Då Tucker Carlson nyleg var i Moskva for å intervjue Vladimir Putin, nytta den amerikanske journalisten like godt høvet til å handle på ein daglegvarebutikk der borte. Dei handla ei veke med matvarer, eller ei heil vogn med varer, noko som ville ha kosta minst 400 dollar i USA – over 4000 norske kroner. I Russland kom prisen på det som tilsvarer like under 104 dollar, eller 1090 kroner. At eit land som visstnok skal knekkast med tunge sanksjonar ligg på berre ein fjerdedel av prisnivået i USA, fell nok mange tungt for brystet. Carlson sjølv vart positivt sjokkert, eller «radikalisert», som hans eigne ord om opplevinga var.
Dette melder Natural News. Dei skriv vidare (mi omsetjing):
«Opptak frå handleturen hans vart offentleggjort på hans abonnementsplattform, men brukarar har delt utdrag rundt om på sosiale media. Ein kan sjå han gå rundt i butikken, plukke opp ymse produkt slik som ei flaske vin, ostepop, brød og ein sekk med mjøl. Han trekkjer òg merksemd til vestlege sjokoladeplater ved kassa.
I videoen seier han: ‘Dersom du tek folk sin levestandard og dreg den gjennom skit og kriminalitet og inflasjon, og dei bokstavleg tala ikkje kan kjøpe dei varene dei vil ha – på det punktet speler det kanskje mindre rolle kva du seier eller om du er ein god eller dårleg person.’
Sanksjonar mot Russland har fått prisane til å gå opp i USA, men dei påverkar dei som innførde sanksjonane meir enn målet deira. I Biden sitt USA slit folk med mangel på basisvarer slik som egg og morsmjølkerstatning i somme område, medan den ekstreme inflasjonen og dei aukande prisane på matvarer som storfekjøt og mjølk har gjort dei utilgjengelege for enkelte.
‘Ein øydelegg liva til folk og landet deira, og det er det våre leiarar har gjort mot oss. Og når du kjem til ein russisk daglegvarebutikk, ‘vondskapens hjarte’, og ser kva ting kostar og korleis folk lever, kjem det til å radikalisere deg mot våre leiarar. Det er i grunnen slik eg føler meg – radikalisert.’
Mange kritikarar har derimot peikt på at der er stor skilnad mellom russiske og amerikanske lønningar. Russiske arbeidarar tener rundt fire til seks gonger mindre enn amerikanarar, so dei har ikkje den kjøpekrafta amerikanarar har når dei besøkjer Russland og andre land med lågare lønnsnivå.
På den andre sida illustrerer denne handleturen skilnaden mellom det vi høyrer om livet i Russland, og korleis det verkeleg er der. Sjølv om vi ofte blir fortalt at hyllene er tomme der, viste han at det ikkje var tilfelle – i det minste ikkje i den butikken han sjølv stakk innom.
På levekostnadsfronten er det òg verdt å merkje seg at russarar har gratis helsetenester og utdanning, og at prisane på vanlege ting slik som straum og gass er mykje lågare. […]
Berre nokre dagar før handletur-videoen, dukka Tucker opp på ein konferanse i Dubai, der han sa at han ser på Moskva som overlegen til amerikanske byar på mange måtar.
‘Det er so mykje finare enn nokon annan by i landet mitt. Eg hadde inga aning. Det er so mykje reinare, og tryggare, og finare, estetisk sett – arkitekturen, maten, sørvisen – enn i nokon annan by i USA. Og dette er ikkje ideologisk. Korleis skjedde det?’ spurde han.
Han besøkte òg ein T-banestasjon i Moskva og sa at han vart ‘sjokkert’ over kor fint det var der, trass at stasjonen vart bygt for 70 år sidan.
‘Der er ingen graffiti, ingen skit, ingen fæle lukter, ingen uteliggjarar eller rusavhengige eller valdtektsmenn eller folk som ventar på å skubbe deg ned på T-banesporet og drepe deg,’ rapporterte han på eit opptak som vart delt på X.
Han spurde korleis det kan ha seg at Russland har finare T-banestasjonar enn nokon ting ein finn i USA, og når ein samanliknar biletmaterialet han delte frå Moskva-stasjonen med New York-T-banen og den til andre amerikanske byar, må ein innrømme at han har eit poeng. Moskva er sanneleg ein finare by som er i klasse med Europa sine finaste, sjølv om byar ute i periferien er ei heilt anna historie.
Mange på sosiale media tek Tucker i skule for at han ikkje erkjenner at varer tek ein stor del av lønningane til dei fleste russarar. Derimot er poenget Tucker ser ut til å prøve å kome med, at hovudstraumsmedia i USA ofte forvrengjer bileta dei presenterer av andre stader, og der ligg typisk ein agenda bak kvifor dei gjer det.
Tucker har drive og rapportert frå Russland etter hans banebrytande intervju med den russiske presidenten Vladimir Putin.»
