I ei tid med eksepsjonelt mykje feilinformasjon, desinformasjon og propaganda, hevdar fleire amerikanske medieformidlarar at Moskva ønskjer å sende atomvåpen i bane rundt Jorda, i dette tilfellet eit «anti-satellitt-system». Talsmann i Kreml, Dmitry Peskov, avviser dette som eit knep frå Det kvite huset for å overtyde amerikanske lovgjevarar om å godkjenne endå meir militær bistand til Ukraina. Dette rapporterer RT (Russia Today), og dei skriv (mi omsetjing):
«Fleire amerikanske medieformidlarar, som viser til anonyme kjelder, rapporterte denne veka at amerikansk etterretning har fått tak i informasjon om det som skal vere russiske planar om å skyte opp eit atom-anti-satellitt-system i bane rundt Jorda, sjølv om ideen visstnok framleis er i utviklingsstadiet. ABC News hevda at medan systemet ikkje vil bli brukt til å gå til åtak på mål på sjølve Jorda, vurderer amerikanske tenestepersonar det likevel som ‘særs bekymringsfullt og særs sensitivt’.
I eit svar på torsdag [15.februar 2024] antyda Peskov at administrasjonen til den amerikanske presidenten Joe Biden bruker temaet til å tvinge gjennom ei avstemming for å godkjenne ukrainsk bistand. Moskva kjem derimot til å vente og sjå kva som kjem i neste omgang frå eit komande Kvite hus-møte om emnet, la Peskov til.
‘Det er tydeleg at Det kvite huset prøver, anten med list eller pisk, å drive Kongressen til å stemme for eit lovforslag som godkjenner midlar [til Ukraina]. Vi får sjå kva for slags knep Det kvite huset bruker,’ sa han.
Atomvåpen er forbode under Romtraktaten, som vart opna for signering av USA, Sovjetunionen og Storbritannia i 1967, sidan Moskva og Washington på den tida prøvde å lette spenningane under Den kalde krigen. Meir enn 100 land har sidan slutta seg til traktaten.
Mike Turner, ein republikansk kongressmann som sit som leiar i House Intelligence Committee [«Huset sin etterretningskomité»], påstod onsdag at han hadde delt informasjon ‘som gjaldt ein alvorleg trugsel for den nasjonale tryggleiken’ med amerikanske lovgjevarar, medan han oppmoda Biden til å av-gradere det relevante materialet [altso gjere det tilgjengeleg for komiteen].
Rådgjevar for nasjonaltryggleik Jake Sullivan skal etter planen informere kongressleiarane om tryggleiksemne torsdag. Då han vart spurt om han kom til å adressere bekymringane til Turner, valde han å ikkje svare, og sa at han var ‘overraska’ over ytringa, med tanke på det komande møtet om temaet.
Kommentarane hans kom etter at New York Times antyda, gjennom å vise til kjelder, at Turner – som dei skildra som administrasjonen sin allierte når det gjeld Ukraina-bistand – hadde pressa atomproblemet inn i rampelyset, for ‘å kanskje skape press’ på lovgjevarar for å godkjenne 60 milliardar dollar i ekstramidlar til Kiev.
Biden-administrasjonen har drive og oppmoda Kongressen til å godkjenne meir bistand for Ukraina sidan i fjor haust. Deira innsats har blitt møtt med opposisjon frå republikanarar, som har kravd at Det kvite huset gjer meir for å godkjenne tryggleik ved den sørlege amerikanske grensa i byte mot dette.»
