Milliardær og gründer Elon Musk hevdar at han er under ‘nådelaust åtak’ fordi han tillèt ytringsfridom på si sosialmedieplattform X. Det at han kjøpte opp det som tidlegare vart kalla Twitter har ifølgje han sjølv gjort han til ei skyteskive for statar og andre tilhengjarar av sensur. Dette rapporterer RT (Russia Today). Dei skriv vidare (mi omsetjing):
«‘Folket forstår framleis ikkje so mykje som ein tøddel av makta som det sensur-statsindustrielle komplekset har,’ sa Musk sist fredag i eit innlegg på X. ‘Som eg spådde, kom eg sjølv og selskapa mine under nådelause åtak frå den augneblinken eg fjerna sensuren på denne plattforma. Kor langt kjem dei til å gå for å stoppe meg?’
Den amerikanske milliardæren kom med kommentarane som ein respons på eit innlegg av podcast-verten David Sacks, som åtvara at ‘regime-Demokratar’ jobbar kvar dag for å underminere amerikanarane sin rett til ytringsfridom og til å ikkje bli politisk forfølgde. Musk var òg einig i ei antyding om at hans politiske fiendar ‘berre driv og varmar opp’ etter at dei vann ei rettssak i Delaware i slutten av førre månad, der Musk fekk ugyldiggjort sin 56 milliardar dollar-kompensasjonspakke i Tesla.
Musk, som er leiar i fleire andre selskap, har tidlegare hevda at han står i ‘temmeleg betydeleg’ fare for å bli drepen. Faren hans, Errol Musk, sa i eit intervju i september i fjor at han frykta at sonen vil bli offer for eit attentat av ei ‘skuggeregjering’ på grunn av den sterke påverknadskrafta han har.
Elon Musk er med ei formue på over 200 milliardar dollar ein av dei rikaste mennene i USA. Han har blitt pepra med ein bråte juridiske åtak og negativ mediedekning sidan han kjøpte Twitter for 44 milliardar i oktober 2022 og sa han ville gjere slutt på sensuren på plattforma. Boikott frå annonsørar gjorde eit innhogg i fortenesta til X, og president Biden sin administrasjon saksøkte Musk sitt SpaceX-selskap for påstått diskriminering mot flyktningar under deira tilsetjingsprosessar.
Biden reagerte på overtakinga av Twitter ved å føreslå at Musk burde bli etterforska av den føderale regjeringa. På spørsmål om Musk var ein risiko for rikets tryggleik, sa presidenten til journalistane: ‘Eg meiner at Elon Musk sitt samarbeid og/eller tekniske forhold med andre land er verdt ein nærare titt.’
Under sin tidlegare leiarskap var Twitter blant sosialmedieplattformene som hjelpte Biden med å vinne presidentvalet i 2020 ved å sensurere ei bombe av ein rapport om påstått påverknadsforsøk i Ukraina og Kina av Biden-familien. Republikanske lovgjevarar har skulda FBI for å samarbeide med leiarar i Twitter om å undertrykkje rapporten.
Musk offentleggjorde òg interne Twitter-dokument som avslørte statleg involvering i sensuren av ytringar når det gjaldt covid-19-pandemien. ‘Takk Gud for Elon Musk for at han lét oss vise oss sjølve og verda at Twitter i grunnen var ei grein av FBI, der dei sensurerte ekte medisinske stemmer med ekte ekspertise som sette ekte amerikanske liv i fare fordi dei ikkje fekk den informasjonen,’ sa den amerikanske representanten Nancy Mace i fjor.»
