Den ulovlege kidnappinga og forfølginga av Reiner Füllmich

Sjå òg «Rettssaka mot Reiner Füllmich byrja 31.januar», publisert 1.februar 2024.

Greg Reese i InfoWars rapporterer 13.februar 2024 (mi omsetjing):

«Det ser ut som om den tyske advokaten Reiner Füllmich, som oppdaga covid-brotsverka mot menneskeheita so tidleg som 2020, har blitt lurt inn i ei felle. Füllmich høyrde til fortroppen i eit prosjekt kjent som «Nürnberg 2.0», og var medgrunnleggjar av Korona-etterforskingskomiteen. Komiteen hans konsulterte rundt 150 vitskapsfolk og ekspertar rundt om i verda, i tillegg til tidlegare tilsette i Verdas helseorganisasjon, og funna deira viste dei at covid-tiltaka var dei fyrste stega i ein plan om å øydeleggje regional økonomi for å gjere befolkninga avhengig av globale forsyningskjeder, og hadde som intensjon å redusere folketalet og installere ei verdsregjering under FN.

Koronakomiteen mottok mange donasjonar som dei vurderte ikkje var trygge på grunn av den nylege historia om bankkontoar som vart sperra av medskuldige regjeringar. Ein million euro i gull vart kjøpt og lagt i oppbevaring. For å finansiere aksjonar inngjekk både Reiner Füllmich og Viviane Fishcer sikra lån. Lånet til Reiner var på 700 000 euro og var meint å betalast tilbake med inntekter frå sal av huset hans. Alt var dokumentert og avtala av komiteen.

Medlemmer av Koronakomiteen møtte eit advokatfirma i august 2022, og leverte inn kriminelle tiltalar mot Füllmich. Komitémedlemmene Justus Hoffmann, Marcel Templin og Antonia Fischer hevda at Füllmich underslo 700 000 euro, lånet som han offisielt inngjekk. Dei påstod at han var ein valdeleg antisemitt og at dersom han fekk høvet til å kome med tilsvar før kriminaletterforskinga byrja, kom dei ikkje til å levere inn tiltale.

To rettsordrar for hans arrestasjon vart sendt ut, frå Tyskland og EU, utan at Reiner visste om det. Utan ein internasjonal arrestordre utførde tyske og meksikanske styresmakter ei ulovleg bortføring av Füllmich på den tyske ambassaden i Mexico. Han vart deretter sendt på fly til Frankfurt lufthamn der han vart arrestert og fengsla. Internasjonale jusekspertar kallar arrestasjonen hans ei ulovleg kidnapping.

Ifølgje dokumenterte firmaplanar skulle lånet til Füllmich betalast tilbake etter salet av eigedommen hans. Men dei same folka som leverte inn tiltale mot Füllmich saboterte denne avtalen. Kontraktane fastslo at inntekta av salet til eigedommen til Füllmich skulle overførast til kontoen til Füllmich slik at han kunne betale tilbake lånet. Men notarius, som har avlagt eid på at han skal vere nøytral og uavhengig, instruerte kjøparane til å overføre dei 1 158 000 euroane inn på kontoen til Marcel Templin. Noko som gjorde det umogleg for Reiner å betale tilbake lånet.

Låna vart openlyst avtala i skriftlege kontraktar. Der var ingen hemmeleghald og selskapet visste om låna til ei kvar tid. Beviset som provar dette har blitt offisielt sendt til domstolen, som har valt å ignorere det og har lagt munnkorg på forsvaret og gjeve dei ordre om å ikkje nemne det.

Beviset viser at Hoffmann, Templin og notarius ulovleg skaffa seg tilgang til inntekta frå salet av eigedommen til Füllmich. Og domstolen sit ikkje berre og ignorerer dette bevismaterialet, dei har kalla inn desse same folka som vitne mot Füllmich.

I klagen står det: ‘Füllmich gjorde seg òg til gjenstand for straffeforfølging for underslag ved å kjøpe gullbarrane utan samtykket til aksjonærane, dekte over deira eksistens og oppbevarte dei hjå seg sjølv.’ Men kjøpet av gullbarrane er òg dokumentert. Dei er i oppbevaring og kan berre skaffast tilgang til med signaturane til både Reiner Füllmich og Viviane Fischer. Dette står å lese i firmadokument som aldri vart gjevne til den offentlege påtalestyresmakta. Men dei har blitt levert inn av forsvaret, og blir altso ignorert av domstolen.

Medan domstolen fraus kontoane til Füllmich, fraus dei derimot ikkje dei 1 158 000 euroane på kontoen til Marcel Templin. Dei er nok der framleis, og ser ut til å vere eit vederlag for dette interne kuppet.

Rettssaka går i skrivande stund føre seg i Göttingen, Tyskland, og fornærma sine klønete skuldingar byrjar å falle frå kvarandre. Ein journalist til stade i rettssaka sa: ‘Saka vart fullstendig øydelagt, og ein kunne berre sitje der forbløffa.’ Ein journalist frå BittelTV sa: ‘Reiner vil ikkje berre bli sleppt fri, men òg få erstatning. Folka som gjorde dette mot han burde etter mi meining sjølv bli tiltala.’

Det byrjar å sjå ut som om rettferd omsider vil finne stad.»

Kommenter innlegget