Det kan sjå ut som at ikkje-vestlege innvandrarar er sopass lite økonomisk berekraftige for EU-land at dei må tvingast til å ta imot dei. Frå sentralt hald i EU vil medlemslanda i næraste framtid få instruks om å ta imot innvandrarar, eller betale ei bot på heile 25 000 euro – 283 300 kroner – for kvar innvandrar dei ikkje tek imot. Utifrå dei reelle kostnadene til ikkje-integrerbare innvandrarar, både privat og samfunnsmessig, kan ein spekulere i om det faktisk lønner seg på sikt for EU-land å heller betale bøter enn å busetje innvandrarane. RemixNews rapporterer (mi omsetjing):
«Den nye EU-pakta om migrasjon og asyl, som ein forventar vil overfløyme Europa med so mange som 75 millionar nye migrantar, vart godkjent onsdag [14.februar 2024] av Europa-parlamentet sin LIBE-komité.
Ein av nøkkelprovisjonane i migrantpakta er at den inneheld eit migrant-distribusjonssystem som har vist seg å vere ineffektivt sidan 2015, sa Róbert Gönczi, ein analytikar med det ungarske migrantforskingsinstituttet, til avisa Magyar Nemzet.
Ei rekkje europeiske konservative, slik som den ungarske statsministeren Viktor Orbán, har åtvara mot migrantpakta, og seier den vil tvinge land som Ungarn til å ta imot migrantar eller bli gjenstand for alvorleg økonomisk avstraffing.
‘Det neste spørsmålet blir kor mange dei vil tvinge på oss. No sit dei og avgjer det. So dei skaper reglar som gjev Brüssel rett til å seie kor mange migrantar dei skal distribuere,’ kritiserte Orbán i fjor. ‘So, fleire land har indikert at dei ikkje seier seg einige. Vi ønskjer ikkje å innføre det. Til sjuande og sist står vi overfor eit særs ubehageleg vendepunkt her.’
Marine Le Pen, leiaren i den parlamentære fløya i Nasjonalt Rally, spådde tidlegare at migrasjonspakta kom til å hente 75 millionar migrantar inn i EU.
‘Det er ein organisert plan for overstrøyming av Europa og nasjonane som utgjer det,’ sa Le Pen. ‘Det er ei ekte pakt med djevelen som vil føre til Europa sitt sjølvmord,’ erklærte ho under ein pressekonferanse i partiet hennar sitt hovudkvarter i Nanterre i 2020.
Migrasjonspakta fastslår at medlemsstatar kan velje mellom å ta imot asylsøkjarar, eller betale ei bot på opptil 25 000 euro per migrant. EU påstår ofte at mangfald er styrken til kontinentet og at stadige bølgjer av migrantar er eit økonomisk gode. Basert på denne logikken sa Ungarns Orbán at vestlege europeiske nasjonar burde hive seg rundt og ta imot fleire innvandrarar, ikkje distribuere dei til land som Ungarn. Og likevel hevdar blokka at medlemsstatar som ikkje aksepterer migrantar må betale ei bot for å hjelpe til med å subsidiere kostnaden til desse migrantane.
Den nye migrasjonspakta har fire hovudpunkt, der eit av dei er det som kan føre til verkeleg store endringar i Ungarn, sa Gönczi som respons på eit spørsmål frå avisa får [ReMix News].
‘Dette er omstruktureringa eller til og med avskaffinga av Dublin-systemet og etableringa av eit nytt solidaritetssystem, der dei nøyaktige grensene enno ikkje har blitt bekrefta,’ sa han.
‘Dette kan sjå omtrent ut som at kvar stat avgjer for seg sjølv korleis dei vil bidra til handteringa av migrasjon på EU-nivå. Derimot ligg der eit urovekkjande element i dette, sidan det antakelegvis vil inkludere distribueringa av migrantar innanfor grensene til EU,’ påpeikte analytikaren.
Róbert Gönczi sa at det sokalla kvote-migrantsystemet har vore i den europeiske politiske diskursen sidan 2015, men at det ikkje ser ut til å vere den mest effektive løysinga, legg han vekt på. Innanfor Schengen-området er det vanskeleg å kontrollere kven som reiser kor.
Analytikaren viste til ein studie av Institutt for migrasjonsforsking som eit døme, som viste at dei tre baltiske statane tidlegare hadde akseptert kvote-migrantar, men at 90% av dei forsvann frå dei tre landa innan eit år og seinare dukka opp i Sverige, Tyskland og andre vestlege europeiske statar.
‘Redistribueringssystemet kan òg skape intern EU-flyt frå landa der desse migrantane har blitt plasserte, til landa der som dei eigentleg ønskjer å forlate, sidan destinasjonslanda typisk ikkje har endra seg,’ la han vekt på. Derimot vil det no bli naudsynt for andre EU-land å ønskje desse migrantane velkomne, flyktningar og asylsøkjarar, la han til. Det eigentlege problemet er at handhevinga av EU sine eksterne grenser kjem til å bli mindre, eller ikkje finne stad i det heile, som er det som eigentleg trengst.
‘I tillegg vil det største effekten av pakta vere å gjere om på beskyttelsen av eksterne grenser, men detaljane til dette forblir utydelege,’ sa forskaren.»
