I Tempe i den amerikanske delstaten Arizona har eit nabolag fått namnet Culdesac, som er det franske ordet for «blindveg» eller «blindgate», og er det fyrste dømet på ein sokalla 15-minuttsby i USA. Dette er World Economic Forum og resten av globalist-kulten sin store våte draum, og offisielt heiter det seg at slike byar er meir miljøvennlege. Innbyggjarane er fanga ikkje berre på ein blindveg som dei ikkje kjem seg vekk frå, dei blir overvaka og kontrollert som om dei var kyr i ein moderne fjøs. Dei sjølve ser derimot ut til å vere begeistra over denne nye måten å leve på, men veit dei i det heile teke kva slags dystopisk mareritt som ventar dei?
Patricia Harrity skriv mellom anna om denne byen i ein artikkel på The Exposé, som Saksyndig her presenterer eit omsett utdrag frå:
«Ein 15-minuttsby er ein SMART-by i eit urbant miljø med overvaking overalt og datainnhaustingsteknologiar som vil overvake og registrere sjølv dei mest intime, personlege detaljar om kvar person som bur der.
Globalist-målet er å samle data frå kvart individ og få greie på:
- Kva dei et og drikk
- Kvar dei reiser
- Kva dei kjøper
- Kven dei møter
- Kva dei tenkjer og føler
- Meiningane og vanane deira
- Helsa og vaksinasjonsstatusen deira, og so bortetter.
Med andre ord, kvar minste detalj, og som den ofte siterte Yuval Noah Harari har sagt: dei som eig dei dataa vil kjenne deg betre enn du kjenner deg sjølv. Likevel har denne altomfattande overvakinga blitt rettferdiggjort, i og med at vi blir fortalt at den vil vere essensiell for framtida til planeten, og redde den frå ‘klimaendring’.
Dei garanterer òg at den vil gjere livet ditt meir samankopla, tryggare og sunnare, og det ser ut til at innbyggjarane i Culdesac har kjøpt ideen.
Ein reportasje frå 12 News promoterte samfunnet som eit som hjelpte til med berekraft, som inkluderer at innbyggjarane gjev avkall på sine eigne køyretøy sidan Culdesac blir det fyrste samfunnet i nasjonen som er designa rundt eit bilfritt liv – men i staden for å vere ulykkelege på grunn av det, viste reportasjen ein tilsett i Culdesac som såg ut til å vere opprømt over ideen om den alternative transportmetoden som blir tilbydd i nabolaget, sidan drivstoff-køyretøy er forbodne i området.
Den tilsette sa til 12 News: ‘Innbyggjarar kan eige ein bil so lenge den ikkje står parkert i området. Kan de førestille dykk det å bu på toppen av butikken din?’ spurde den tilsette nyheitsformidlaren.
‘Kva er det som er so bra med å bu på toppen av ein daglegvarebutikk?’ spurde The People’s Voice, som seier at ‘utviklinga naturlegvis vil bli brukt til å pushe liknande Agenda 2030-nabolag i heile USA.’
Ein meir nyleg reportasje frå NBC News promoterte det bilfrie samfunnet til eit nasjonalt publikum, og snakka med medgrunnleggjar av Culdesac, Ryan Johnson, som hevda: ‘Kvar generasjon, inkludert 90% av Generasjon Z, ønskjer gjerne å betale meir for å bu i eit gangavstands-nabolag.’
Veit dei kva deira ‘gangavstands-nabolag’ eigentleg handlar om? Medan dei kanskje trur det er som ei scene henta frå ein 1950-taltsfilm med kvite gjerde og alt, er det på sitt verste meir lik Black Mirror-episoden ‘Nosedive’.»
Black Mirror er ein britisk science fiction/thriller-serie som handlar om dei mørke sidene av moderne teknologi, og konsekvensane som kan oppstå om vi lèt den gå for langt. Enkelte av episodane er av ein særs uhyggjeleg og urovekkjande natur. Episoden ‘Nosedive’ – eit uttrykk som bokstavleg tala tydar å tryne slik at ein slår nasen, i overført tyding å stupe til dømes i popularitet – handlar om eit samfunn i næraste framtid der ein i praksis har eit sosialkreditt-system basert på populariteten ein har på sosiale media. Hamnar ein under ein viss poengsum, blir ein utstøytt av samfunnet og til og med arrestert. Det er eit slikt samfunn globalist-eliten ønskjer å innføre, og som må stoppast for ein kvar pris.
