Frankrike har gjort det forbode å kritisere mRNA-behandling

Onsdag 14.februar vart ei høgst kontroversiell lov pressa gjennom Nasjonalforsamlinga i Frankrike, ei lov som potensielt kan kriminalisere kritikk av mRNA-behandling. Denne drakoniske lova vart vedteken so godt som utan debatt. Alle som fråråder bruken av terapeutisk eller profylaktisk (førebyggjande) behandling, inkludert mRNA-genterapi, kan bli dømt til opptil tre års fengsel og ei bot på svimlande 45 000 euro (509 000 kroner). Dette skriv Sonia Elijah på sin Substack.

Ho presenterer eit skjermbilete av det som skal vere ei engelskspråkleg utgåve lova, i dette tilfellet lovutkastet frå 15.november 2023. Lova har som mål å «styrke kampen» mot det som i teksten blir kalla sectarian excesses. Sectarian, ‘sekterisk’, har med sekt å gjere, innforstått eit trongsynt, dogmatisk verdssyn. Excess er å få for mykje av noko. Det kan dermed sjå ut som lova har som mål å råke eit alternativt verdssyn som er i strid med moderne medisin, og her tenkjer eg til dømes på foreldre som ikkje vil late ungane sine ta del i barnevaksinasjonsprogrammet, slik som til dømes tilhengjarar av Rudolf Steiner (antroposofisk verdssyn). Den eigentlege baktanken er openbert å forby kritikk av mRNA-«vaksinar», som eliten har tenkt å pumpe ut i hopetal i næraste framtid.

Elijah skriv (mi omsetjing):

«Lovforslaget vart fyrst lagt fram i 2022 som følgje av ein rapport frå (Miviludes) Den interministerielle misjon for årvakenheit og kamp mot sekterisk misbruk. Det er det at ein har gått hen og konstruert og lagt til ei fornærmande handling for å kunne straffe ‘provokasjon til å utføre omsorgsforsømming eller manglande behandling’ som har skapt slik kraftig kontrovers. [ei ganske so fri omsetjing av ei heller kronglete formulering; oms.komm.].

Logikken som visstnok ligg bak dette tiltaket frå den franske regjeringa, er at dei håper det vil hjelpe til med å sikte og dømme pseudo-terapeutar og beskytte offer for sektmisbruk.

Tkp, ein [tyskspråkleg] blogg for vitskap og politikk, rapporterte om denne bomba av ei nyheit, med eit spesifikt fokus på Artikkel 4 i den nye lova. Det står å lese i rapporten: ‘Det var eit hardt omstridd tema, men Macron-regimet fekk til slutt viljen sin. Artikkel 4 er sentral i den nye lova, som fyrst vart sletta, men deretter gjeninnsett. Dette skaper ei ny straffbar handling og kriminaliserer ‘ønsktet om å stoppe eller velje vekk terapeutisk eller profylaktisk medisinsk behandling’ so vel som ‘ønsket om å bruke behandlingsmetodar som er presentert som terapeutiske eller profylaktiske’. [utheving er i originalteksten; oms.komm.] Dette tydar at kvar ein motstand mot mRNA-behandling (og andre konsern-medisinske metodar) kan bli kriminaliserte i framtida.’»

Med frasen «konsern-medisinsk» siktar nok artikkelforfattaren tilmoderne skulemedisin, som i sin tur stammar frå allopati (at ein behandla sjukdom med midlar som framkallar symptom som er dei motsette av dei til sjukdommen; til dømes lakserande middel mot forstopping). Takka vere moderne moralsk og etisk forderving forårsaka av grådigheit, inneber skulemedisin no at alle sjukdommar skal behandlast med dyre, patentbeskytta legemiddel frå Big Pharma. Sett litt på spissen kan det i teorien skje at fastlegar kjem i vanskar med visse mektige organ om han eller ho til dømes tilrår sunt kosthald og fysisk aktivitet for å behandle diabetes type 2, der Big Pharma helst vil at legen skal ordinere Metformin eller insulin til pasienten. Ei haldning til at legemiddel «kurerer» sjukdommar ser ein gjerne hjå unge, relativt nyutdanna legar som er i etableringsfasen og som difor ikkje vågar å leggje seg ut med mektige farmasøytiske organisasjonar og deira lobbyistar.

Elijah skriv vidare:

«Fyrst mislykkast den franske regjeringa i å vedta denne nye lova, men etter ein serie nøye utførde omformuleringar vart den vedteken med 151 mot 73 stemmer, omtrent utan debatt.

Den franske parlamentære korrespondansen rapporterte: ‘Brigitte Liso har difor lagt fram eit tillegg til å gjeninnsetje – og omformulere – Artikkel 4. Sjølv om rapportøren la vekt på at brotsverket ikkje er fullbyrda ‘dersom ein legg fram bevis for at personen har gjeve fritt og informert samtykkje’, gjorde ho det òg klart at den nye ordlyden introduserer ein ekstra dimensjon i konteksten rundt varslarvernet.’ […]

På same dag som den nye lova vart trumfa gjennom den franske nasjonalforsamlinga, gjekk kritikarar ut på sosiale media og uttrykte bekymring, slik som biologen Annelise Bocquet.

Den politiske filosofen David Thunder skreiv: ‘So trist å sjå at undertrykkinga av medisinsk dissens under det som kritikarar kallar ‘Pfizer-artikkelen’ har blitt vedteke av det franske parlamentet. Dette er anti-vitskapleg og dyttar Frankrike enno nærare totalitarisme. Sjølv franske Conseil d’Etat [statleg, rådgjevande organ for regjeringa vedr. utkast til nye lover; oms.komm.] fordømte lova som eit ikkje rettferdiggjort, ikkje proporsjonalt åtak på fridommen til å uttrykkje vitskaplege og medisinske meiningar.’ […]

Berre som ein påminnar var det regjeringa til Emmanuel Macron som innførde det medisinske apartheid-systemet med vaksinepass sommaren 2021, som tvinga alle som ville gå på kino, handle eller ete på restaurant til å vise bevis på covid-19-vaksinasjonsstatus eller ein nyleg negativ test.

Det var òg Macron som sette sinna i kok då han sa i eit intervju med Le Parisien: ‘For meg handlar det ikkje om å gjere det franske folket forbanna… Men når det gjeld uvaksinerte, ønskjer eg verkeleg å gjere dei forbanna. Og vi vil gjere dette heilt til siste slutt. Dette er strategien.

Strategien vil derimot i framtida, når ein ny pandemi blir erklært, ha gått frå å gjere uvaksinerte ‘forbanna’ til å potensielt fengsle dei.»

Kommenter innlegget