Stadig fleire har teke det kloke og livreddande valet å ikkje ta fleire dosar av mRNA-injeksjonane fordi all statistikk viser at dei forårsakar betydelege skadar og død hjå menneske. Skepsisen mot slike sprøyter er dermed vitskapleg og statistisk grunngjeve. Problemet blir berre når visse aktørar vil overføre denne forståelege skepsisen til òg å gjelde ekte vaksinar. Vaksinemotstandarar har i alle år blitt hengde ut for å vere egoistiske, uansvarlege og dauve for fornuft – slike fanst lenge før covid og «vaksinane». Dette handlar om profitt, for dei største vaksineprodusentane tener billionar på at folk lydig lèt seg injisere med kva enn som blir «hastegodkjent» av godkjenningsorgan. Til dømes har forsking og vitskaplege artiklar i mange år peikt på ein samanheng mellom vaksinar og autisme, men dette blir bryskt avfeia som «feilinformasjon» og «konspirasjonsteoriar».
Det er nettopp slik «feilinformasjon» som har ført til det som blir kalla «vaksinenøling»: At somme gjer eigne undersøkingar i truverdige og autoritative kjelder og difor vel å ikkje ta vaksinar. Det er dette som blir kalla informert samtykke; i slike tilfelle samtykkjer dei til å ikkje ta vaksine. Dette meiner etablissementet er uheldig, for då vil dei tene mindre pengar på dei mange vaksinane dei pumpar ut frå digre fabrikkar til ei kvar tid. Dermed blir fakta om til dømes biverknader i strid med deira økonomiske interesser, og spreiing av slik informasjon må difor stoppast for ein kvar pris.
Tidsskriftet British Medical Journal (BMJ), gjeve ut av British Medical Association, krev no fleire «åtferdsinngrep» på nettet, inkludert på sosiale media, slik at ein kan «redusere vaksinenøling som er forårsaka av feilinformasjon på sosiale media». BMJ ønskjer at Big Tech-plattformer løftar fram det som redaktørane og kontrollørane ser på som «påliteleg helseinformasjon», medan synlegheita til alle andre blir redusert («shadow-banned») eller sensurert. Dette rapporterer Ethan Huff i Natural News. Han skriv vidare (mi omsetjing):
«BMJ vil òg ha meir ‘pro-handling’ på sosialmedieplattformer ‘når det gjeld å handtere spreiinga av feilinformasjon’.
I ein artikkel som BMJ publiserte om temaet, definerer forfattarane fyrst korleis dei føler sosiale media påverkar vaksinasjonskampanjar. Dei hevdar at ingenting godt kjem ut av ein offentleg diskurs på nettet om vaksinar, og berre fører til ‘feilinformasjon’.
Artikkelen slår so ned ideen om at genuine tryggleiksbekymringar nokosinne kan vere grunnen til at vaksinasjonsprosenten for til dømes Wuhan-koronavirus (covid-19)-‘vaksinar’ er lågare enn den rådande makta ønskjer, og skuldar i staden på ‘nøling’ forårsaka av ‘feilinformasjon’.
(Relatert: Ei BMJ-etterforsking frå i fjor avdekte at det statleg styrte Vaccine Adverse Event Reporting System [VAERS] ikkje fungerer, delvis fordi det amerikanske Centers for Disease Control and Prevention [CDC] har mislykkast i å følgje passande vedlikehaldsstandardar.)
BMJ skuldar på falsk påstand om ‘tilbakevending av meslingar’ som grunn for vaksine-‘feilinformasjon’
Det handlar ikkje so mykje om at folket generelt med rette har aversjon mot vaksinar på grunn av farane og den manglande effektiviteten ved dei. BMJ insisterer at alle vaksinar er trygge og effektive, og at dei einaste som avviser dei er dei som lét seg lure av ei eller anna form for ‘feilinformasjon’ på nettet som utløyste ‘nøle’-kjensler.
BMJ går til og med so langt at dei gjev ‘vaksinenøling’ skulda for at ‘meslingar vender tilbake’, ei linje som vi har høyrt i årevis kvar gong vaksinasjonsprosenten blant folk byrjar å dale.
Sjølv lenge før Wuhan-koronavirus (covid-19) var ei greie, dreiv den rådande makta og publiserte medieartiklar og tidsskriftrapportar som påstod at meslingar er ‘på veg tilbake’ fordi altfor mange foreldre nektar å injisere barna sine med farlege vaksineinjeksjonar slik som MMR (meslingar, kusma og raude hundar [på engelsk measles, mumps and rubella]).
Verdas helseorganisasjon (WHO) er einige i alt dette, og dei har nyleg formidla eit ‘dekret’ til verda om at sokalla vaksinenøling no er ‘blant dei største trugslane mot globalhelsa’.
Nemnde BMJ-artikkel er ikkje spesifikk berre for covid-sprøyter, sjølv om desse blir spesifikt nemnde seinare i innhaldet. Den generelle bekymringa er at folk avviser alle vaksinar, noko som representerer ein alvorleg trugsel mot Big Pharma og profitørane som håvar inn millionar eller til og med milliardar frå vaksinesal.
Dersom folk flest i overveldande grad avviser vaksinar som farlege og ineffektive, kjem desse profitørane til å sjå mjølkekua deira gå tom på flekken. Ein vil òg sjå langt færre vaksineskadar, noko som tydar mindre profitt frå salet av farmasøytiske legemiddel som ‘behandlar’ vaksineskadar.
Løysinga på alt dette, ifølgje BMJ, inkluderer ‘obligatorisk vaksinasjon og regulering for helseprofesjonelle, incentiv, kampanjar for folkehelseinformasjon, og det å engasjere pålitelege leiarar’.
‘Andre inngrepstypar inkluderer det å åtvare (‘inokulere’) folk om manipulasjonstaktikkar ved å bruke ikkje-skadeleg eksponering som eit verktøy for å identifisere feilinformasjon, og bruke nøyaktigheitsordrar [engelsk accuracy prompts; eit dataomgrep] for å motivere folk til å vurdere sanningsgehalten til materiale dei er i ferd med å dele på sosialmedieplattformer, utan å stoppe dei frå å leggje det ut,’ skriv forfattarane vidare.
Alt i alt vil BMJ at fleire ‘reprogrammerings’-kampanjar skal lanserast som lokkar eller trugar det ikkje-lydige folket til lydigheit med vaksinetilrådingar eller påbod – med andre ord tvinga vaksinasjon gjennom bedrag og tvang.»
