CDC-leiar vil ha tilbake munnbindpåbod for SMÅBARN trass risiko for hjerneskade!

CDC-leiar Mandy Cohen vil ha tilbake munnbindpåbod for småbarn, trass det faktum at munnbind har blitt vitskapleg bevist å forårsake kognitiv skade på barn. Dette melder The People’s Voice. Dei skriv (mi omsetjing):

«I fjor vart Cohen spurt av Kongressen om ho planlegg å gjeninnføre munnbindpåbod for småbarn eller ikkje. Heller enn å svare direkte på spørsmålet, antyda Cohen at ho kom til å prøve.

NewsTarget rapporterer: ‘Vi har mange ulike verktøy for å beskytte barna våre,’ sa Cohen illevarslande.

Berre seks dagar seinare publiserte tidsskriftet British Medical Journal (BMJ) ein studie som slo fast utvitydig at ‘munnbindpåbod for barn er ikkje støtta av vitskapleg evidens’.

Med andre ord, dersom Cohen vel å prøve nok ein runde med tvinga maskering av USA på eit tidspunkt i framtida, vil ho handle openlyst i strid med den nyaste vitskapen kring temaet, som kjem frå eit av dei mest respekterte og anerkjende vitskaplege tidsskrifta i verda.

‘Fordi fordelar med bruk av munnbind mot covid-19 ikkje har blitt identifisert, burde det bli anerkjent at munnbindtilråding for barn ikkje blir støtta av vitskapleg evidens,’ forklarer studien.

CDC kjempar innbyrdes om munnbind

CDC-sjefar som Cohen er notoriske for å kjempe mot sine eigne vitskapsfolk når det gjeld temaet munnbindpåbod. So nyleg som siste veke erklærte ho faktisk krig mot CDC-forskarar som våga å erklære at N95-masker fungerte betre enn kirurgiske masker for å stoppe ‘dropesmitte’ og andre potensielle infeksjonskjelder.

Dette er eit viktig tema fordi pro-munnbind-gjengen i audmjuking over at deira eige narrativ har kollapsa, har gått over til å påstå at N95-masker må gjerast påbodne under den neste iscenesette ‘pandemien’ fordi dei visstnok fungerer betre enn kirurgiske masker i å stoppe covid.

CDC sin eigen vitskap motseier dette, men fordi mange rett og slett lyttar til ‘nyheitene’ i staden for å gjere eigne undersøkingar om temaet, vil det truleg bli tilfelle at N95-ar blir løfta fram som den neste ‘løysinga’ på sjukdommen.

‘Under ein presentasjon i fjor sommar sa ein CDC-ekspert at der var ingen skilnad mellom N95 og munnbind i å stoppe virus,’ forklarer Disinformation Chronicle.

‘Desse funna har blitt støtta av CDC-vitskapsfolk i ein studie som CDC publiserte på nettsida til byrået i november i fjor – berre nokre veker før direktør Cohen vitna føre Kongressen.’

CDC publiserte òg ein studie tidleg i ‘pandemien’ i mai 2020 – og i byrået sitt eige offisielle tidsskrift Emerging Infectious Diseases, faktisk – der dei avslørte at vitskapsfolk i byrået ikkje var i stand til å finne ein ‘vesentleg effekt’ for munnbind når det gjeld å stoppe overføringa av sokalla luftvegs-‘virus’.

Denne studien stoppa derimot ikkje leiarar i CDC frå å rotte seg saman for å tvinge folk til å maskere seg for sin eigen ‘beskyttelse’. Faktisk lanserte CDC ein kampanje på nettsida si der dei oppmoda folk til å gå med N95-masker i staden for kirurgiske masker for å halde seg sjølv ‘trygge’ frå ‘viruset’.

Med lita skrift på nettsida si innrømte CDC at der ikkje er nokon faktisk vitskap som støttar denne tilrådinga. Dette vart vidare innrømt i ein studie som CDC publiserte i 2019 i tidsskriftet Journal of the American Medical Association (JAMA), der det stod at ‘ingen betydeleg skilnad’ var blitt identifisert mellom N95 og dei berykta blå munnbinda når det gjaldt å ‘stoppe spreiinga’.

‘På noverande tidspunkt ser dei ut som fjols,’ skreiv ein lesar i kommentarfeltet på nemnde artikkel i Disinformation Chronicle om CDC. ‘Eg reknar med at dei kalkulerer med at fleirtalet ikkje følgjer med.’»

Kommenter innlegget