?» Slapp muskulatur i underlivet vil ikkje berre gje elendig sex, det vil òg føre til betydelege inkontinens-problem i livets haust.
Dersom jenter er engstelege for å pisse i trusa under hard trening, kan eit lite innlegg eller bind ta imot den søte jenteskvetten. Dei kan òg bruke bind dersom dei er ekstremt, ekstremt kåte og ligg der med multi-orgasmar og klynkar.
Eit heilt anna og langt meir alvorleg problem er folk som faktisk drit seg ut medan dei løftar vekter. Somme kastar òg opp. Her vil løysinga vere å rett og slett unngå å ete so forbanna mykje før trening. I sjeldne tilfelle går det faktisk an å bruke hovudet, tenkje sjølv og gjere eigne undersøkingar.
Og kanskje ikkje få NRK til å lage ei sak om deg.
